Lisbeth Pettersen Wærp." /> Lisbeth Pettersen Wærp." />

Sterk Ibsen-satsing i Tromsø

I løpet av våren blir det lyst ut tre ph.d.-stipend knytt til Henrik Ibsen ved Universitetet i Tromsø. - Det er ei forskingtssatsing som vekkjer nasjonal og internasjonal oppsikt, seier professor i litteratur, Lisbeth Pettersen Wærp.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 25.04.12 00:00 Oppdatert: 06.07.12 14:47

Narve Fulsås og Lisbeth P. Wærp gler seg til å ta imot tre nye Ibsen-stipendiatar. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Saman med historieprofessor Narve Fulsås er ho ansvarleg for det som må kunne kallast ein Ibsen-vår i Tromsø.

Satsinga har kome til som resultat dels av universitetets eiga prioritering av nye stipendiat-stillingar og dels av prosjektet "Norges litterære stormaktsperiode", som er finansiert gjennom det såkalla Fellesløftet.  

Ibsen i bok- og lesehistorie

Dei tre stipenda blir lyste ut samla, og spenner vidt tematisk. Det første har tittelen "Det moderne gjennombrotet i lese- og bokhistorisk perspektiv". Fulsås utdjupar:

- På 1870- og -80-talet opnar det seg plutseleg og uventa ein betydeleg skandinavisk bokmarknad, der Ibsen sin litteratur er heilt sentral. Kor kjem dette frå, og kven er desse lesarane?

Ibsen og det nordlege

- Det neste er "Ibsen og det nordlege". Det blir utlyst som eit litteraturstipend, men har og klare berøringspunkt med historiske problemstillingar, seier Fulsås.

- Fleire av figurane med “mystiske” kvalitetar hjå Ibsen Ibsen er nordfrå - Rebekka West i Rosmersholm og den fremmede i Fruen fra havet, mellom anna.

- Det er interessante koplingar hos Ibsen mellom nord og det norrøne, det mystiske og det demoniske. Stundom er det nordlege positivt, stundom negativt. I En folkefiende framstiller Dr. Stockman nordlendingar aldeles skrekkeleg - rett og slett som dyr, seier Pettersen Wærp. 

Ibsen og film

Det er forska lite på Ibsen og film. Foto: D.G. Nyblin, 1894. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Det siste prosjektet skal dreie seg om Ibsen og film - eit tema det er forska forbausande lite på, i følgje Pettersen Wærp.

- Det kan vera ulike innfallsvinklar å ta tak i.

- Ibsen sin måte å laga plot har vore inspirerande for mange, mellom andre Woody Allen - og Haisommer baserte Steven Spielberg på eit romanmanus som var basert på En folkefiende, fortel ho.

- Ibsens barnebarn, Tancred Ibsen, er ein av våre mest produktive filmskaparar og den siste filmen han laga, var Vildanden (1963). Svenske Victor Sjöström si stumfilmatisetring av Terje Vigen frå 1916 gav nordisk film svært høg status.

- Og ikkje minst er det spennande å sjå korleis andre kulturar tolkar Ibsen på film.

Global Ibsen-forsking på konferanse i juni

- Ibsen-forskinga er eit felt som faktisk dekkjer heile verda - han er den einaste norske forfattaren som har eit globalt forskingsnedslag. Asia er eit stort Ibsen-kontinent, fortel Fulsås.

- Og Afrika kjem, seier Pettersen Wærp, som fortel at det har gått føre seg ei stor modernisering av Ibsen-forskinga dei siste 20 åra.

Noko som mellom anna blir å syne seg på den 13. internasjonale Ibsen-konferansen som skal gå av stabelen i Tromsø i juni. 170 deltakarar er venta.

- Dit kjem mellom andre forfattaren Nuruddin Farah frå Somalia og professorane Sun Jian frå Fudan-universitetet i Shanghai og Martin Puchner frå Harvard. Det blir to plenumspanel - om å omsetja Ibsen og om estetisk innovasjon og sosial kritikk, sett gjennom teater- og filmskaparar sitt arbeid med Et dukkehjem. Og til saman om lag 150 ulike paper frå deltakarane, seier Pettersen Wærp.

- Og søknadsfristen til stipenda våre er etter konferansen, så der skal det annonserast, lovar ho, som håpar på mange og internasjonale, men først og fremst gode, søkjarar.

Narve Fulsås og Lisbeth P. Wærp ser etter Ibsen-favorittane sine. Ho: Når vi døde vågner. Han: Henrik Ibsens regnskabsbog, Dresden 1870.

Forskingsmiljø

For i tillegg til eigen Ibsen-kompetanse, kan Wærp og Fulsås tilby dei nye stipendiatane spennande forskingsmiljø i Tromsø. Dei har etablert ei Ibsen-forskingsgruppe, og dei ser for seg fruktbart samarbeid også i og innanfor andre grupper, som Arktiske diskurser og Narrating the High North.

- I tillegg vil me sjølvsagt samarbeide med Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Det er Tromsø og Oslo som kjem til å ha dei tyngste Ibsen-miljøa framover, avsluttar dei.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 25.04.12 00:00 Oppdatert: 06.07.12 14:47
Vi anbefaler