Strategigruppe samla med Skjæran

Strategigruppa for Maritim 21 overleverte sin rapport til fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran i januar i år. Nyleg vart gruppa samla for siste gong, der ministeren kunne fortelja at rapporten har blitt grundig lest og tatt omsyn til i mange av regjeringa sine satsingar. 

Gruppe mennesker samlet
Strategigruppa for Maritim 21 samla for siste gong saman med fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran (foran i midten). Foto: Privat
Portrettbilde av Eidum, Espen Viklem
Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 29.11.22 13:23 Oppdatert: 30.11.22 09:10
Bærekraft Energi Hav

UiT Norges arktiske universitet var representert i gruppa ved førsteamanuensis Bjarte Hoff frå Institutt for elektroteknologi ved UiT i Narvik.

Regjeringa kom hausten 2020 med ei stortingsmelding om maritim næring, Grønnere og smartare – morgondagens maritime næring. I meldinga skriv regjeringa at ho vil leggje fram ein ny, oppdatert Maritim21-strategi. Strategien skal gi ein heilskapleg gjennomgang av maritim forsking, utvikling og innovasjon, og skal også gi ein særleg gjennomgang av teknologi og forskingsmoglegheiter knytt til grøn skipsfart og digitalisering.

Forskingsrådet har vert involvert i prosessen heilt frå starten og dette er også spegla i forskingsrådet sine utlysingar.

Målet med den nye strategien er å stimulere til forsking, utvikling og innovasjon som bidrar til berekraftig vekst og verdiskaping, auka konkurranseevne og eksport frå maritim næring.

Strategigruppa for Maritim21 er samansett av representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO. 

Rapporten er tilgjengeleg her: https://www.maritim21.no/om-maritim21/nyheter/maritim21-strategien-overlevert/

 


Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler