Ord i Tåkeheimen på Polarmuseet

Polarmuseet opnar i morgon utstillinga "Ord i Tåkeheimen", om Fram-ekspedisjonen (1893-1896) til Fridtjof Nansen og bøker som kom i kjølvatnet av den. Utstillinga er basert på doktorgradsavhandlinga til Silje Solheim Karlsen.

Portrettbilde av Berg, Sigrun Høgetveit
Berg, Sigrun Høgetveit sigrun.hogetveit.berg@uit.no Professor i eldre historie
Publisert: 27.06.12 00:00 Oppdatert: 11.10.22 14:34
Arktis Historie

Lena Aarekol (t.v.) ved Polarmuseet og Silje Solheim Karlsen gler seg til å opne utstillinga "Ord i Tåkeheimen". Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Solheim Karlsen disputerte tidlegare i år på avhandlinga Triumf, lojalitet, avstand. Fridtjof Nansens Fram-ekspedisjon (1893-1896) - og bøker i dens kjølvann og får no boltre seg med ei heil utstilling som presenterer forskinga hennar.

- Det er kjempeartig! Og det er ei stor utfordring å samanfatte avhandlinga i få tema - og skrive korte, presise tekstar, smiler ho. 

Fire tema

Utstillinga er delt opp i fire tema; helten, det erotiske Arktis, i Nansens spor og litteraturen av og om.

- Me har mellom anna med god hjelp frå Universitetsbiblioteket fått tak i ein del av dei bøkene som mannskapet på Fram hadde med seg på turen. Og her er Nansen sine eigne bøker og nyare bøker om ekspedisjonen - både sakprosa og skjønnlitteratur, seier Solheim Karlsen.

- Det som truleg er nytt for mange, er kor mykje skjønnlitteratur som har dikta inn denne ferda. Og det erotiske er vel kanskje særleg overraskande, seier Solheim Karlsen.

Det erotiske i det polare er eitt av temaa i utstillinga - her med ein høveleg illustrasjon.

Fersk forsking

Solheim Karlsen er første kvinne ut i serien med "fersk forsking" dagleg leiar Lena Aarekol på Polarmuseet, Tromsø museum Universitetsmuseet ønskjer å presentere for publikum.

- Me ville gjerne oppdatere Polarmuseet med meir fagleg innhald, og i staden for å byte ut våre eigne utstillingar, eller berre basere oss på tilsendte vandreutstillingar, ønskte me å laga våre eigne. 

- Og sidan nye doktorgradar ofte får liten merksemd, sjølv om det er mykje god og spennande forsking i dei, tenkte me at det var eit fint utgangspunkt for oss, seier Aarekol 

- Me skal presentere ulike fagområde. Innhaldet treng ikkje vera polart, men ramma er det nordlege.

Stort sommarpublikum

Ideen vart fødd i vår, og utstillinga er laga på rekordtid. Aarekol skryt av utstillingsdesignar Ola Reibo som ho har hatt med på laget - som mellom anna har kome med den talande tittelen på utstillinga, "Ord i Tåkeheimen".

Lena Aarekol, forskingsteknikar Willy Sørensen og Silje Solheim Karlsen gjer dei siste justeringane på utstillinga.

- Og me var heldige med Silje. Då eg ringde - rundt påsketider - svarte ho sporty ja med ein gong. Me har berre hatt tida og vegen, men gler oss no veldig til å vise utstillinga til det store sommarpublikummet vårt.

- Alle tekstane er også på engelsk og ein del formidlar nok eit noko anna bilete av Nansen enn det som elles kjem til syne her på museet. Det skal bli spennande å sjå korleis utstillinga blir motteken, avslutttar Aarekol.

Les også: Mykje av Nansen-biletet skapt gjennom litteraturen

Berg, Sigrun Høgetveit sigrun.hogetveit.berg@uit.no Professor i eldre historie
Publisert: 27.06.12 00:00 Oppdatert: 11.10.22 14:34
Arktis Historie
Vi anbefaler