Statsbudsjettet i UiT-tal

Torsdag 6. oktober kom regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Her er tala for UiT.

Ei haug med dokumentar
Ilustrasjonsbilete. Foto: Mostphotos/ctacik
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 06.10.22 15:06 Oppdatert: 10.10.22 14:24
Om UiT

UiT sin totalpost for 2022 var 3.647.822​.000 kroner, altså omkring 3,6 milliardar. I regjeringas forslag skal UiT få 3,806 milliardar i 2023. Det er 4,3 % meir i reine pengar, men når ein justerer tala for prisauke, lønsoppgjer og liknande, er det ​ein realauke på 1 %.

Gode resultat betalar seg

Delar av finansieringa frå Kunnskapsdepartementet (KD) er den såkalla resultatkomponenten, som vil seie at universiteta får pengar etter mellom anna kor mange studentar som fullfører studia, doktorgradar som tildelast og artiklar som vert publisert. Denne komponenten er omkring 0,97 milliardar i 2023, ein​ netto auke på 50 millionar frå 2022.

Omprioriteringar og endringar

Til grunn for totalramma ligg det ei del berekningar og prioriteringar frå departementet. UiT bestemmer sjølv korleis me disponerer totalramma, men KD har berekna at innlemminga av Nordland kunst- og filmhøgskule gjer at UiT treng 12,2 millionar. I tillegg får me 30 nye studieplassar i medisin, som gjev 4,1 millionar i auka overføringar.

Samstundes trur KD at endra reisevanar gjer at UiT kan kutte 21,8 millionar, og at me og kan spare 5,2 millionar på at studentar frå land utanfor EU og Sveits frå og med hausten 2023 må betale studieavgift.

Pengar frå andre departement

UiT og prosjekt hjå UiT får òg pengar frå andre departement:

  • GoNorth får 10 millionar frå Nærings- og fiskeridepartementet.
  • Det er satt av 5,3 mill. frå Justis- og beredskapsdepartementet til å styrke trygderettsleg og EØS-rettsleg forsking.​ Her samarbeider UiT med UiO og UiB, og dei skal då dele midla.
  • Tromsøundersøkinga får 7 millionar til vidare drift frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Samisk senter for helseforsking får 6,4 millionar frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Nasjonalt senter for distriktsmedisin får 5 millionar for vidare drift frå frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Divvun, som utviklar samisk språkteknologi og praktiske hjelpemiddel får 8 millionar til drift frå frå Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Senter for hav og Arktis, som nyleg vart ein del av UiT, får 5,6 millionar frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 06.10.22 15:06 Oppdatert: 10.10.22 14:24
Om UiT