UiT og studentane forsterkar samarbeidet

UiT og studentdemokratiet har fornya avtalen som gjev studentane ei sterkare stemme. – Samarbeidet med studentane er heilt avgjerande, seier rektor. 

To menn tek kvarandre i handa
FORNØGD: Studentleiaren og rektoren tar kvarandre i handa for eit godt samarbeid. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 05.12.22 10:49 Oppdatert: 05.12.22 10:58
Om UiT Studentliv / Studier

 Samarbeidsavtalen mellom UiT og studentdemokratiet har ein lang tradisjon på UiT, og vart fornya og styrkja i førre veke. Avtalen sikrar studentane ein stemme i fleire forum og at dei får ressursar frå UiT som gjer at dei kan gjere ein betre jobb for studentane. No er avtalen revidert for første gong sidan 2017, med endringar som styrkjer studenttinga på dei individuelle studiestadane. 

To menn signeree papir.
I BOKS: rektor og studentleiar signerer avtelen som styrkjer samarbeidet dei to imellom. Foto: Kjetil Rydland / UiT

– Det er ein kjempefin avtale som gjer oss eit grunnlag for godt samarbeid mellom studentane, studentorganisasjonane, studentparlamentet og oss. Det er ekstremt viktig for at me skal levere det beste til studentane, seier rektor Dag Rune Olsen. 

Har verka på tvers av tid og menneske

Avtalen går utover minimumskrava til universiteta, og leiar av studentparlamentet, Jonas Toft, seier dei er særs godt nøgd. Studentane ser på avtalen som ein god gest og eit ønskje om godt samarbeid frå universitetet. 

– Denne avtalen har sikra samarbeidet og rettane våre gjennom fleire år, gjennom fusjoneringar og nye typar studentar, og har verka uavhengig av kven som er rektor og studentleiarar. Me har hatt eit gjevande og relevant samarbeid i alle desse åra, seier Toft. 

– Avtalen viser vår forplikting til studentane, og understrekar at samarbeidet med dei er heilt, heilt, avgjerande, legg rektor Olsen til.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 05.12.22 10:49 Oppdatert: 05.12.22 10:58
Om UiT Studentliv / Studier