23. mars 1968 var ein merkedag i Nord-Norges historie. Det var dagen Stortinget gjekk inn for å opprette landsdelens første universitet – i Tromsø. I ettertid har universitetet vorte kalla det største distriktspolitiske tiltaket i Nord-Norge nokosinne.
Med Stortings-vedtaket var ein 50 år lang kamp over. Sentralt i den kampen stod éin mann – som tala det akademiske, medisinske miljøet i hovudstaten midt imot. Ein som sjølv var lege og frå Oslo; Peter Fredrik Holst Hjort.
I 1969 fekk han jobben som leiar av interimsstyret som skulle leie prosessen fram mot eit universitet. Og da utdanningsinstitusjonen var ein realitet, vart han utpeika som den første rektoren. Hjort interesserte seg for skjeringspunktet mellom medisin og samfunn, noko som vart sentralt i arbeidet med å få universitetet på fote. Han såg på oppbygginga av universitetet og medisinutdanninga i Tromsø som avgjerande for utviklinga i landsdelen. Men det var det mange som var usamde i.
– Ein av fars eigenskapar var at han hadde trong til å gjere opprør. Han var modig også i situasjonar der han vart ståande aleine. Det trur eg fekk betyding for etableringa av universitetet, fortel Peter Hjort, den eldste av Peter F. Hjorts fire born.
Han var rundt 20 år då familien flytta til Tromsø. Hjort var ikkje med på flyttelasset da, men vart student ved det ferske universitetet i Tromsø våren 1973.
Nesten 50 år etter at Hjort tok fatt på den nærmast umoglege oppgåva med å bygge opp universitetet, gjekk første Peter F. Hjort-seminar av stabelen i Tromsø. Universitetet ga det nye seminaret nettopp dette namnet for å heidre Hjort. Sidan 2015 har seminaret vorte arrangert årleg.
– Peter F. Hjort-seminaret er ein møteplass for fagmiljøa ved UiT og landsdelens arbeids- og næringsliv, og skal styrkje samarbeidet mellom desse sektorane. Eit viktig formål med seminaret er òg at næringslivet skal gje innspel til kva for utdanningar UiT bør opprette – ut frå eit næringslivsperspektiv, fortel Lars Buseth, seniorrådgjevar ved Senter for karriere og arbeidsliv (SKA) ved UiT, som har vore prosjektleiar for seminaret i fleire år.
Peter F. Hjort
* Fødd 23. mars 1924 i daverande Kristiania
* Tok medisinsk doktorgrad i 1957 og spesialiserte seg i indremedisin i 1959.
* Tilsett ved Ullevål sjukehus i 1960
* Utnemnt til professor i 1969
* Var med på å grunnleggje UiT
* Den første rektoren ved UiT
* Utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden, Karl Evangs pris
* Utnemnt til æresdoktor ved UiT i 1982, Uppsala universitet i 1992 og Norges Idrettshøgskole i 1998
* Døydde 1. januar 2011, 86 år gamal
Kjelde: Wikipedia
Sidan universitetet i år fyller 50, har årets utgåve av Peter F. Hjort-seminaret fått eit jubileumspreg.
– Den første delen av seminaret går føre seg i plenum, og skal ha eit meir tilbakeskodande blikk på historia, medan siste del skal handle om framtidsperspektiv for universitetet og landsdelen, seier Buseth.
Det var Oddmund Åsen, seniorrådgjevar ved Kunnskapspark Nord (KUPA), som fekk ideen til det som vart Peter F. Hjort-seminaret. Han meiner seminaret i dag har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste møteplassane for næringslivet i nord.
– På Peter F. Hjort-seminaret vert deltakarane veldig involvert. Dei har gode moglegheiter for å bidra på sjølve seminardagen, det er det som er spesielt med seminaret. I Nord-Norge er det få arrangement som dette, det er derimot nok av konferansar der ein «berre» sitt og lyttar til presentasjonar, seier han.
Studentane er òg ein sentral del av seminaret. Dei kan delta på arbeidsøktar med lokalt og regionalt næringsliv, noko som gir gylne moglegheiter til å skaffe verdifulle kontaktar.
– Næringslivsdeltakarane får god moglegheit til å snakke med studentar og få deira perspektiv. Næringslivet veit ikkje alltid kva det har behov for, og slik trur eg det også er for universitetet.
– Har seminaret vorte det du håpa på?
– Ja, langt på veg. Seminaret har likevel eit stort potensial til å få til ein enda kortare veg mellom akademia og næringsliv. Det bør UiT jobbe vidare med, seier Åsen.
Handelsmannen Hans A. Meyer er den som reknast som initiativtakaren til UiT Norges arktiske universitet. Han lanserte forslaget om dette allereie i 1918, i avisa «Tidens tegn». Meyer skreiv at det einaste som kunne bøte på Nord-Norges mangel på embets- og bestillingsmenn på den tida, var eit universitet i Tromsø. Han meinte at mangelen på ein utdanningsinstitusjon i nord førte til dårleg rekruttering til høgare stillingar i landsdelen og stor gjennomtrekk av tilsette. Med universitet i Oslo, teknisk høgskule i Trondheim og handelshøgskule under bygging i Bergen, meinte Meyer at det no var Nord-Norges tur, «… som endnu intet har faaet».
Med ein høgskule, eller helst eit universitet, trudde Meyer at landsdelen snart kunne «faa nok av dyktige mænd med rot i folket og kjennskap til landsdelen, folk som føler sig hjemme her oppe i Nord-Norge, og finder det selvsagt at leve sit liv og øve sitt arbeid her».
Meyer meinte Tromsø var det beste alternativet som universitetsby på grunn av byens storleik og allereie vitskaplege aktivitet, noko dei andre nordnorske byane støtta. Lokalt begynte enkelte innbyggarar i Nord-Norge å jobbe for å få ein høgare utdanningsinstitusjon. Likevel var vegen fram mot eit universitet dei neste 50 åra krunglete og vanskeleg.
«Ingen vil busette seg der oppe». «Ein utpost». «Nordnorsk ungdom har godt av å kome seg sørover». Etter andre verdskrig var dette vanlege argument mot eit universitet i Tromsø, og dei kom frå høgtståande personar i samfunnet som legar og stortingsrepresentantar.
På tross av at det lokale og politiske engasjementet for eit universitet var stort, kunne ein ikkje spore den same entusiasmen hos dei andre norske utdanningsinstitusjonane. Det var eit utbreidd inntrykk at universitetssektoren allereie hadde lite pengar, og at ei kraftig utbygging i Tromsø ville sveltefôre dei andre universiteta. Ein dekan ved Universitetet i Oslo (UiO) meinte at fire universitet; Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, ville vere døydsstøyten for norsk vitskap.
For ham var det uforståeleg at myndigheitene ikkje konsentrerte seg om å få universiteta i Oslo og Bergen opp på eit akseptabelt akademisk nivå i staden for «… å spreie fattigdomen utover». Andre igjen meinte at det faglege nivået ikkje ville bli høgt nok i Tromsø, og at ein ville bli nøydd til å betale forskarane øydemarkstillegg. Fleire meinte at eit universitet i den nordlege byen ville bli altfor lite og dårleg fordi kvalitet og storleik hang saman.
Tromsø som universitetsby vart også kritisert. Det vart stilt spørsmål ved om byen hadde dei kulturelle føresetnadane for å gi studentane den akademiske livshaldninga som universitetet skulle bidra med.
Peter F. Hjort-seminaret
UiT arrangerte seminaret første gong i 2015.
Seminaret skal styrkje verdiskapinga i nord gjennom tettare samarbeid mellom arbeids- og næringsliv og fagmiljøa ved UiT Norges arktiske universitet.
Seminaret er ein årleg møteplass der næringsretta problemstillingar vert drøfta, og der grunnlaget for verdiskaping og innovasjon vert lagt gjennom kunnskapsutveksling, nettverksbygging og samarbeid.
Arbeidsøktene på Peter F. Hjort-seminaret i 2018 tek for seg tema som er høgaktuelle både i Tromsø og landsdelen. Årets arbeidsøkter har titlane:
Kunst- og kulturinstitusjonar skulle legge det åndelege grunnlaget for universitetsstudentane. Det vart påstått at ein måtte vere forsiktig med å plante «… universitetstreet i skrinn jord». Uroa for Tromsø som universitetsby og kulturell by er kanskje ironisk sett med dagens auge.
Martin Buvik (1923–2018) var ein av dei som opplevde stortingsvedtaket i 1968, som stortingsrepresentant for Høgre og medlem av Kyrkje- og utdanningskomiteen. Buvik døydde tidlegare i år, men ga for nokre år sidan eit intervju til UiT, der han snakka om kva vedtaket har betydd for Nord-Norge:
Men den største motstanden mot legeutdanning i Tromsø kom frå medisinarane sjølve – særleg Helsedirektoratet med helsedirektør Karl Evang, og Det medisinske fakultet i Oslo. Medisinarane meinte at det potensielle studenttalet i Tromsø ville bli for lågt, og at det rett og slett var for få pasientar i nord til å kunne gi allsidig undervising. Utbygginga av legeutdanninga vart sett opp mot den generelle helseutbygginga i landsdelen, og fleire meinte at eit universitet ville rasere sjukehusutbygginga. «Distriktsutbygging» og «u-hjelp» var merkelappane som ble satt på medisinsatsinga. Evang frykta at medisinutdanninga i Tromsø ville bli tredjerangs – og dermed utdanne tredjerangs leger. Med helsedirektøren i front samla svært mange legar seg bak kritikken, noko som ga motstanden ein fagleg og byråkratisk motstand utan sidestykke.
I dette landskapet skilte Peter F. Hjort, overlege ved Rikshospitalet, seg ut. I 1967 flagga han offentleg sin støtte til medisinutbygging i nord, i talen «Tankar om medisinen i framtidas samfunn» i ein fullsett sal på Universitetsplassen i Oslo.
Peter Hjort trur det var denne talen som gjorde at faren seinare fekk jobben med å bygge opp det nye universitetet.
– Det var nok litt tilfeldig at far heldt denne talen, den gjekk på omgang mellom fakulteta. Den gangen hadde han nok ikkje noko idé om at talen skulle få konsekvensar, seier Hjort og humrar.
Men historia ville det altså annleis. Regjeringa og Kyrkje- og undervisingsdepartementet gjekk fullt inn for ein medisinutdanning i Tromsø, og på seinsommaren 1968 vart Hjort spurt om å leie interimsstyret. Da hadde han aldri vore i Tromsø før.
– Etter jobbtilbodet i 1968 drog far og mor på ein lynvisitt til Tromsø, deretter takka far ja til jobben. Så var det heile i gang, legg Hjort til med eit smil.
Peter F. Hjort hadde klare krav til jobben før han sa ja. Etter Tromsø-besøket konkluderte han nemleg med at oppgåva med å opprette universitetet var sterkt undervurdert - først og fremst ford det ville bli veldig mykje dyrare og meir arbeidskrevjande enn antatt.
Hjort meinte mellom anna at universitetet, med sjukehuset på slep, på sikt måtte flyttast ut av sentrum. Universitet kom til å krevje husbygging, skule- og kulturtilbod og eit attraktivt lønnsnivå. Mellom anna. I januar 1969 vart Hjort kalla inn til møte på statsministerens kontor, med sosialminister og finansminister til stades. Dei gjorde det klart at regjeringa ville gå inn for planane, med kostnadsramma Hjort hadde skissert. Interimsstyret vart offisielt utnemnt 17. januar 1969, og utarbeida raskt ein provisorieplan for utbygginga.
Det var rett og slett ei enorm oppgåve å etablere eit universitet så å seie frå grunnen av. Etter vedtaket i 1968 skulle det difor ta ytterlegare fire nye år før nokon kunne kalle seg student ved universitetet i Tromsø.
Ifølge Narve Fulsås, professor i moderne historie ved UiT, var det langt frå tilfeldig at Hjort fekk jobben som interimsstyreleiar.
– Det var viktig at ein medisinar fekk denne rolla, fordi motstanden mot universitetet særleg hadde vore stor i dette miljøet. Det var òg viktig at interimsstyreleiaren var frå Oslo, fordi det ville ha ein rekrutterande effekt. Det var tydeleg for alle at medisinarane som seinare skulle bli tilsett ved UiT i stor grad måtte rekrutterast frå hovudstaten, seier han.
Det var sjølvsagt også viktig at Hjort var for universitetet.
– Dessutan var han dyktig og anerkjend. Han var spesialist i noko svært få var spesialist i på den tida, blodsjukdommar, og behandla mellom anna ein genetisk blødarsjukdom som særleg rammar kongelege. Utover i karrieren orienterte han seg meir mot samfunnsmedisin. Da Hjort begynte å jobbe i Tromsø vart han veldig oppteken av å gje medisinen på det nye universitetet ein samfunnsmessig profil, noko som var ganske uvanleg på den tida. Dermed kom òg samfunnsfag inn i bildet på universitetet, seier Fulsås.
Hjort hadde samfunnsbygging i tankane og klare mål for forskinga ved universitet: Den måtte vere tilgjengelig og komme fellesskapet til gode. Hjort understreka at ein ikkje kunne «forske seg ut av problem», og at universitetet skulle tene landsdelen. «Eit universitet skal ikkje berre vere ein verkstad for ånda», det skal også vere ei nyttig innretning», meinte Hjort.
Universitetet i Tromsø skulle gi nordnorsk ungdom betre utdanningsmoglegheiter og sikre rekruttering av fagfolk til landsdelen.
For Stortinget var det viktig at det ikkje vart «eit nordnorsk universitet», men at Universitetet i Tromsø fekk ein fullverdig posisjon som landets fjerde. Men i 1969 førte utbygginga framleis til diskusjon. Helsedirektør Evang meinte etableringa måtte vente til fordel for meir effektive tiltak for å betre legesituasjonen i Nord-Norge. Han og Hjort diskuterte dette på eit møte i «Det medicinske selskab» i Oslo i januar 1969 – eit møte som brann seg fast i Hjorts minne. Her la han fram dei første planane for medisinutdanninga i Tromsø.
Hjort beskreiv seinare møtet som «nedverdigande» ettersom alt av medisinske autoritetar var til stades og kritiserte Tromsø-alternativet. Da Hjort forlét lokalet følte han at han «måtte gå spissrotgang mellom gamle vener som så til sida for ikkje å helse på …».
– Far vart håna og hundsa på dette møtet, mellom anna av helsedirektøren. Vi borna fekk alltid høyre historia om korleis han og mor forlét møtet. Det var ein rungande tausheit etter at far hadde lagt fram planane sine. Ikkje éin person klappa, seier Hjorts son Peter Hjort.
– Kva trur du han tenkte etter dette møtet?
– Nøyaktig kva han tenkte er eg ikkje sikker på, men eg veit kva mor tenkte, for det har far sitert så mange gonger. Etter at dei forlét møtet, tok ho handa hans ute på gata og sa «eg synest Evang er dum». Far ble overvelda, og sa at han da forstod at «den seipske ånd» var på hans side! seier Hjort og smiler.
Mor hans var dotter av Didrik Arup Seip, rektor ved UiO, då andre verdskrig kom. I motstandskampen under krigen vart han kjent for «den seipske ånd» – å aldri gi opp.
– Far fortalte fleire gonger at hadde det ikkje vore for mor, hadde kanskje aldri universitetet vorte noko av. For dei var oppbygginga eit felles prosjekt.
I 1970 fekk interimsstyret tilslag for provisorieplanen, dermed kunne utbygginga starte med regjeringas fulle støtte. Hjort meinte at det var kritisk å starte opp så raskt som mogleg og halde arbeidstrykket oppe. Elles frykta han at prosjektet ville miste politisk og økonomisk støtte. Provisorieplanen skulle syte for at universitetet vaks fram i provisoriske lokale fram til ting vart meir formalisert.
Ifølgje historieprofessor Narve Fulsås gjorde Hjort nokon svært viktige strategiske grep i utbyggingsarbeidet.
– Hjort hadde truleg rett i at den politiske interessa ville minske viss ikkje utbygginga starta raskt. Han hadde politisk sans og eit godt grep om politikarane, seier han.
Også utanforliggande forhold medverka til at utbygginga vart vellykka. Etableringa skjedde i ein økonomisk gunstig periode.
– Seint på 60- talet til tidleg på 70-talet løyva politikarane mykje til høgare utdanning. Dei første fem åra fekk universitetet 30–40 prosent av alle nye vitskaplege stillingar i landet, over 200. Lenger utpå 70-talet stramma politikarane inn bevillingane.
– Viss ikkje utbygginga skjedde akkurat desse åra, kunne den trekt lenger ut i tid. Men universitetet i Tromsø ville uansett vorte utbygd, legg Fulsås til.
Studieplanen for medisin, populært kalla «den lille halvrøde» på grunn av omslaget, vart lansert i 1971. Sjølv om planen på ingen måte representerer maoisme, spelte kallenamnet – og formålet med planen – på Maos lille raude og at utdanninga skulle «tene folket».
Hjort meinte at legane trengde klare hovud og varme hjarte, og i den nye studieplanen skulle pensum og praksis smelte saman. Det skulle vere færrast mogleg eksamenar og ingen karakterar. Planen var visjonær. Dei 40 medisinstudentane som starta hausten 1973 fekk ta del i utviklinga av den mest progressive medisinutdanninga i heile Norge. Dei fekk eit integrert studium med fokus på samfunnet dei skulle tene, og fekk møte pasientar allereie første veke. Universitetet hadde vorte drive fram av idealisme, og det same gjaldt dei første studentane. Dei fekk påverke korleis institusjonen skulle byggast, først og fremst når det gjaldt demokratiske mekanismar knytt til val av rektor og dei lange linene i universitetsdrifta. Studentane ville at universitetet skulle styrast etter eit allmannamøteprinsipp, der kvar hadde ein stemme.
Dei første studentane var prøvekaninar, men dei var også privilegerte. Dei fekk stor påverknadskraft og kort veg til dei tilsette.
Sjå Hjort fortelje meir om visjonen sin for det ferske universitetet:
Da Stortinget vedtok å opprette universitetet i Tromsø vedtok dei samstundes å opprette eit universitet i Trondheim.
Peter F. Hjort-seminaret kan sporast tilbake til hausten 2013. Då tok aktørar frå næringsliv, Tromsø kommune og UiT initiativ til å styrke samarbeidet seg imellom. I januar 2014 bestemte partane at samarbeidet skulle vidareførast gjennom ein formalisert møteplass. Opphavleg var namnet på arrangementet noko heilt anna; «Smart Link».
– Noko av det første vi på Senter for karriere og arbeidsliv gjorde da vi overtok prosjektansvaret i 2015, var å endre namnet. Vi ville gi arrangementet eit meir særeiget namn som ga gjenklang i landsdelen og på universitetet. Vi valde å tenkje bakover i tid, og kalle opp seminaret etter Peter F. Hjort på grunn av visjonen hans for universitetet. Han meinte at det skulle vere eit tett band mellom det universitet gjorde og det landsdelen trengde, fortel Buseth ved UiT.
Hjorts ønskje om å bidra til å utdanne landsdelens ungdom og utvikle kunnskap om og for landsdelen er like aktuell i Nord-Norge i dag som for 50 år sidan.
– Vi valde å kalle arrangementet eit seminar, og ikkje ein konferanse, for å signalisere at dette var eit arrangement der alle deltakarane skulle ha moglegheit til å bidra. Seminaret skulle vere dialogpreget, seier Buseth.
Han seier at årets program famnar breitt.
– Det er lange tradisjonar for samarbeid mellom universitetet og næringsliv i nokon av temaa seminaret tek opp, mellom anna innan skole, helse- og omsorg og sjømat. Andre tema er knytt til nyare problemstillingar, som klimaendringar med endra rammevilkår for næringsaktivitetar i nord - og spørsmål om kort godt rusta landsdelen er for å nyttiggjere nye teknologiar som digitalisering og intelligent produksjon.
Buseth seier at alle temaa reiser tverrfaglege problemstillingar som bør løysast i samarbeid mellom bransjar, sektorer og fagmiljø.
– Med det bakteppet ser eg fram til seminarets avsluttande del – der framtidsperspektiv for universitetet og landsdelen skal drøftast, med innlegg frå Peter Arbo, Rolf Skattebo, Arve Ulriksen, Ida-Elise Seppola Asplund og Anne Husebekk.
Første Peter F. Hjort-seminar hadde om lag 160 deltakarar og 80 representerte verksemder. I 2016 og 2017 nådde deltakartalet taket – på 250.
– Studentdeltakinga har auka dei siste åra - studentane har vorte meir og meir engasjert i seminaret. Det er veldig bra, seier han.
Oddmund Åsen seier han alltid har vore genuint oppteken av å finne ut korleis akademia og næringslivet, særleg i Tromsø-regionen, kan jobbe tettare saman. Det gjorde at han fekk ideen til seminaret.
– Eg jobba i mange år i SpareBank1 Nord-Norge, som står bak Konjunkturbarometeret, ein årleg økonomisk rapport om næringslivet i landsdelen. Konjunkturbarometeret viste gjennomgåande at det var mangel på kunnskap i næringslivet i nord. Eg tenkte at eit nærare samarbeid med akademia kunne bøte på det.
Åsen fekk raskt med seg Nils Christian Sørheim, direktør i Næringsforeninga i Tromsøregionen, og Jarle Aarbakke, som nett hadde gått av som UiT-rektor.
– Vi lufta ideen for det nye rektoratet, og begynte raskt å jobbe fram moglege konsept.
– Kva synest du om at UiT gjekk bort frå namnet Smart Link?
Åsen ler.
– Eg synest sjølvsagt det var eit strålande namn, men har stor forståing for at universitetet ville kalle opp seminaret etter grunnleggaren. Dagens namn er veldig godt.
Peter Hjort beskriv faren som utretteleg arbeidsam. Han meiner denne eigenskapen var viktig då det nye universitetet skulle etablerast.
– Han arbeida, arbeida og arbeida. Som born syntes vi vel ikkje alltid det var like morosamt. Uansett heldt far på sin enorme arbeidskapasitet heilt til han døydde. I 2010, hans siste leveår, gav han ut ei stor bok som heiter «Alderdom». Men det var berre den tredje siste boka han utgav. Etter fars døyd kom familieboka «Peter og Helges forteljingar» ut. Og ikkje minst boka «Uheldige hendelser i helsetjenesten – pasientfortellinger». Far gjorde eit kjempearbeid med å gå gjennom saker i Norsk pasientskadeerstatning for å forstå kva ein kunne lære av dei, seier han.
Når Peter F. Hjort kom over ei problemstilling han ikkje visste svaret på, vendte han seg til litteraturen.
– Hans spørsmål var alltid: «kva har andre tidlegare tenkt om dette?». Dreidde det seg om eit spørsmål frå pasientane, ga han dei aldri berre eit lettvint svar for å få dei ut av døra, fortel sonen.
Hjort leia interimsstyret fram til han fekk jobben som rektor i 1972. I 1973 sa han frå seg rektorvervet fordi han ikkje hadde full støtte blant studentane. Etter dette heldt han likevel fram ved UiT i eit professorat fram til 2001.
Hjort hadde opphavleg ei stilling ved Rikshospitalet, men denne kom han aldri tilbake til etter tida i Tromsø. Han heldt fram med å forske og jobbe til det beste for helseutbygginga i Norge, mellom anna ved Statens institutt for folkehelse. Hjort såg på dei fem åra i Tromsø som dei viktigaste i livet.
– Dette var både den mest morosame og spanande perioden i livet, samstundes som det var den perioden eg fekk utretta mest. Eg skal vere realistisk nok til å innrømme at om eg ikkje hadde vore der, hadde det definitivt ikkje vore lett å finne ein annan medisinar som var villig til å kaste seg ut i dette. Og viss ein hadde somla, kan det tenkjast at tida ville gått frå prosjektet. Det er ei tid for alt. Eg trur fundamentet for universitetet måtte leggjast akkurat da det vart gjort, men dette var primært politikarane sin idé, sa Hjort i eit intervju med universitetet i 2008.
Etterkomaren med same namn fortel at faren på mange måtar tapte sitt hjarte til Nord-Norge.
– Mot slutten av livet, når far såg seg tilbake, opplevde eg aldri anna enn at han var utruleg glad for å at han hadde vore med på å starte opp universitetet i Tromsø. Peter F. Hjort-seminaret, med ein fot i universitetet og ein fot i arbeids- og næringslivet i Nord-Norge, trur eg er heilt rett. Sjølv om ikkje far syntest sjølvskryt var noko særleg, trur eg han hadde likt at seminaret vart oppkalla etter ham, seier Hjort og smiler.
I 1982, på tiårsmarkeringa for oppstarten av universitetet, vart han utnemnt til æresdoktor ved UiT. Peter Fredrik Holst Hjort døyde 1. januar 2011, 86 år gammal. Til tross for at han forlét Tromsø tidleg i universitetets historie, vil namnet hans for alltid vere knytt til verdas nordlegaste universitet.
Interessert i meir? Da kan du lese:
* «Universitetet i Tromsø 25 år» av Narve Fulsås (1993)
* Intervju med Peter F. Hjort gjort av Eivind Braastad Jensen i 2008
* «Universitetet i samfunnet», artikler og foredrag om Universitetet i Tromsø av Peter F. Hjort, 1975.