Spennande seminar om fleksibel læring
Fleksibel læring er eit prioritert satsingområde på heile UiT - og måndag 12. mars arrangerer HSL-fakultetet seminar til inspirasjon for både fagleg og administrativt tilsette.
Seminaret tek sikte på både å oppsummere erfaringar og leggje til rette for nytt og utviklande arbeid med ulike sider ved fleksibel utdanning og læring.
Kva er god læring på nett?
![]() |
| Prodekan for utdanning, Marit Allern: "Kva er god læring på nett?" |
Dette spør dekan Petter Nafstad og prodekan for utdanning, Marit Allern, om innleiingsvis. Deretter går professor Gunnar Grepperud gjennom dei prosjekta som har søkt om midlar frå "Fleksibel læring"-potten til UiT inneværande år. Kva er kjenneteikna på desse søknadene? Korleis kan ein følgje dei opp for å få best mogeleg felles nytte og samarbeid?
Etter lønsj løftar seminaret blikket når direktør Eva Gjerdrum ved Noregsuniversitetet inviterer til refleksjon kring spørsmålet om kvifor det er viktig for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag å utvikle fleksible utdanningar.
Døme frå vellukka prosjekt
På Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har dei lange erfaringar med ex.phil på nett, og førsteamanuensis Erik Christensen og førsteamanuensis Roar Anfinsen, vinnar av HSL-fakultetets undervisningspris i 2011, skal prate om erfaringar frå korleis ein kan skapa fagleg aktivitet og dialog i nettrom.
På Institutt for historie og religionsvitskap har førsteamanuensis Rune B. Hagen sitt svært populære trolldomsemne teke steget over til også å bli eit nettemne - og "eit helvetes godt nettilbod", i følgje seminarprogrammet.
| 1. aman. i historie, Rune Blix Hagen: "Heksestudium på nett - eit helvetes godt nettilbod!" |
Ressursar og støtte i arbeidet
Avslutningsvis vil fleire innleiarar syne korleis faglege og administrative ressursar kan brukast i arbeidet med fleksibel læring. Rådgjevar Mona Magnussen på UB skal prate om UBs e-ressursar, medan rådgjevar ved HSL-fak, Mona Pettersen, førstelektor Mariann Solberg ved U-vett og seksjonsleiar Nils Johan Lysnes ved IT-avdelinga skal koma med "administrative vyar om støtte til utvikling og drift av fleksible utdanningstiolbod".
Seminaret er frå kl 10 til kl 15, i TEO 1.443. Programmet finn du her. Påmelding til seksjonsleiar Olav Skare.




