Foto: Jørn Berger-Nyvoll/UiT

Denne maskinen veit kor mykje sukker du treng

Ein masterstudent ved UiT har utvikla ein maskin som kan måle opp nøyaktig kor mykje jus du treng viss blodsukkeret blir for lågt. Og ikkje berre det; den fyller også opp glaset for deg og seier ifrå når det er klart.

Denne maskinen veit kor mykje sukker du treng

Ein masterstudent ved UiT har utvikla ein maskin som kan måle opp nøyaktig kor mykje jus du treng viss blodsukkeret blir for lågt. Og ikkje berre det; den fyller også opp glaset for deg og seier ifrå når det er klart.

UiT logo liten

Publisert: 10.07.2020
Sist endret: 11.03.2021
Tekst / Video og redigering :
Seniorrådgiver, kommunikasjon ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere journalist og dokumentarist med bakgrunn fra NRK og Svalbardposten

Foto / Video og redigering :
Produsent og fotograf ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere daglig leder for TV-produsenten.

Liten Uit logo
    Aarskog, Karine Nigar ( Tekst / Video og redigering )
Seniorrådgiver, kommunikasjon ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere journalist og dokumentarist med bakgrunn fra NRK og Svalbardposten
    Nyvoll, Jørn Berger ( Foto / Video og redigering )
Produsent og fotograf ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere daglig leder for TV-produsenten.

Når blodsukkeret hos oss menneske fell og blir for lågt, er det ofte lett å gripe til det vi har for handa, som sjokolade eller kjeks. Dermed er det fort gjort å få i seg meir sukker enn vi eigentleg treng. For personar som har diabetes, kan det bli starten på ein «roller coaster»-effekt: Dei må ha meir insulin for å kompensere for det høge blodsukkeret, berre for å oppleve at blodsukkeret igjen blir for lågt på grunn av insulinet.

Reknar ut sukkerbehovet

Pietro Randine, som i dag er stipendiat ved UiT, fann ei løysing på denne utfordringa da han var masterstudent ved University of Milano-Bicocca, Erasmus-student ved UiT og samarbeidde med Nasjonalt senter for E-helseforskning. Han utvikla ein maskin som automatisk kan måle opp og tappe i eit glas sukkerhaldig drikke slik som jus og saft til dei som har diabetes, når blodsukkeret kjem under eit bestemt nivå.

Ein sensor på magen eller armen måler blodsukkeret heile tida og sender data til ein server. Denne informasjonen blir deretter send vidare til jusmaskinen, og når blodsukkeret blir for lågt, reknar maskinen ut kor mange karbohydratar ein treng. Maskinen, som også veit kor mykje sukker det er i jusen, fyller da automatisk opp eit glas med nok jus og gjev ved hjelp av ein app melding om at glaset er klart til å hentast.

– Dette er eit godt eksempel på korleis ulike teknologiar kan samarbeide og integrerast i eit personleg helsesystem. Vi bruker programvare, elektronikk, pumpe, sensorar, mobilar og reelle data; ein kombinasjon av ulike faktorar som er til stades i liva til personar med diabetes, seier Randine.

Jusmaskinen er presentert på ein konferanse, med gode tilbakemeldingar. Nyleg blei han også omtala i det digitale tidsskriftet IOS Press.

Pietro
Stipendiat, Institutt for informatikk, UiT Noregs arktiske universitet
Vi kallar den «House of carbs»
– Pietro Randine

Sunnare enn sjokolade

Professor ved Institutt for informatikk ved UiT, Eirik Årsand, har vore ein av vegleiarane til Randine. Årsand har sjølv diabetes og har vore testkanin for maskinen i ein periode på tre månader.

– Vi samarbeidde tett da han skreiv oppgåva, for å finne ut kva brukaren av ein slik maskin treng. Det er sentralt i all vår forsking å ha fokus på brukarmedverknad, seier Årsand.

Han seier at det er mange fordelar med maskinen som Randine har utvikla.

– Normalt sett et eg det eg har for handa når eg får lågt blodsukker. Da får eg ofte for høgt blodsukker etterpå, og dermed blir det ein «roller coaster»-effekt. Eg hadde kjempegode resultat og ikkje nokon slik effekt i den perioden eg testa maskinen, seier Årsand.

– Dessutan er jus sunnare enn sjokolade, og det er ein stor fordel at du veit akkurat kor mange karbohydratar du får i deg, legg han til.

Eirik
Professor, Institutt for informatikk, UiT Noregs arktiske universitet

Randine fortel at dei tok utgangspunkt i ein metode som blir brukt på sjukehusa når dei skulle teste ut maskinen.

– Pasientar med lågt blodsukker får glukosetablettar med 15 eller 20 gram karbohydratar, og så ventar ein i 15 minutt og ser korleis pasienten reagerer. Det same har vi gjort, berre med jus. Alle reagerer ulikt på sukker, ut ifrå parameter som vekt og forbrenning, forklarer Randine.

Det er også mogleg å bestille jus frå maskinen, dersom du veit at du av ein eller annan grunn kjem til å forbrenne meir sukker enn vanleg, for eksempel fordi du skal ut og jogge.

– Eg kan bestille jus, vente i to minutt og så gå og hente den, fortel Årsand.

Bygd i garasjen

Han har sjølv vore med å bygge maskinen i sin eigen garasje.

– Førebels er det berre ein prototype, og den kan sjølvsagt bli gjort betre viss nokon ønsker å utvikle ideen vidare, seier Årsand.

– Vi kallar den «House of carbs», smiler Randine.

Maskinen er sett saman av ei ramme i kryssfiner, med ei pumpe og ein liten datamaskin som er programmert til å rekne ut kor mykje karbohydratar som trengst, ut ifrå blodsukkernivået som sensorar måler. Ei lita lampe begynner å blinke når det er klart for at maskinen kan begynne å levere jus, og eit display viser kor mange gram karbohydratar og kor mange milliliter det heile tida er i glaset.

Dette er diabetes

Hos alle menneske skal blodsukkeret ligge på eit bestemt nivå, og vanlegvis produserer vi sjølv insulin som regulerer dette nivået. Insulinet opnar cellene slik at sukkeret kjem inn og ikkje berre flyt rundt i blodet og blir tissa ut igjen. Men dei som har diabetes, manglar denne funksjonen og må tilføre kroppen insulin når dei et. For å vete kor mykje insulin dei treng, måler dei blodsukkeret, og dei må også halde oversikt over kor mykje sukker det er i det dei et eller drikk. Viss blodsukkeret blir for lågt, får dei det som blir kalla føling, og da treng dei raske karbohydratar.

– Når blodsukkernivåa er gode, blinkar ikkje lampa på maskinen, forklarer Randine.

Frå ein juskartong som står på baksida, sørger ein slange for å fylle opp eit glas på framsida. I maskinen er det også sensorar som sjekkar at det faktisk står eit glas der jusen kjem ut.

– Det kjem ikkje jus viss glaset manglar. Da seier appen ifrå, forklarer Årsand.

– Den seier også ifrå viss det er for lite jus i behaldaren, supplerer Randine.

Sjå video av korleis maskinen fungerer:

Nightscout

Det er dataa frå sensoren som personen har på magen, som styrer maskinen, og han verkar altså ikkje utan tilgang på denne informasjonen. Det gjer det utfordrande å utvikle maskinen frå ein prototype til eit kommersielt produkt.

Sensor som måler blodsukkernivå
Ein liten sensor på magen sender heile tida data frå målingar av blodsukkeret. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

– Eit av problema er at produsentane av sensorteknologien ikkje vil dele denne informasjonen. Dei som produserer glukosesensorane, tvingar brukarane til å laste sine data opp til deira server og bruke deira app, fortel Randine.

Derfor er det takka vere at dei med diabetes har «hacka» systemet og gjort det mogleg å legge eigne data på ein server som er utanfor produsentane sin, at Randine har kunna utvikle jusmaskinen.

– Det finst eit stort samfunn av personar med diabetes som har gått saman om å starte et prosjekt som heter «Nightscout», der brukarane lagar ulike gjer-det-sjølv-prosjekt, utanfor helsevesenet sine tenester, forklarer Årsand.

Fekk mykje merksemd

Professoren, som jobba ved Nasjonalt senter for E-helseforskning da maskinen blei utvikla, fortel at den fekk mykje merksemd av dei som jobbar der.

– Maskinen stod i eit opent landskap, og det var stadig nokon som kom bort til meg med jusglaset når den var klar, smiler han.

«House of carbs» er eit godt eksempel for å vise denne industrien kva som kan komme ut av at dei deler data og gjer dei tilgjengelege for forskarane og brukarane
– Pietro Randine

Han meiner det vil bli stadig meir bruk for helseteknologi i Noreg etter kvart som det blir fleire og fleire eldre.

– Stadig fleire blir stadig eldre, og det er bruk for gode teknologiske løysingar innanfor helsesektoren. Jusmaskinen er eit godt eksempel på korleis teknologi kan møte slike behov, seier Årsand.  

Les også: – Vi trenger en digital revolusjon i helsevesenet

Han trur maskinen vil kunne bli å finne i ei eller anna form i framtida.

– Det meste anna er allereie online, som medisin, sensorar og glukosedata. Så det er berre eit spørsmål om tid. Viss dataa hadde vore opne, kunne ein ha begynt å lage ei kommersiell utgåve i morgon. Men vårt formål er å vise kva pasientane treng, ikkje kva kommersielle kan tene pengar på, seier Årsand.

– «House of carbs» er eit godt eksempel for å vise denne industrien kva som kan komme ut av at dei deler data og gjer dei tilgjengelege for forskarane og brukarane. Da vil vi kunne sjå fleire prosjekt som dette, avsluttar Randine.

Labyrint er et kunnskapsmagasin
fra UiT Norges arktiske universitet.

Redaksjon: Seksjon for kommunikasjon – UiT
Kontakt: Karine N. Aarskog
Webutvikling: Lars Nordmo