teikneserieutstilling i dag." /> teikneserieutstilling i dag." />

Kva skal litteraturvitarar med teikneseriar?

Dette spørsmålet stiller litteraturvitar Johan Schimanski under opninga av Universitetsbiblioteket si teikneserieutstilling i dag.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.03.12 00:00 Oppdatert: 21.03.12 16:02

Plakat med ulike tegneseriefigurer- Lenge tok ikkje litteraturvitarar i teikneseriar. Det var for lågt. Når undervisningskabalen skulle leggjast, og ein kom til dei upopulære emna, var det alltid nokon som sa: "Ja, ok, men berre ikkje teikneseriar!" fortel Schimanski med eit smil.

- No veit eg eigentleg ikkje om det framleis er nokon som meiner at teikneseriar ikkje kan vera kunst. Den er som annan litteratur - god og dårleg. Som det vart sagt om science fiction: "90 % av science fiction-litteraturen er dårleg, men det er òg 90 % av annan littteratur", refererer Schimanski.

- Utan at eg meiner det er mykje dårleg litteratur, forsikrar han.

Men det litteraturvitskaplege feltet har altså rom for teikneseriar, om nokon skulle vera i tvil.

Det spesielle eller det allmenne

Sjølv snakkar Schimanski ut av eiga erfaring - ikkje som teikneserieforskar, men som teikneserielesar. Og som rettleiar av ei hovudfagsoppgåve om teikneseriar.

- Mange forskarar har vore veldig opptekne av det spesielle med teikneseriar - kva som særmerkjer sjangeren og uttrykket. Eg er meir interessert i det som er felles med annan litteratur - fiksjonen, personane, setting og handling. Nokre teikneseriar gjev heilt klart same opplevingane som gode romanar.

Blandinga av bilete og tekst gjer at teikneseriar kanskje har falle mellom to stolar, seier Schimanski, mellom kunst og litteratur.

- Men dette samansette uttrykket gjer det til eit spennande forskingsfelt, av di ulike fag - som litteraturvitskap, filmvitskap og kunstvitskap - kan nærme seg teikneseriar frå sine ulike sjangrar.

Finst det litterære tekstar utan bilete?

- Difor trur eg ein kan snu det heile på hovudet og tenkje at teikneseriar ikkje er ein form for litteratur, men heller spørja om kanskje litteratur er ein form for teikneserie, undrar Schimanski.

- For finst det teikneseriar utan forteljing, og finst det litterære tekstar utan bilete?

Den som vil gruble meir over dette, kan ta turen til Universitetsbiblioteket si utstilling "Tegneserier - Litteratur? Kunst? Kommers?" Ho er open til 15. juni.

 

Tegneserier_stort.jpg (Bredde: 560px)
Stort mangfold av tegneseriefigurer på UBs utstilling. Foto: Stein Høydalsvik
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.03.12 00:00 Oppdatert: 21.03.12 16:02
Vi anbefaler