Menigheitsliv i norskamerikanske immigrantmiljø rundt 1900
Dei norske immigrantkyrkjelydane i USA var i dei første åra prega av uro langs etablerte norske konfliktliner, men etter som disiplin og ønske om tilpassing fekk verke, vart kyrkjelydane meir amerikaniserte. Det førde til ro og samarbeid.
![]() |
| Kari Hempel. Foto: Universitetet i Stavanger |
Dette viser Kari G. Hempel i den ferske doktoravhandlinga si om menigheitslivet i norske immigrantmiljø mellom 1870 og 1917.
- Nordmenn etablerte meir enn 6 500 lutherske kyrkjelydar i USA, og eg har som hovudkjelde sett på møtereferat frå seks ulike av dei frå Minnesota - tre urbane og tre rurale, fortel Hempel.
- Det har vore spennande å sjå på møta mellom immigrantmiljøa og det amerikanske samfunnet - og den kulturen som oppstod som resultat av dette. Det var ein transnasjonal kultur, med kulturelle band, kulturell identitet og etnisk felleskap over nasjonsgrenser.
Bevaring versus tilpassing - kombinert med teologiske konfliktar
Hovudproblemstllinga i avhandlinga rettar søkelyset mot dei vala kyrkjelydane gjorde for å finne seg til rette i det nye samfunnet. Både teologiske konfliktar, dilemma omkring bevaring og tilpassing av den religiøse arven og den amerikanske fridomen i religiøse spørsmål gjorde at desse vala var utfordrande for mange.
- Den store valfridomen gjorde også at enkeltmedlemer og menigheitsgrupper ønskte å endre kurs i høve til norske tradisjonar. Dei fleste norskamerikanske kyrkjelydar vart likevel etablerte som lutherske, og i dei eg har sett på vart vala styrde av teologisk ståstad, rural/urban busetjing og samfunnsmessige integreringsprosessar. Samanhengen mellom desse faktorene varierte likevel over tid, seier Hempel
Frå "norske" konfliktar til "amerikansk" tilpassing
Mange av dei norskamerikanske kyrkjemiljøa var prega av uro og konfliktar, og den mest opprivande av dei alle var spørsmålet om nådevalslæra.
- Spørsmålet om nådevalet går langt attende i kristendomshistoria og dreier seg om kven som blir frelst - eventuelt også går fortapt - kven som er ansvarleg for frelsa og kva for tyding trua har i samband med denne utveljinga. Dei norskamerikanske kyrkjelydane engasjerte seg i desse problemstillingane i møte med dei tyske ortodokse lutheranarane i USA, fortel Hempel.
Lenge var kyrkjelydane prega av sterke einskildpersonar som fekk setja dagsordenen, men etterkvart utvikla miljøa handlingsstrategiar som var meir prega av tilpassing og disiplin. Det gav større ro internt og auka samarbeidet utad.
- Såleis kan me dele perioden inn i ein uroleg, ”norsk” reetableringsfase og ein roleg, ”amerikansk” tilpassingsfase. Overgang til den rolege fasen innebar ei form for amerikanisering ved at kyrkjelydane var meir innstilte på samarbeid framfor å vidareføre ein norsk debatt og norske haldningar, seier Hempel.
Kulturell tilpassing før språkleg tilpassing
Overgangen viser også at kulturell tilpassing kom før den språklege tilpassinga.
- Dette seier mykje om den sentrale tydinga språket har som uttrykk for personlegdom, identitet, kultur og etnisitet, avsluttar Hempel.
Les heile avhandlinga i Munin.
.jpg)



