Universitetet i Tromsø med revitaliserande kurs i kildinsamisk

Ei av Universitetet i Tromsø sine nordområdesatsingar er urfolksspråk. Det resulterer mellom anna i kurs i kildinsamisk grammatikk - i Lovozero.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.04.12 00:00 Oppdatert: 17.04.12 21:37

Elisabeth Scheller er stipendiat på Institutt for språkvitskap og ein av omlag 700 i verda som kan kildinsamisk. No arrangerer ho kurs for alle dei som vil lære meir. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Kildinsamisk er det største av dei kolasamiske språka, men likevel eit bittelite språk som treng aktiv hjelp for å revitaliserast. Det har omkring 700 brukarar på ulike nivå, og av desse er det omlag 100 som aktivt brukar språket - det vil seia, dei kan føre samtaler om meir enn ver og vind.

Men ikkje meir enn ei handfull menneske skriv og publiserer tekstar på kildinsamisk.

Difor blir det 30. april til 4. mai kurs i Lovozero, i regi av Universitetet i Tromsø, prosjektet "Skoltesamisk kultur over grenser" ved Østsamisk museum i Neiden og den statlege yrkesskulen i Lovozero.

- Frå det kildinsamiske språksamfunnet er det eit stort ønske om og behov for meir kunnskap om det grammatiske systemet i kildinsamisk, og kurset er ope for alle. Ein treng ikkje forkunnskapar for å vera med, men det er ein fordel. Hovudmålgruppa er lærarar og alle dei som kan språket, men som vil lære å skrive det, fortel Elisabeth Scheller, stipendiat på Institutt for språkvitskap.

Ho har arbeidd med kildinsamisk i fleire år og skriv no på ei avhandling om samane sin språksituasjon i Russland generelt og mogelegheitene for ei revitalisering av kildinsamisk spesielt.

Lengre samarbeid

Forskarar ved Universitetet i Tromsø har engasjert seg i den kildinsamiske språksituasjonen lenge. I 2008 og 2009/10 har det vore halde språkleir og kurs for språkaktivistar, og på Giellatekno (Senter for samisk språkteknologi) utviklar dei no digitale læremiddel for kildinsamisk. Og i løpet av våren blir ei av dei nye satsingsstillingane på HSL-fakultetet - Barents Chair in Indigenous Language - utlyst.

Det er norske forskingspengar som for tida er med og held liv det kildinsamiske språket.

- Språkopplæringa manglar det meste. Lærebøkene er gamle, lærarane er gamle og kursmateriellet er på ingen måte effektivt. I tillegg har to av dei mest aktive språkbrukarane i mange år vore usamde om korleis språket skal skrivast, så den konflikten har lagt ein dempar på utviklinga.

- Men no har det heldigvis byrja roe seg ned, og fleire språkaktivistar har teke i bruk nye domene for å synleggjera og bruke språket, med til dømes eigen kildinsamisk nettstad, fortel Scheller.

Optimistisk språkforskar

- Utfordringane står likevel i kø - og bruken av språket er under press både frå russisk og nordsamisk. Kildinsamane har lovfesta rett til opplæring på språket sitt - men lite kunnskap om desse rettane, dårleg økonomi og ein stat som ikkje direkte legg forholda til rette, gjer at språkopplæringa blir liten og mangelfull, seier Scheller.

Som likevel er optimist på det vesle språket sine vegner.

- Det går framover. Og det er språk som har kome att. I USA, til dømes, talar me om language reclamation, der indianarspråk som har hatt null talarar har vorte plukka opp att og teke i bruk i opplæring, seier Scheller.

- Det er ikkje berre pengar det står på, det handlar først og fremst om vilje til språk.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.04.12 00:00 Oppdatert: 17.04.12 21:37
Vi anbefaler