Foto: Kjell Ove Storvik

Krise og opprør i Finnmark

I 1988–1989 var det opprør i Finnmark. Kva var bakgrunnen for opprøret? Og kva fortel det om finnmarkingane og tilhøvet mellom dei to fylka i dag?

Krise og opprør i Finnmark

I 1988–1989 var det opprør i Finnmark. Kva var bakgrunnen for opprøret? Og kva fortel det om finnmarkingane og tilhøvet mellom dei to fylka i dag?

UiT logo liten

Publisert: 08.11.2019

Tekst :
Førsteamanuensis i moderne historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved UiT Norges arktiske universitet

Liten Uit logo
    Zachariassen, Ketil ( Tekst )
Førsteamanuensis i moderne historie ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved UiT Norges arktiske universitet

I overgangen mellom 1980- og 1990-talet ble norsk økonomi ramma av den verste økonomiske krisa etter andre verdskrig. På same tid som det var krise i verdsøkonomien, var det ressurs- og marknadskrise innan fiskeri og havbruk. Det ramma Finnmark særleg hardt, men også Troms fekk medfart. Årsaka var den sterke avhengigheita av fiskeri, fiskeindustri og havbruk i desse fylka.

Normalt i råvarebaserte næringar er det slik at om det er ressurskrise, så er marknaden god, det vil seie høge prisar som i ein viss grad veg opp for lite råstoff. Motsett: Er det marknadskrise, så er tilgangen på ressursar god, som igjen kan vege opp dei dårlege marknadsprisane.

Frå 1987 og nokre år framover ramma krisa lønsemda, betalingevna og sysselsettinga i fiskerinæringa. Talet på konkursar auka, særleg i Finnmark. Den einsidige avhengigheita av fiskeri i dei to nordligaste fylka førte til at dette fekk store konsekvensar også for resten av næringslivet og for bankane i lokalsamfunna.

Parallelt med krisa i fiskeria var det eit kraftig konjunkturomslag i norsk økonomi. Det kom etter ti år med jamn vekst og økonomisk oppgangstid. Omslaget var eit resultat av uro i internasjonal økonomi, først ramma det oljeprisen og dernest børsane. I Norge førte det til underskot i handelsbalansen med utlandet. Norges bank svarte med å heve rentene, noko som stagga investeringslysta, førte til mindre etterspurnad etter varer og tenester, auka sparing, nedgang i prisane på eigedom, auking i talet på konkursar og auka arbeidsløyse. Dette var ein vond sirkel som i Finnmark og Troms blei forsterka av krisa i fiskeria.

Konsekvensen i nord var nedgang i sysselsettinga, auka fråflytting og sterk fallande bustadpriser. Dette fekk bankane svi for.

Eigendommar som det var tatt pant i, var utan verdi. Stemninga var dyster. Ein banksjef sterkt prega av den økonomiske krisa, uttrykte det slik: «I Berlevåg er det bedre å ha pant i ei campingvogn enn i et bolighus». Moralen var enkel; Campingvogna kunne du ta med deg og selje ein annan stad, bustadhuset stod der det stod – og det hadde ingen verdi slik stoa var.

Artikkelen er hentet fra det populærvitenskapelige magasinet Ottar, som gis ut av Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag, UiT. 

Vil du abonnere på Ottar? Ta kontakt her!

Alle fiskevær og bygdesentrum av nokolunde storleik hadde på slutten av 1980-talet ein bankfilial, slik som på Grytøya utanfor Harstad.
Alle fiskevær og bygdesentrum av nokolunde storleik hadde på slutten av 1980-talet ein bankfilial, slik som på Grytøya utanfor Harstad. Foto: Sparebank1 Nord-Norge

Bankane var ikkje utan skyld i krisa og det var heller ikkje styresmaktene. Fram til midten av 1970-talet var norsk kredittpolitikk stramt regulert, så starta ei gradvis liberalisering av finanssektoren. Det førte til utlånsvekst og ekspansjon i banknæringa utover 1980-talet. Mantraet for bankane, konfirmert av finansminister og finansdepartementet, var å låne ut mest mogleg og skape mest mogleg vekst i økonomien. Innteningsmargin og god kredittvurdering la bankane mindre vekt på, det viktigaste var å auke marknadsandelen. Likeins var det med styresmaktene.

Økonomisk vekst var viktigast, medan tryg­gingstiltak, som at bankane måtte ha eigenkapitaldekning og sikringsfond, blei det lagt lite vekt på. Spiralen blei forsterka av auka privat forbruk og skattereglar som stimulerte til høgt forbruk. Da bobla sprakk og nedgangen i verdsøkonomien tok til, førte det raskt til ei økonomisk krise som var langt større og djupare enn det styresmaktene og bankane oppfatta i samtida. Resultatet var den verste bankkrisa i Norge sidan 1920-talet.

Frå 1988 til 1993 kom til saman 28 bankar i Kredittilsynets søkjelys som følgje av store tap og låg eigenkapitaldekning. I alt tapte norske finansinstitusjonar 76 milliardar kroner desse åra. Nokre forretningsbankar gjekk over ende. Andre, som fire av landets største spare- og forretningsbankar, overlevde krisa som følgje av at styresmaktene gjekk inn med økonomiske garantiar og krisepakkar.

Å gå i banken var ei daglegdags hending også for folk på Grytøya, det vere seg for å sette inn eller ta ut pengar eller for å betale rekningar.
Å gå i banken var ei daglegdags hending også for folk på Grytøya, det vere seg for å sette inn eller ta ut pengar eller for å betale rekningar. Foto: Sparebank1 Nord-Norge

Sparebankane går over ende – og blir redda

Den økonomiske krisa ramma Finnmark og Troms tidlegare og hardare enn resten av landet. Det fekk bankane raskt erfare. Spare­banken Nord og Tromsø Sparebank hadde begge sitt hovudkontor i Tromsø. Begge bankane var eit resultat av samanslutningar med mindre lokale sparebankar i Troms og Finnmark, og dei hadde begge hatt ein kraftig vekst sidan 1970-talet. I skarp konkurranse med kvarandre hadde dei sloss om å vere marknads­leiande i nord. Da den økonomiske krisa slo inn, skulle det snart syne seg at veksten hadde vore ute av kontroll. Innteninga var særs låg, tapa store, bankleiinga svak, drifta ute av kontroll og talet på tilsette og filalar høgt og lite formålstenleg. Til saman hadde dei to bankane i 1987 i alt 133 filalar og 1330 tilsette i Troms og Finnmark.

Hausten 1987 og nyåret 1988 sette begge bankane i verk krisetiltak, men det var for lite og for seint. Den økonomiske situasjonen var ute av kontroll. Store utlån til tradisjonelle næringar som fiske, fiskeindustri og bygg og anlegg og nye satsingar som havbruk, elektronikk og nærings- og forretningsbygg, gav alle store tap.

I eit forsøk på å berge sparebankane, tok bankane i oktober 1988 initiativ til frivillig fusjon. Dei fleste støtta planane, men i Finnmark gjekk ein i mot. Sterkast var misnøya med planane om samanslutning i Øst- Finnmark Sparebank, ein bank som hadde vore fusjonert med Tromsø Sparebank sidan 1972, men som hadde fått behalde namnet. Den som målbar misnøya, var regionbanksjef Kjell N. Olsen. Han gav tydeleg uttrykk for at han ikkje hadde tillit til leiinga i Tromsø Sparebank og hevda at ei samanslutning mellom Sparebanken Nord og Tromsø Sparebank var ei dårleg og dyr løysing som særleg ville ramme distrikta og arbeidsplassane der. Han meinte fusjonen var eit uttrykk for Tromsø-sjåvinisme. Protestane vant ikkje fram. Kredittilsynet gav klar beskjed om at det ikkje eksisterte noko alternativ til fusjon.

Reklame for Sparebanken Nord-Norge, hausten 1989.

Reklame for Sparebanken Nord-Norge, hausten 1989. Foto: Sarebank1 Nord-Norge

I november 1988 var det klart at både Sparebanken Nord og Tromsø Sparebank hadde tapt eigenkapitalen, i realiteten var dei begge konkurs. Tapa var da på til saman 571 millionar kroner mens driftsresultatet før tap var på 150 millionar kroner.

På dette tidspunktet hadde forretningsbanken Sunnmørsbanken allereie gått konkurs. Dei to Tromsø-bankane var dei første sparebankane som var råka av bankkrisa. I følgje Sparebankloven kan ikkje ein sparebank gå konkurs, men den kan bli sett under offentleg administrasjon for styrt avvikling. No var det opp til styresmaktene å finne ei løysing. Resultatet som regjeringa kom opp med, og som var ei nyskaping i norsk finanspolitikk, var ein tvungen fusjon og ein redningspakke frå Sparebankenes Sikringsfond og Norges Bank på 800 millionar kroner.

Det var fleire årsakar til at styresmaktene ønska fusjon og vidare drift i staden for styrt avvikling. Spare­banken Nord og Tromsø Sparebank hadde ein dominerande posisjon i bankmarknaden i dei to nordlegaste fylka, med særs mange privat- og næringslivkundar. Det var ingen andre bankar som var i stand eller posisjon til å ta over bankkundane.

I ein region prega av økonomisk tilbakegang og med stor avhengigheit av ei fiskerinæring i krise, hadde styresmaktene behov for ei varig løysing. Ein annan årsak var omsynet til den norske finansmarknaden og sparebankvesenet.

Hausten 1988 var det avdekka at ei nasjonal bankkrise var under oppsegling, ei styrt avvikling ville påføre andre bankar og finansinstitusjonar store tap og føre til at enda fleire bankar ville kome i økonomiske vanskar.

Sparebanken Nord og Tromsø Sparebank var pålagt å fusjonere. Den kriseråka banken stod framom store utfordringar. To bankar skulle bli ein. Ein storstilt og rask omorganisering med ny indre og ytre organisering, nytt administrativt styringssystem, nye vedtekter, ny strategi, nytt namn og ny forretningsidé skulle på plass. Med tanke på krisa banken stod i, var ikkje ambisjonen smålåten, banken skulle «være et selvstendig og lønnsomt finansforetagende med Nord-Norge som hovedarbeids-område og med hovedkontor i Tromsø».

Eit sentralt spørsmål var korleis banken skulle organiserast. Raskt kom ein fram til at ein skulle legge ein regionbankmodell til grunn og at banken skulle organiserast med fem regionar i tillegg til hovud-kontoret i Tromsø.

Dei fem regionane, Sør-Troms (Harstad), Midt-Troms (Finnsnes), Nord-Troms (Storslett) Øst-Finnmark (Vadsø) og Vest-Finnmark (Alta), skulle alle ha eit eige regionkontor og eige regionstyre.

Menn på fiskemottak
Berlevåg var eit av mange fiskevær på kysten av Finnmark som var svært avhengig av fiskeria. Da fiskerikrisa slo inn på slutten av 1980-tallet, førte det til mange konkursar, sterk nedgang i sysselsettinga, auka fråflytting og sterkt fallande bustadprisar. Foto: Kjell Ove Storvik

Opprør i Finnmark

I Øst-Finnmark steig misnøya. Dei såg ikkje at Finnmark var tent med ein bank styrt frå Tromsø. På same tid som dei i Tromsø streva med å få på plass samanslåinga av dei to Sparebankane, ble det i skjul arbeid for å få etablert ein eigen fylkessparebank i Finnmark. 19. desember 1988 sprakk nyheita. I eit konfidensielt brev til utvalte politikarar og næringslivsleiarar i fylket inviterte regionstyret i Øst-Finnmark Sparebank til møte i Alta på nyåret 1989. Tema for møtet var oppretting av ein ny fylkessparebank med utgangspunkt i Tromsø Sparebanks og Sparebanken Nord sine avdelingar i Finnmark. Saman med innkallinga var det lagt eit notat om målsettinga med og det økonomiske grunnlaget for det som blei omtalt som «Finnmark Sparebank».

Innhaldet i notata var dels ei klargjering av premissa som måtte ligge til grunn, dels argument for ein fylkessparebank og dels ein kritikk av fusjonsplanane og den noverande leiinga av den fusjonerte banken. Ein viktig føresetnad var at styresmaktene stilte seg bak ønsket, at dei fekk lov til å skilje ut dei aktuelle finnmarksavdelingane og at dei naudsynte økonomiske midlane blei stilt til rådigheit. Det ble i notatet spelt sterkt på fylkes-patriotismen, til dømes blei det hevda at sparebankvesenet i Finnmark ville bli eit underbruk under Tromsø så snart den økonomiske krisa var over. Vidare at dei økonomiske ressursane som i framtida blei skapt i Finnmark i liten grad ville bli nytta til å utvikle fylket og at Finnmark bare kunne utviklast av finnmarkingane sjølve.

Utspelet frå Øst-Finnmark blei ikkje teke godt i mot i Tromsø. Bankstyret her argumenterte med at styresmaktene hadde lagt til rette for å etablere ein levedyktig sparebank i Finnmark og Troms, det var opp til banken saman med folk, næringsliv og politikarane i landsdelen å syte for at målet blei nådd. Det var berre mogleg om alle sto saman. Fisjon og oppsplitting var ikkje ein moglegheit.

I Finnmark fekk planane om ein fylkessparebank brei støtte, sjølv om det også der var kritiske røyster. Fleire av ordførarane ønska initiativet velkome, det same gjorde fleire næringslivsleiarar. Ein av dei som støtta initiativet var Harald A. Paulsen frå Alta, tidlegare leiar av Finnmark Høgre.

Han hevda at «Tromsø-bankene slåss med nebb og klør for å beholde Finnmark som u-land og for å trekke kapital ut av fylket. Vi vil ikkje at vårt fylke skal gå inn i år 2000 som et lydrike under Troms.» Ein anna som støtta opp om initiativet var Anders Aune, fylkesmann i Finnmark og påtroppande toppkandidat for «Framtid i Finnmark» si liste til det kommande stortingsvalet. På same vis som Paulsen såg han bankspørsmålet i eit utbyttings- og koloniperspektiv. I eit lesarbrev sendt til alle Finnmarks-avisene omtala han initiativet som eit «frigjeringsarbeid», og åtvara mot dei kreftene som ville at fylket framleis skulle ha status som koloni.

5. januar 1989 stilte over 70 personar opp på møtet i Alta. Så å seie alle kommunane i Finnmark var representert med ordførar, og i tillegg stilte mange næringslivsleiarar opp. Det var valår til Stortinget, og fylkets fremste politikarar var positiv til ein eigen fylkessparebank. På møtet deltok fylkesordførar Erling Fløtten (AP), det gjorde også fleire av stortingsrepresentantane frå Finnmark, som Oddrun Pettersen (AP) og Steinar Eriksen (H). Ideen om Finnmark Sparebank var i følgje Eriksen den beste tanken som var klekt ut i Finnmark sist år og hevda at dette handla om råderetten over ressursane i eige fylke. Han peika også på at bank og finans var eit viktig verktøy for omstilling og kompetanse­heving, noko som var viktig for fylket. Eit samstemt møte konkluderte med at det skulle arbeidast vidare med planen om ein fylkessparebank og at kravet skulle forankrast i kommune­styrer og fylkesting. Anders Aune, som framleis var fylkesmann, meinte alt hang på finnmarkingane sjølve og summerte opp den oppglødde stemninga slik:

«Sammen vil vi lykkes! Et folkekrav fra Finnmark hvor kommuner, fylkeskommune og næringsliv står samlet bak, kan ingen regjering eller Storting legge kjelker i vegen for.»

Rødbanken i Storgata i Tromsø. Det tradisjonsrike og monumentale bygget er framleis hovudkontor for Sparebank1 Nord-Norge.
Rødbanken i Storgata i Tromsø. Det tradisjonsrike og monumentale bygget er framleis hovudkontor for Sparebank1 Nord-Norge. Foto: Kjell Ove Storvik

Ei veke seinare reiste ein delegasjon kommune-, fylkes- og stortingspolitikarar frå Finnmark til Oslo for å møte Stortingets finanskomité, finansministeren, Noregs Bank, Sparebankenes Sikringsfond og Kredittilsynet. Etter møtet var stortingsrepresentant Eriksen optimistisk, ingen hadde vendt tommelen ned for planen om Finnmark Sparebank. Anders Talleraas (H), leiar av Stortingets finanskomité, ønska ikkje å konkludere, men uttalte at «Slike lokalpolitiske strømninger som denne Finnmarksbevegelsen representerer, bør vi spille på lag med i stedet for å motarbeide.» På same tid auka det politiske presset frå Finnmark. Fylkespartia til Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet vedtok resolusjonar der dei støtta planane om oppretting av Finnmark Sparebank.

Planane om oppretting av Finnmark Sparebank vakte ikkje begeistring hos Sparebankenes Sikringsfond, Noregs Bank og Kredittilsynet. Dei stod fast på at føresetnaden for garantien var ei snarleg samanslåing av Sparebanken Nord og Tromsø Sparebank med siktemål om rasjonalisering, kostnadskutt og betra driftsøkonomi. Men kampen for ein fylkessparebank var politisert, og det i eit år med Stortingsval. Da var det ikkje sikkert at synspunkta til institusjonsbyråkratane var dei som vant fram til slutt.

Finansdepartementet, som tidlegare hadde støtta redningsplanen for dei to Tromsø-sparebankane, venta på Finanskomiteens si behandling av den framlagte stortingsmeldinga om redningspakken for Sparebanken Nord og Tromsø Sparebank. Finanskomiteen svarte med å be Finansdepartementet gjere ei «nøytral vurdering» av grunnlaget for ein fylkessparebank i Finnmark. I Tromsø var leiinga i dei fusjonerte bankane uroleg. Ville Stortinget ta omsyn til krava frå Finnmark? Rådet frå departementet var å gjere minst mogleg, og i alle fall ikkje noko som kunne auke spenninga på noko vis. For å kome aksjonistane i Finnmark i møte, omgjorde styret sitt vedtak om regioninndeling. Ein ny region, Vest-Finnmark, blei oppretta med regionkontor i Hammerfest. På same tid fekk Alta halde fram som regionkontor, med ansvar for Loppa, Alta, Karasjok og Kautokeino. Den nye regioninndelinga var eit tilsvar på kritikken som hadde kome frå kysten av Vest-Finnmark på den opphaveleg regioninndelinga. Under låg den gamle knivinga mellom Alta og Hammerfest. Styret gjorde også ei endring i forslag til vedtekter ved at det blei presisert at Finnmark og Troms skulle utpeike kvar sitt medlem til hovudstyret og at samansetninga av styret skulle gje ei rimeleg spegling av bankens verksemd i dei to fylka. 24. januar 1989 blei Finansdeparte­mentet si utgreiing om grunnlaget for ein fylkessparebank i Finnmark lagt fram.

Konklusjonen var eintydig: Det var ikkje grunnlag for ein fylkessparebank. Etablering av ein fylkessparebank ville gripe inn i den pågåande fusjonsprosessen i Tromsø på ein slik måte at det ville bryte med vilkåra som Sikringsfondet og Norges bank hadde stilt for den økonomiske redningspakken. Støtte og hjelp frå styresmaktene hadde frå starten av vore ein føresetnad for planane om ein fylkessparebank. Utan slik hjelp var det umogleg å realisere planane. Draumen var lagt død.

No var det tid for samarbeid og forsoning. Eit tydeleg teikn på forsoningsviljen var at Roald Wahlmann frå Øst-Finnmark igjen tok plass i den nye banken sitt styre. To månader tidlegare hadde han stilt seg bak planane om ein fylkessparebank og hadde da trekt seg frå styret. No var han tilbake som om ingenting hadde skjedd.

«Et nødrop fra ytterste Norden»

Ikkje alle la draumen om Finnmark Sparebank død. I mars 1989 varsla Nordkapp Sparebank, no den einaste sjølvstendige sparebanken i Finnmark, at dei ville ekspandere og etablere avdelingskontor i Alta. Banken la ikkje skjul på at dei hadde vekstplanar og ønska å tre inn i rolla som heile Finnmarks sparebank, noko dei hevda ville styrke finnmars­samfunnets og fylket sin råderett over eigne ressursar. Optimismen og pågangsmotet til Nordkapp Sparebank la seg brått. Hausten 1990 bad styret i banken om fusjon med Sparebanken Nord-Norge, som var det nye namnet til dei fusjonerte Tromsø-sparebankane. Kva hadde gått galt?

Kort fortalt var den lokale spareban­ken råka av den økonomiske krisa i Finnmark, den same krisa som hadde råka Tromsø-sparebankane nokre år tidlegare. I eit siste forsøk på å redde den lokale banken skreiv den tidlegare fiskaren, lensmannen, ordføraren og fylkesordføraren Axel Samuelsberg:

Dette er et nødrop fra ytterste Norden, fra bygder som er dømt nord og ned av alle kapital­krefter. Hvis vi ikke klarer å redde banken, er vi dømt til undergang.
– Axel Samuelsberg

Han var ein av fleire frå Lebesby og Nordkapp som saman med dei lokale kommunane prøvde å redde banken gjennom «Folkeaksjonen For Banken Våres». Men det var for seint for Finnmarks siste sjølvstendige sparebank. Tapstala steig og banken var teknisk sett konkurs. Løysinga blei tvungen fusjon med Sparebanken Nord-Norge, som fekk tilført 15 millionar kroner i kompensasjon frå Sparebankenes Sikringsfond.

Bakteppet for Finnmarksopprøret på slutten av 1980-talet var den økono­miske krisa som herja landsdelen. Ei krise som særleg ramma fiskeri og fiskeindustrien og slik også Finnmark og Troms, kor avhengigheita av desse næringane var særs stor. Krisa velta dei største nordnorske sparebankane, to bankar som begge hadde hovudkontor i Tromsø og som hadde omfattande økonomisk verksemd i Finnmark. Sterke krefter innan politikk og næringsliv ivra for at Finnmark skulle få sin eigen fylkessparebank. Opprøret den gong lykkast ikkje. Finnmark fekk ikkje sin fylkessparebank, og på starten av 1990-talet var den siste sjølvstendige sparebanken i fylket historie. Har den økonomiske utviklinga i Finnmark vore hemma av mangelen på ein fylkessparebank? Lite tydar på at det har vore ein hemsko. Utan at det er plass til å gå inn på det her kan vi uansett slå fast at bankane har vore gjennom ein djuptgåande transformasjon sidan 1990-talet. Sjølv om bankanes grunnleggjande funksjon på mange vis er dei same, er måten dette er organisert på så fundamentalt endra i det digimoderne samfunn at dei på mange vis ikkje er til å kjenne igjen.

Mange av argumenta frå inngangen til 1990-talet kan vi i dag kjenne att i motstanden mot fylkessamanslåinga av Troms og Finnmark. Dei fortel slik om ein langvarig og vedvarande frykt for sentralisering, om frykt for tap av arbeidsplassar og kompetanse, om frykt for ikkje å vere herre i eiget hus og frykt for å miste kontrollen over utviklinga i eige fylke – og om det å vere utkant.

Litteratur:

Holm, Petter, Bjørn Petter Finstad og Pål Christensen: «Aldri mer 18. april!» i Norges fiskeri- og kysthistorie Bind IV Havet fisken og Oljen 1970-2014. Hovedred.: Nils Kolle, bindred.: Pål Christensen. Fagbokforlaget. Bergen 2014.

Lie, Einar: Norsk økonomisk politikk etter 1905. Universitetsforlaget, Oslo 2012.

Zachariassen, Ketil: Oppdrag Nord-Norge. SpareBank 1 Nord-Norges historie, bind 2, 1989–2014. Orkana Forlag, Stamsund 2014.

Labyrint er et kunnskapsmagasin
fra UiT Norges arktiske universitet.

Redaksjon: Seksjon for kommunikasjon – UiT
Kontakt: Karine N. Aarskog
Webutvikling: Lars Nordmo