Suksess for forskingsinfrastruktur

Noregs forskingsråd gjev pengar til infrastruktur som skal hjelpe alt frå strålebehandling til valforsking. UiT er breitt og tungt inne.

En kvinne sitter med en datamaskin og ser på celler eller liknande.
Forskarar samlar og behandlar enorme mengdar data. Då må infrastrukturen vere god. Foto: David Jensen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 26.09.24 11:11 Oppdatert: 26.09.24 13:16
Om UiT

– I kveld skal eg feire med litt boblar, jublar førsteamanuensis Jonas Stein frå sitt forskingsopphald i Australia.

Førsteamanuensis Jonas Stein skal leie ei arbeidspakke i KODEM. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT

Stein er, saman med Troy Saghaug Broderstad, UiT sin representant i Coordinated Online Panels for Research on Democracy and Governance in Norway (KODEM), eit stort samarbeidsprosjekt for datainnsamling om demokrati og samfunnsutvikling. Prosjektet er leia av UiB og er eitt av 20 infrastrukturprosjekt som no får støtte frå Noregs forskingsråd (NFR).

Seks UiT-satsingar inne

Forskingsrådet støttar seks satsingar kor UiT deltek, mellom anna går ELIXIR-prosjektet – som systematiserer datainnsamling av livsvitskaplege data – inn i fase 4. Prosjekt og program innan geofare, artsdatabase for plantar, tungrekning og strålebehandling får òg midlar. Felles for dei alle er at dei er breie samarbeid mellom norske institusjonar.

– Dette visar både bredda og tyngda i UiT sine fagmiljø og kor viktig det er å samarbeide med andre. Infrastruktur er ein berebjelke for god forsking, men kostnadane og omfanget er så enormt at det er både naturleg og effektivt å samarbeide, seier prorektor for forsking og utvikling, Jan-Gunnar Winther.

– Det vart lagt ned eit stort arbeid på fakulteta rundt søknadsprosessen i fjor, og vi er glade for den gode utteljinga det har gjeve. Tydinga av denne tildelinga er svært viktig for dei fagmiljøa som har fått tilslag, held han fram.

Alle dei ulike prosjekta skal no gå i forhandlingar med Forskingsrådet om kor mykje dei får tildelt. Forskingsrådet skal dele ut 1,3 milliardar kronar, og dei UiT-involverte prosjekta har totalt bedt om rundt 620 millionar.

Desse UiT-prosjekta får støtte:

  • Norwegian Plant Phenotyping Platform (PheNo): NMBU, UiO, UiT, NIBIO, NTNU
  • ELIXIR4 - OpenLifeScience - Enabling Open Life Science in Norway: UiB, Veterinærinstitutt, UiO, UiT, NMBU, NTNU, FHI
  • E-INFRA 2023 - A National e-infrastructure for Science: SIGMA2 AS, NTNU, UiB, UiO, UiT
  • EPOS-Norway – Research Infrastructure for Geohazards: UiB, UiT, NGU, NORSAR, NGI, NORCE
  • Norwegian research infrastructure for web data: NB, UiO, UiT, NR
  • Coordinated Online Panels for Research on Democracy and Governance: UiB, NTNU, UiA, SIKT, UiS, INSTITUTT FOR SAMFUNNSFORSKNING, UiO, UiT, NORCE, OSLOMET
  • National proton therapy research infrastructure (forprosjekt): OUS, UiT, UiB, HVL, Helse Bergen, NTNU

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 26.09.24 11:11 Oppdatert: 26.09.24 13:16
Om UiT