Inviterer til workshop om korleis ein kan unngå trakassering i felt 

Målgruppa er studentar og tilsette som skal på feltarbeid. 

Feltarbeid, utgravning
Forskere ved Institutt for geovitenskap har sammen med likestillings- og mangfoldsutvalget ved UiT tatt initiativ til en workshop om trakassering på felt-og toktarbeid. Bildet er et illustrasjonsfoto. Foto: Brian Hood
Publisert: 05.05.21 15:13 Oppdatert: 25.05.21 14:43
Om UiT

Hovudtemaet på workshoppen er korleis ein handterar ubehagelege situasjonar medan ein er i feltet eller på tokt. Andre tema er korleis ein kan ta omsyn til andre i felt, og korleis ein kan kommunisera til andre at dei gjer noko som får oss til å føla oss ukomfortable.

– Vi skal òg snakka om lettare tema, til dømes korleis ein gå på do midt på ein open isbre. Vi skal óg snakka om kva ein kan gjere om trakassering skjer på feltarbeid eller på tokt, og dessutan deler vi ut informasjon om ressursar som er tilgjengelege for å handtera slike situasjonar her på UiT, fortel ei av dei som står bak workshoppen, Carly Faber.

Ho tilhøyrer forskargruppa “JEDI” ved Institutt for geovitskap, og saman med likestilling- og mangfaldsutvalet ved UiT arrangerer dei workshoppen måndag 10. mai.

Siste frist til å melda seg på workshoppen er fredag 7. mai. Du kan melda deg på her.

Målet er å opplysa og bevisstgjera  

– Kvifor tenker de at ein slik workshop er naudsynt?

– Feltarbeid og tokt plasserer ofte studentar og tilsette i nye miljø, og situasjonar der dei kjenner seg ukomfortable og utrygge. Det handlar ikkje nødvendigvis om trakassering, men det kan vera problem som dukkar opp på grunn av misforståingar mellom kulturar, fordi folk har forskjellige personlegdommar eller fordi det finst ein maktdynamikk mellom studentar, forskarar og professorar, forklarer Faber.

Hun peikar på at det kan være vanskeleg å bu tett med, og jobba saman med, andre dei ikkje kjenner så veldig godt i dagar, veker eller månader.

– Vi trur det er viktig at studentar og forskarar som arrangerer feltarbeid er førebudde på ubehagelege situasjonar som kan dukke opp, og vi vil at alle skal kunne snakke åpent om desse tema. Målet med workshoppen er at dei som gjer feltarbeid eller er med på tokt veit korleis dei kan handtera ubehagelege situasjonar, og at om noko alvorleg som trakassering skjer, så veit dei kvar på universitetet dei kan få hjelp.

Sjå òg: UiT har nulltoleranse for seksuell trakassering

Alle bør vita kvar grensa går 

– Har trakassering i felt vore eit problem tidligare?

– Nei, ikkje som vi veit om her på instituttet. Og eg har ikkje høyrt om at det er eit problem her på UiT. Men forsking frå andre universitet fortel oss at trakassering ofte ikkej vert rapportert. Og det har vore snakk om trakassering på feltarbeid verda rundt. Vi vil berre opne ein diskusjon om temaet her på UiT, og klargjera kva for linjer som gjeld, slik at alle veit kvar grensa går.

– Kven er i målgruppa for ein slik workshop?

– Alle som gjer feltarbeid eller tokt på UiT er velkommen. Vi som arrangerer workshoppen er frå Institutt for geologi, men vi har òg invitert folk frå Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi og Institutt for arktisk og marin biologi, avsluttar Carly Faber.

Sei ifrå!

Ved UiT kan du som student eller tilsett nytta nettsida Sei ifrå! til å melda frå om alle kritikkverdige forhold som har med arbeidsmiljøet å gjera.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Institutt for geovitenskap