Foto: Sergey Nivens

Elektrisk energi kan gjere oss meir berekraftige

Elektrisitet kan bidra til at vi kan bruke fornybar energi i bilar, båtar, fly og husa våre. Men korleis kan vi få nok elektrisk energi til riktig tid og på riktig sted? Det er ei utfordring som forskarar prøver å løyse.

Elektrisk energi kan gjere oss meir berekraftige

Elektrisitet kan bidra til at vi kan bruke fornybar energi i bilar, båtar, fly og husa våre. Men korleis kan vi få nok elektrisk energi til riktig tid og på riktig sted? Det er ei utfordring som forskarar prøver å løyse.

UiT logo liten

Publisert: 25.09.2023

Tekst :
Kommunikasjonsrådgiver ved Seksjon for kommunikasjon, UiT

Tekst :
Kommunikasjonsrådgiver, seksjon for kommunikasjon, UiT Norges arktiske universitet

Liten Uit logo
    Bludd, Ellen Kathrine ( Tekst )
Kommunikasjonsrådgiver ved Seksjon for kommunikasjon, UiT
    Eidum, Espen Viklem ( Tekst )
Kommunikasjonsrådgiver, seksjon for kommunikasjon, UiT Norges arktiske universitet

I framtida må vi bruke meir fornybar energi og mindre fossilt brensel. Det kan elektrisitet hjelpe oss med. Denne overgangen kan skje raskt.

Verdas første el-ferje stod klar i 2015 i Noreg, og forskarar trur at alle norske bilferjer brukar ei eller anna form for elektrisk energi innan 2030.

Tenk berre på kor mange fleire elbilar det har kome dei siste 10-15 åra.

– Elektrisk energi er grunn til optimisme, ei mogelegheit for berekraft, ei mogelegheit for fornybar energi, og mest av alt ei mogelegheit til å få noko gjort, seier Bjarte Hoff.

Han er førsteamanuensis ved institutt for elektroteknologi ved UiT Noregs arktiske universitet. 

Denne saken er skrevet for barn og unge. Les flere slike saker om energi her: ENERGI

Elektrisk energi er grunn til optimisme, ei mogelegheit for berekraft, ei mogelegheit for fornybar energi, og mest av alt ei mogelegheit til å noko gjort,
– Bjarte Hoff

I overgangen frå eit fossilt til eit berekraftig samfunn, er vi nemleg avhengig av å både produsera energien på eit fornybart vis og transportera den på ein berekraftig måte.  

Mange kjelder til energi

Det er mange kjelder til energi, både fornybare og fossile. Fornybare energikjelder går tilbake til naturen sitt kretslaup, og dei fleste startar med energi frå sola. Den energien haustar vi gjennom solcellepanel, vindturbinar, vasskraftverk, og ulike former for bioenergi.

I tillegg kjem andre former som geotermisk energi med varme frå jorda sitt indre, og tidevassenergi påverka av månen si rørsle.

Bjarte_Hoff_UIT_19571_Foto_Espen_Dalmo.JPG
Førsteamanuensis, elektroteknologi, UiT Norges arktiske universitet

Energien må fram til riktig tid 

– Energien vi haustar må fraktast fram til der han kan verte nyttig oss.  Dersom energien er i form av elektrisitet, kan han sendast i kraftnettet og høgspentlinjer, eller gjerast om til andre former som til dømes hydrogen eller kjemisk lagring i batteri, seier han.

Å få fram energien til der vi treng han til riktig tid er viktig, nettopp for å få noko gjort. 

– Elektrisitet blir ofte lyfta fram som ein del av løysinga, slik at overgangen til eit berekraftig samfunn òg betyr ein elektrifisering av samfunnet. Derfor ser me stadig fleire elektriske bilar, båtar, ferjer og etter kvart fly, seier Bjarte. 

elever gjør eksperiment i klasserommet med en vifte som viser vindkraft
Elevar ved Husøy skule jobbar med å produsere straum frå vindkraft. Dei har besøk av forskarar i Smart Senja-prosjektet, der me prøver ut korleis styring av oppvarming og varmtvatn i fleire bustadar saman med industrien, gir god og stabil tilgang på elektriske energi. Foto: Berit Kristoffersen/UiT

Energien kan ikkje venta 

Utfordringa med elektrisitet, er at han må nyttast i den augneblinken han blir skapt. Vi kan ikkje la energien ligga å venta i kraftnettet til vi er klare til å ta imot. Vi må derfor prøve å produsera og omtrent like mykje energi som vi brukar.

Denne balansen kan vi finne på to måtar: gjennom fleksibilitet eller lagring.

Mange fornybare energikjelder varierer. Til dømes er tilgangen på energi frå sol og vind rett og slett avhengig av veret. om produksjonen varierer med veret, klarar vi å tilpassa forbruket vårt slik at vi berre brukar energi når han er tilgjengeleg?  

Eit anna problem er kapasiteten i høgspentlinjene våre.

I gamle dagar var fabrikkar ofte plassert nær kraftverka. Da ble energien brukt der den var hausta.

Men om mykje elektrisk energi skal fraktast over store avstandar, krev det tilsvarande store og mange høgspentlinjer.

Men finst det alternativ til desse linjene? 

Bygder med batteri 

– Lagring er eit alternativ til stadig større høgspentlinjer. Om energien kan lagrast nær der den blir brukt i framtida, må vi ikkje nødvendigvis planlegga arbeid og fritid etter været, seier Bjarte Hoff. 

Det er mange prosjekt som prøver ut  korleis vi kan vera fleksible i forbruket vårt for å halda balansen og ikkje overbelasta kraftnettet.

Eit av dei er Smart Senja-prosjektet, der vi prøver ut korleis vi kan styra oppvarming og varmtvatn i fleire bustadar saman med industrien og samstundes ha god og stabil tilgang på elektrisk energi.

I bygdene Senjahopen og Husøy er det plassert to store batteri.  

– Når det er overskot på energi, kan han lagrast i batteria, og så kan vi bruke han når vi har behov. Derfor er òg batteria ein moglegheit, seier Bjarte. 

stort batteri løftes med kran
To gigantiske batteri blir løfta på plass på Husøy. Batteria skal bidra til stabil spenning i straumleveransen til bygda. Foto: Jørn Berger-Nyvoll/UiT
Når det er overskot energi, kan han lagrast i batteria, og kan vi bruke han når vi har behov. Derfor er òg batteria ein moglegheit
– Bjarte Hoff

Til skogs med batteri og hydrogen

Energi er nødvendig for å få ting til å flytta på seg. Det er jo difor transportmiddel som bilar, båtar og fly treng å få med seg nok energi på turen til å koma trygt fram. 

Bilar er nok det transportmiddelet som har kome lengst, der batteria gradvis har blitt gode nok til å erstatta bensin og diesel for dei fleste. Utviklinga har ikkje kome like langt på alle andre former for landtransport, men det går tydleg i ei retning av elektrisk energi.

Mellom anna jobbar UiT saman med universitet i Sverige og Finland for å bruka batteri og hydrogen for å gjera skogsdrift meir berekraftig. Dette er maskiner som i dag går på diesel.

Skipet mitt er lasta med… 

Elektriske ferjer har det òg blitt mange av. Dei fungerer godt fordi det er kort avstand mellom ferjekaiane og god tilgang på elektrisk energi til lading. Andre typar båtar fylgjer etter, nokre  som hybride fartøy som kan bruka både straum og diesel.  

– For mange er det dessverre vanskeleg å ha plass til nok batteri for lengre avstandar, og ikkje alle har ein plass i nærleiken for å lade opp batteriet. Det blir derfor forska på andre alternativ, der energien kan lagrast i form av hydrogen eller ammoniakk, fortel Bjarte Hoff.   

Dette testar forskarane ut no.

Eit konkret eksempel er eit stort internasjonalt prosjekt kor lasteskipet Bitflower skal ta i bruk hydrogen på for å redusera bruk av fossilt drivstoff. 

Mykje spennande skjer i lufta 

I lufta er det allereie elektriske fly med batteri som energiberar, men dei er foreløpig små og har ofte ikkje plass til meir enn to personar. Batteri er tunge og tar meir plass enn fossilt drivstoff, så det er ingen lett jobb å elektrifisera luftfarten.  

UiT har kjøpt to slike små elektriske fly til universitetet sin flyskule på Bardufoss . Der er det òg installert solceller og batteri på flyplassen, slik at flya kan fylle med fornybar, lokalprodusert energi.

– Her kjem det til å skje mykje spennande framover, for regjeringa planlegg å leggja til rette for elektriske fly på korte flyruter allereie i 2024, fortel Bjarte.

Han trur nok det vil gå litt meir tid før vi kan vere passasjerar i elektriske fly, men det går absolutt i den retninga. 

mann som står ved siden av elfly
Frå dåpen av UiTs elfly på Bardufoss flystasjon 2. oktober 2019. På flyplassen er det også installert solceller og batteri, slik at flya kan fyllast med fornybar lokalprodusert energi. På biletet står professor Yngve Birkelund ved Institutt for fysikk og teknologi ved UiT. Foto: Tomas Rolland/UiT
Labyrint er et kunnskapsmagasin
fra UiT Norges arktiske universitet.

Redaksjon: Seksjon for kommunikasjon – UiT
Kontakt: Karine N. Aarskog
Webutvikling: Lars Nordmo