– Furre sa me hadde gjort imponerande mykje i ein vanskeleg situasjon

Frå romsterande mus oppteken av lokalhistoria til globale støysorterarar — historiefaget feirar 50 år på UiT.

Avisutklipp av ei sak om historiefaget, sort kvitt bilete av fire glade menn.
GOD STEMNING: Historieseksjonen inviterte pressa til Tromsø museum då Einar-Arne Drivenes og Henry Minde hadde ordna og katalogisert arkivet etter Alta koparverk. Frå venstre professor Narve Bjørgo, hovudfagsstudentane Einar-Arne Drivenes og Henry Minde, og professor Edgeir Benum. Foto: Faksimile Norldys
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 01.12.22 13:00 Oppdatert: 15.09.23 09:15
Historie Om UiT

Seinhausten 1972 byrja dei første hovudfagsstudentane i historie på det nystarta og ambisiøse Universitetet i Tromsø. Ein av dei var noverande professor emeritus Einar-Arne Drivenes:

– Det er klart me som har vore med sidan oppstarten kjenner oss stolte. Det nye Universitetet i Tromsø hadde eit tydeleg samfunnsoppdrag som knytte oss tett til samfunnet kring oss i både forsking, undervisning og formidling, seier han.

Fekk eit halvår for seg sjølve

Ein mann snakkar til folk i eit auditorium
VELKOMMEN: professor emeritus Einar-Arne Drivenes ønskte velkommen. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Drivenes fortel at dei første studentane for det meste var nordlendingar som hadde byrja utdanninga sørpå og som no ville heim for å skrive landsdelens og lokalsamfunna si historie. Dei var faktisk på plass på UiT før amanuensisen som skulle undervise og rettleie han og medstudentane; den smått legendariske Berge Furre.

– Me hadde den fordelen at me fekk romstere fritt eit halvår før Berge Furre var på plass, og nok eit halvår til før dei neste lærarane installerte seg i Tromsø. Me var musene som dansa på bordet i husbonden sitt fråvær, men me fekk skryt frå Furre om at me «hadde gjort imponerande mykje i ein vanskeleg situasjon», seier Drivenes.

Forskar med nysgjerrigheit og nordnorske perspektiv

I byrjinga var historie ein av tre seksjonar på Institutt for samfunnsvitskap, men er no ein del av Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi. Frå å vere ein del av eit heilt nytt og forholdsvis lite universitet, er dei no ein del av kunnskapsmastodonten UiT Noregs arktiske universitet.

– Historiemiljøet teke samfunnsoppdraget på alvor gjennom 50 år. Forskarane her har vore heilt sentrale i å skrive den nordnorske historia, og i å forske på nasjonal og internasjonal historie med eit nordnorsk perspektiv. Og ikkje minst har eit utal lærarar, lektorar, nye forskarar og andre studentar fått den historiefaglege utdanninga si her, seier førsteamanuensis Christine Smith Simonsen som sjølv har forska på Afrikas historie.

To menn og to kvinner poserar.
KLAR FOR JUBILEUM: Frå venstre førsteamanuensis Christine Smith Simonsen, rektor Dag Rune Olsen, instituttleiar Åsne Ø. Høgetveit, og professor emeritus Einar-Arne Drivenes. Foto: Kjetil Rydland / UiT

I dag tilbyr UiT Noregs arktiske universitet årsstudium, bachelorgrad- og mastergradsstudium, og lektorutdanning i historie. Både samisk og kvensk historie viktig i studiet, i tillegg til ei brei innføring i nasjonal og internasjonal historie gjennom 1000 år.

– Historiefaget er eit fag der ein lærer å stille spørsmål ved etablerte forteljingar, og drøftar kva som ligg til grunn for ulike hendingar og utviklingstrekk. Nysgjerrigheit er ein viktig eigenskap for ein god historikar, seier leiar ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi, Åsne Ø. Høgetveit.

Dagsaktuelt og med stor fagleg tyngde

Rektor Dag Rune Olsen opna jubileumsprogrammet og framheva då at historie har vore eit av dei mest sentrale fagmiljøa heilt sidan oppstarten.

– Historie er eit av dei fagmiljøa på UiT som både har vore med på å bidra til landsdelen, satsa på å rette seg internasjonalt og har ein stor, stor fagleg tyngde, seier rektor.

Olsen peiker òg på kor viktig historie- og minneforsking er i dagens politiske situasjon i nordområda og meiner òg at UiT har eit av dei sterkaste fagmiljøa i Noreg på krigshistorie.

– Historiefaget er framleis dagsaktuelt, så at historiefaget på UiT har fått mindre betydning er heilt feil. Tvert imot, seier Olsen.

Me treng historia vår

Ein dame syng
OPNA JUBILEET: instituttleiar Åsne Ø. Høgetveit opna programmet med ein song frå mellomalderen. Foto: Kjetil Rydland / UiT

I to dagar skal historikarane drøfte både sin eigen historie og produksjon, men òg korleis historiefaget kan seie oss mykje om notida.

- Det ligg mykje makt i å få fortelje si historie. Det ser me både på det geopolitiske planet, men også i det heilt lokale. Slik verda ser ut i dag, med klima- og naturkrise, storkrig i Europa, og demokratiske verdiar under press, treng me historiefaget for å hjelpe oss som samfunn å sortere ut støy og finne dei viktige spørsmåla. Me gler oss til å halde fram med dette gjennom forsking, undervisning og formidling, seier instituttleiar Høgetveit.

Det er 90 påmelde til jubileet, men det er mogleg å kome på foredraga så langt det er plass.

Program

Torsdag 1. desember

1100–1105 Åpning ved rektor Dag Rune Olsen

1105–1115 Velkommen

1115-1145: Då det umoglege blei mogleg – eit universitet i Nord-Noreg. Narve Fulsås

1145-1215: «I byrjinga var---«. Historiefaget i pionertida. Einar-Arne Drivenes, kommentar Kjell Kolbeinsen

1215-1245: Draumen om Nord-Noreg. Frå lokalhistorie til regionalhistorie. Einar Niemi, kommentar Steinar Aas

 

1300-1330: Frå Nansen til Arven etter Nansen. Norsk polarhistorie. Harald Dag Jølle, kommentar Lena Aarekol

1330-1400: Mitt Afrika. Randi Rønning Balsvik, kommentar Christine Smith-Simonsen

1400-1420: Kulturell vending i Tromsø? Teoretiske og historiografiske straumdrag. Helge Salvesen

 

1445-1515: Nordnorske byer, – finst dei?  Steinar Aas, kommentar Hallvard Tjelmeland

1515-1545: Fiskarbonden i solnedgang. Åsa Elstad, kommentar Alf Ragnar Nielssen

1545-1615: «Opp alle jordas bundne treller, …» arbeidarrørsla i Nord-Noreg. Hallvard Tjelmeland, kommentar Knut Einar Eriksen

1615-1645: Kva er det med Halvdan Koht, tromsøhistorikarane og nordnorsk mellomalder? Sigrun Høgetveit Berg, kommentar Ian Peter Grohse

 

Fredag 2. desember

0900-0930: Kald krig i Tromsø. Stian Bones, kommentar Fredrik Fagertun

0930-1000: Krigen og krigen om krigen. Joakim Markussen, kommentar Marianne Neerland Soleim

1000-1030: Krig og fred. Fredsforsking i Tromsø. Christine Smith-Simonsen, kommentar Randi Rønning Balsvik

 

1045-1115: Dei fødde, dei gifte og dei døydde. Demografi i Tromsø. Gunnar Thorvaldsen, kommentar Birgit Larsen

1115-1145: Dei frelste. Læstadianismen i historisk perspektiv. Rolf Inge Larsen, kommentar Siv Rasmussen

1145–1205 De fortapte: Rune Hagen: Hekseforfølgelsene i undervisning og forsking ved AHR

1205–1225  Hekseforfølgelsene i Finnmark. Liv Helene Willumsen

 

1315-1345: Sami Ædnan og Ruijan Suomalaisia, Urbefolkning og nasjonale minoritetar. Ketil Zachariassen, kommentar Petia Mankova

1345-1415: Gjensyn med Den finske fare. Tryggingspolitikk og minoritetane i etterkrigstid. Knut Einar Eriksen, kommentar Stian Bones

1415-1445: Asymmetriske naboar. Russlandsstudier i Tromsø. Kari Aga Myklebost, kommentar Åsne Ø. Høgetveit

1500-1530: Ut på tur – møter med landskap, kultur og folk. Christel Misund Domaas, kommentar Einar Niemi

1530-1600: Under kateteret. Historiestudent i Tromsø. Magnus Andersson, kommentar June Sørlie

 

Avslutning: Tale ved slutten på reisa. Kva nå? Instituttleiar Åsne Ø. Høgetveit

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 01.12.22 13:00 Oppdatert: 15.09.23 09:15
Historie Om UiT