Ledig oppdrag som begynnarkollokvieleiar
Ved Det juridiske fakultetet treng me 2-3 nye leiarar til begynnarkollokvia våre.
Begynnarkollokviet er eit tilbod til studentane som er i det første semesteret sitt i jusstudiet. Studentane deltar i fagleg/sosiale smågrupper (rundt 10 studentar) under leiing av ein vidaregåande student. Kvar gruppe møtest til 17 timar. Alt etter kor mange studentar som melder seg på, vil kvar leiar ha ei eller to grupper.
Kollokvieleiarane må førebu seg saman, slik at innhaldet i gruppene blir tilnærma likt. Det vil dessutan bli gitt opplæring frå avdelingsansvarleg og ein erfaren begynnarkollokvieleiar.
Honorar pr undervisningstime er i dag kr 532,-. I honoraret inngår førebuing og etterarbeid.
I vurderinga av søkarane kjem me til å legga vekt på karakterar, tidlegare erfaring med undervisning og på anna relevant arbeidserfaring. Den som får oppdraget må ha evne til å koma i kontakt med studentane, til å læra frå seg og til å arbeida sjølvstendig. Det er også viktig med gode samarbeidseigenskapar.
Studentar på 3. avdeling blir særleg oppfordra til å søka.
Søknad med dokumentasjon for eksamen og eventuell relevant praksis kan de levera i Informasjonen ved fakultetet, eller senda til
Det juridiske fakultet
v/Borghild Gramstad
Universitetet i Tromsø
9037 TROMSØ.
Nærare opplysningar kan de få hjå Borghild Gramstad, tlf. 776 45281 eller på
epost: borghild.gramstad@uit.no
Søknadsfrist 17.04.09



