Metangassutslepp frå havbotn – ikkje berre ein klimabyrde 

Vi har alle høyrt om metangassutslepp som utgjer ein trugsel mot klima og gigantiske gassutblåsingar på havbotnen i Barentshavet. Men no synar ny forsking frå UiT fram ei anna side av metangassen, der gassen er ein ressurs og kjem mange dyr til gode.

Arbeid om bord Forskingsfartøyet Kronprins Haakon.
Gjørme frå botn inneheld viktig kunnskap. Arbeid om bord Forskingsfartøyet Kronprins Haakon. Her er Raphaelle Descoteaux (t.v.) saman med Emmelie Åström. Foto: Bodil Bluhm/Arven etter Nansen
Publisert: 04.10.22 09:38 Oppdatert: 05.10.22 09:06
Arktis Bærekraft Klima

– Naturlege utstrøymingar av metangass lager spesielle økosystem og skapar artsmangfald på havbotnen, seier Emmelie Åström, forskar ved UiT og prosjektet Arven etter Nansen.

I Barentshavet finnast det mange oppdaga kalde utsleppstadar der metangass straumar ut av havbotnen. Dette kan gjennom mikrobiske prosesser blir omdanna videre til næring og fungere som ein matkjelde til dyr som lev og oppheld seg ved dei kalde utsleppsstadane.

Gassen siver og straumar ut frå botn i frå reservoirer langt under havbotnen. Med hjelp frå mikrobar, vert energi omdanna frå gass til sulfid eller spiselege karbohydrat som kjem andre botndyr til gode. Grunna ekstra forsyning av mat frå metan og sulfid kan kalde gassutslepp gi høg tettheit og artsmangfald av dyr som lev på botnen av havet
Gassen siver og straumar ut frå botn i frå reservoirer langt under havbotnen. Med hjelp frå mikrobar, vert energi omdanna frå gass til sulfid eller spiselege karbohydrat som kjem andre botndyr til gode. Grunna ekstra forsyning av mat frå metan og sulfid kan kalde gassutslepp gi høg tettheit og artsmangfald av dyr som lev på botnen av havet Foto: Skjematisk bilde ved gassutslepp på havbotnen i Arktis, av Emmelie Åström, UiT

Nye funn for Arktis

Funna i studien bringer ny kunnskap om Arktis. Ein ser liknande utslepp i djuphavøkosystem på ulike stadar på jorda, men at dette skjer på kontinentalsokkelen i Arktis, på eit relativt grunt område, og på plassar med høg fotosyntetisk produktivitet er nye funn.

ein Multicore som kjem opp frå havbotnen
Rett utstyr er viktig. Her er ein Multicore som kjem opp frå havbotnen. Foto: Emmelie Åström/UiT

– I denne studien har vi vist fram at dyr som lev ved kalde utsleppstader har mye større variasjon i val av matressursar takka metangassutsleppa og kjemosyntese, seier Åström.

Studien synte også at det karbonkjelder avleia via kjemosyntese ikkje berre skjer ved isolerte område i djuphavet med avgrensa tilførsel av organisk materiale via fotosyntese, men også finner stad på høgproduktive arktiske grunne botnområder.

Metan vert til sårt tiltrengt mat

Metangassen, i kombinasjon med mikrobiske prosessar fungerer som energikjelde i det som blir kalla kjemosyntese. Kjemosyntese dannar energi uavhengig av sollys og fotosyntese, og dette utgjer eit næringsgrunnlag for spesielle artar som samarbeider med slike mikrobar som kan bruke metan eller sulfid. Men det kommer også større rovdyr til nytte som kan ete byttedyr som kan nytte mat frå kjemosyntese.

– Vi må no anerkjenne at metangassutsleppa er ein komplementær næringskjelde på enkelte plasser i Arktis. Dette førar til at mengda med mattilførsel i Barentshavet er høgare enn vi tidlegare tenkt, seier forskaren.

Artar frå prøvetaking vert sortert. Arbeid om bord forskningsfartøyet Kronprins Haakon.
Artar frå prøvetaking vert sortert. Arbeid om bord forskningsfartøyet Kronprins Haakon. Emmelie Åström (t.v.) saman med Raphaelle Descoteaux. Foto: R. Descoteaux/Arven etter Nansen

Viktig kunnskap om miljøet i Barentshavet

Kalde utsleppstadar er ifølgje norske mynde anerkjent som spesielle og utsette område som  vi treng å følgje med på (Miljødirektoratet sin rapport 2019).

Emmelie Åström.
Emmelie Åström. Foto: UiT

På grunn av interessa frå petroleumsindustrien, har forskarar tidlegare studert kjemi og geofysikk i desse områda, men biologien har til no vore mindre undersøkt.

– Denne nye studien synar at kalde utsleppstadar er viktige leveområde, der ein kan sjå at biodiversitet og artsmangfald nyttar seg av fleire næringskjelder for å overleve, fortel Emmelie Åström.

Saman med kollegaer, gav Emmelie Åström ut ein vitskapleg publikasjon i 2020 på biologiske «hotspots» no har ho teke forskinga vidare og funnet ut at metangass er ein viktig kombinasjon til vanleg matkjelde i økosystemet. Les meir om denne forskinga her: Ukjent undervannsparadis rundt gassutslipp i Arktis (forskning.no)

Les også: Gigantiske gassutblåsninger på bunnen av Barentshavet

Publisert: 04.10.22 09:38 Oppdatert: 05.10.22 09:06
Arktis Bærekraft Klima
Vi anbefaler