UiT pregar Arctic Frontiers

I månadsskiftet januar/februar møtast forskarar, politikarar, og næringslivet på Arctic Frontiers i Tromsø, med stor internasjonal interesse for endringane i nord. Det er mange bidrag frå UiT på konferansen, men du kan òg møte oss på fleire opne arrangement.

Ein mann talar frå eit podium
Rektor Dag Rune Olsen på Arctic Frontiers 2022. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.01.23 12:38 Oppdatert: 27.01.23 09:40
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Klima Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati

Det er snart 20 år sidan den første Arctic Frontiers gjekk av stabelen, den gongen på UiT i Breivika. No skjer det meste på The Edge i Tromsø sentrum, kor forskarar, politikarar, og andre med interesse for nord møtast, deler forsking, lærer, og diskuterer.

Blant deltakarane finn vi vår eigen statsminister, utanriksministrane frå Noreg, Sverige og Island, Sametingspresidenten, ein amerikansk senator, toppbyråkratar frå EU og FN, i tillegg til leiarar frå universitet, institutt, og næringsliv frå nært sagt heile verda.

Opne møteplassar

For å sjå kva som vert diskutert på konferansen må ein vere deltakar. Men UiT er òg med på fleire arrangement som er opne for alle, kor vi snakkar om nokre av dei viktigaste utfordringane våre, både lokalt, regionalt, og globalt.

Ei kvinne på ein talarstol i eit auditorie.
TILBAKE I TROMSØ: Utanriksminister Anniken Huitfeldt tala på UiT i mai 2022. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

Tysdag 31. januar er rektor Dag Rune Olsen på eit arrangement om nordområdesatsinga med mellom anna utanriksminister Huitfeldt, lokalpolitikarar, næringsliv, og UiT-statsvitar Øystein Solvang. Nordområdesatsinga er ei massiv satsing over mange felt, og no òg prega av Russland sin invasjon av Ukraina. Les meir på Arcitic Frontiers eller på Facebook.

Same dag speler podkasten «Det store bildet» inn ei spesialsending kor mellom anna statsvitar Jonas Stein og historikar Kari Aga Myklebost er gjestar. Vertar er Sofie Høgestøl og Eirik Bergesen. Meir info på Facebook.

Fleire menneske diskuterar, sittande utandørs.
MØTAST IGJEN: statsminister Jonas Gahr Støre og studentleiar Jonas Toft møttast sist på UiT hausten 2022. Foto: Jørn berger Nyvoll / UiT

Onsdag 1. februar møter leiar for Studentparlamentet hjå UiT, Jonas Toft, statsminister Jonas Gahr Støre om «Ungdom – Nord-Norges superkraft». Tromsø ungdomsråd tek over Rådhuset i Tromsø og er vertskap for ein samtale med statsministeren og ordføraren på premissane til dei unge. Representantar frå mellom anna Natur og Ungdom, Ungdommens fylkesråd, og Skeiv Ungdom deltek òg. Meir info på Facebook.

Det er òg opne moglegheiter for å få med seg rykande fersk forsking utanfor konferanseprogrammet. Pecha Kucha er eit konsept kor ein har 20 bilete og 20 sekund per bilete til å fortelje historia si. Tysdag kveld kan du få med deg lynraske føredrag frå mellom anna UiT-arane Emma Vogel og Linnea Nordström, i tillegg til forskarar frå mellom anna Aberystwyth University, NTNU og Meteorologisk Institutt.

Forsking og samarbeid i førarsetet

Arctic Frontiers handlar mykje om arktisk forsking, og UiT speler sjølvsagt ein aktiv rolle. Årets tema er Moving North, som handlar både om korleis folk flyttar seg i nord, korleis geopolitikken flyttar seg, korleis vi kan flytte energiproduksjonen vår, korleis klimaet endrast og kva for konsekvensar det vil få.

Ei kvinne held opp ei sjøorganisme om bord på eit forskingsskip.
SKAL DELE FORSKING: Postdoktor Terri Souster er ein av dei mange UiT-tilsette som skal delta i det vitskapelege programmet. Foto: Privat

På konferansen skal rundt 40 UiT-tilsette leie eller delta i programpostar om forsking, politikk, og utvikling. Folkehelse i nordområda, det samla presset på naturen i Arktis, framtida på Svalbard, geopolitikk, atlantifisering av hava i nord, og havvind er berre nokre av temaa.

Men konferansen er òg eit møtepunkt for politikarar, byråkratar, og leiarar frå alle sektorar som kan tenkast å vere interesserte i Arktis. Rektor og universitetsleiinga skal møte leiing frå internasjonale universitet, ambassadørar frå mellom anna Island, Frankrike og Italia, vår eiga statsminister, og ha eit utvida møte i Arctic Five. I tillegg er det ei rekke møtepunkt med næringsliv, utdanningssektoren, og styresmaktar, kor UiT skal vise fram forskinga si, legge premissa for utviklinga av Arktis, og starte nye, fruktbare samarbeid.

Les meir: Hvordan håndtere et Arktis under press?

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.01.23 12:38 Oppdatert: 27.01.23 09:40
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Klima Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati
Vi anbefaler