UiT inngår samarbeid med FNI

UiT Noregs arktiske universitet har signert ein samarbeidsavtale med Fridtjof Nansens Institutt. Samarbeidet skal knytast til forsking om geopolitiske forhold og framtidas Polhav.

Frå ein av sesjonane som handla om geopolitikk på Arendalsuka i fjor, med rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, Andreas Østhagen, seniorforskar ved FNI, forsvarssjef Eirik Kristoffersen, utanriksminister Anniken Huitfeldt, Svein Rottem, seniorforskar ved FNI og Ine Marie Eriksen Søreide, leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité.
Frå ein av sesjonane som handla om geopolitikk på Arendalsuka i fjor, med rektor ved UiT, Dag Rune Olsen (t.v.), Andreas Østhagen, seniorforskar ved FNI, forsvarssjef Eirik Kristoffersen, utanriksminister Anniken Huitfeldt, Svein Rottem, seniorforskar ved FNI og Ine Marie Eriksen Søreide, leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 30.05.23 12:42 Oppdatert: 31.05.23 13:59
Arktis Geopolitikk Samfunn og demokrati

Avtalen mellom dei to forskingsinstitusjonane er eit ledd i å setja tryggingspolitikk på dagsorden i endå større grad enn før.

– Nordområda er den geopolitiske regionen med størst betydning for Noreg, og som me alltid treng ny, forskingsbasert kunnskap om. Som det nordlegaste universitetet i verda bringar me fram ny kunnskap om tryggleiks- og geopolitikk frå mange felte, også ut over konvensjonelle militære studiar. Det gjer oss til ein attraktiv samarbeidspartnar, seier rektor ved UiT, Dag Rune Olsen.

– For eit arktisk-orientert institutt som vårt er det ein glede, eit privilegium, ja ein nødvendigheit å samarbeide med Noregs arktiske universitet, seier Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.

Framtidas polhav

Den overordna tematikken for samarbeidet vil i første omgang vera knytt til forsking om geopolitiske forhold og Framtidas Polhav.

– Avtalen med Fridtjof Nansens Institutt vil også gi kraft til det nye forskingsprosjektet Framtidens polhav, som UiT har vært med på å ta initiativet til og som begge institusjonane no driv fram. Dette er eit viktig prosjekt, fordi eit tidvis ope polhav gir nye utfordringar, også tryggingspolitiske, seier Olsen.

Det er eit mål at samarbeidet mellom UiT og FNI skal utviklast og utvidast til også å omfatta nye fag og andre deler av partsverksemda.


Kortnytt fra Universitetsledelsen
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler