Feira 120 nye tilsette frå utlandet

UiT er ei fleirkulturell arbeidsplass med tilsette frå 82 ulike nasjonalitetar. I førre veke ønskte UiT 120 nye tilsette frå utlandet velkommen til Nord-Noreg.

Mange menneskje sitt og et i ei kantine.
Velkomstdagen vart avslutta med eit internasjonalt måltid. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 19.09.22 15:13 Oppdatert: 23.09.22 12:38
Om UiT

– Våre internasjonale tilsette utgjer no rundt 25% av totalen. Det er me svært stolte av, for dei er ein uvurderleg ressurs for universitetet vårt, seier prorektor for forsking og utvikling, Camilla Brekke.

Derfor ville ho vere personleg til stades på mottakinga for å ønskje dei nytilsette velkommen på vegner av heile leiinga. Alle nytilsette forskarar og undervisarar frå utlandet vert inviterte til velkomstdagen – ein offisiell understreking av at UiT set stor pris på dei.

Døropnarar

Fire kvinner poserar.
ARRANGØRANE: f.v Vibeke Hemmingsen, EURAXESS kontakt ved Institutt for samfunnsmedisin, og Lisbeth Woll Mortensen, Mari Buck og Gølin Irene Larsen som er ein del av International Staff Mobility Team. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Mari Buck frå Seksjon for internasjonalt samarbeid leiar arbeidet med velkomstdagane, som finn stad tre gonger i året. Ho er sjølv halvt engelsk, og derfor òg tospråkleg og tokulturell.

– Det har vist meg at det kan vere vanskeleg å kome inn i det norske samfunnet, så eg meiner det er utruleg viktig å opne døra for dei, seier ho.

Velkomstdagane er ein del av UiT sitt engasjement i EURAXESS, det adminstrative støtteapparatet for EU sitt European Research Area (ERA). Dei fungerer òg som informasjonsmøte, kor IT-avdelinga, fagforeiningane og Universitetsbiblioteket presenterer seg sjølve. Dei nytilsette får òg informasjon om sine plikter og kva krav UiT har til dei som tilsette. Det fysiske møtet er på campusen i Breivika, mens tilsette frå andre stadar deltar digitalt.

Dei er ønska

UiT ønskjer få det aller beste ut av alle sine tilsette. Buck trur at jo meir heime dei kjenner seg, jo betre vil dei ha det, og jo betre jobb vil dei gjere.

– Derfor vil UiT vise dei at dei er ønska hjå organisasjonen, og at me lyttar og skal hjelpe dei så godt me kan, seier ho.

I tillegg til velkomstdagane har UiT òg seminar om korleis ein jobbar med nordmenn.

Portrett av ein mann.
FORNØGD: Himanshu Buckchash. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Himanshu Buckchash er frå India, og starta sin postdok i informatikk hjå UiT for fire månadar sidan. Han seier det har vore ei framifrå oppleving til no, og at han kjenner seg godt motteken.

– Ein slik dag er nyttig og viktig. Eg har fått mykje god informasjon frå mitt eige institutt, men eg lærte noko i dag òg, seier han.

Noreg er annleis

Monika Gabriela Bartoszewicz frå Polen er ny førsteamanuensis hjå Institutt for teknologi og sikkerheit. Dette er fjerde gongen ho startar i ein ny jobb på eit nytt universitet i eit nytt land.

– Vêret her er veldig kaldt, men menneskja er veldig varme, seier ho.

Portrett av ei kvinne
I NYTT LAND FOR FJERDE GONG: Monika Gabriela Bartoszewicz. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Bartoszewicz seier Noreg er det mest annleise landet ho har flytta til, og både når det gjeld klima og korleis samfunnet og menneska er innretta.

– Ein slik velkomstdag er veldig norsk. Eg har jobba mange stadar, i store metropolar, og ingen tar imot med same omsorg som i Noreg. På ein måte er det kanskje litt overdriven, men det er fint å kjenne at arbeidsgjevaren min faktisk bryr seg om korleis eg har det, seier ho.

Viktige bidrag

Dei tre mest vanlege utanlandske nasjonalitetane på UiT er tysk (144), svensk (86) og indisk (61). 19 tilsette er dei einaste frå sin nasjon på UiT, mellom anna frå Lesotho, Colombia og Estland.

Prorektor Camilla Brekke seier UiT er heilt avhengige av å hente inn internasjonal arbeidskraft for å gjennomføre sine forskings- og innovasjonsprosjekt.

– Dei internasjonale tilsette bidreg med svært viktig kompetanse og arbeidskraft. Dei bidrar rett og slett til drivkrafta vår i nord, seier prorektor Brekke.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 19.09.22 15:13 Oppdatert: 23.09.22 12:38
Om UiT