– Så godt som mogleg, så trygt som mogleg og så morosamt som mogleg!

Dei ulike faddervekene er i full gang på UiT. På måndag snakka UiT og fadrane i Tromsø om korleis alle kan få gode opplevingar.

Tre personar på ei scene. publikum sine ryggar.
UiT på scena under DebutUKA sin kickoff for fadrar. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 18.08.22 14:12 Oppdatert: 19.08.22 09:39
Om UiT Studentliv / Studier

350 fadrar fann vegen til Driv i Tromsø for DebutUKA sitt kickoff-arrangement måndag 15. august. Der var òg studentombodet og representantar for studieadministrasjonen og personalavdelinga.

Portrett av to menn og ei kvinne på Driv studenthus
F.v: Juridisk rådgjevar Svein Are Edøy, studentombod Torill Varberg og juridisk rådgjevar Erlend Berntsen. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Korleis få hjelp?

– Me er her for å snakke om erfaringane me har gjort oss dei siste åra, seier Erlend Berntsen. Han er ansvarleg for å behandle varslar om trakassering eller mobbing mellom studentar.

– Me veit at det skjer. Til dømes veit me at 30% av jentene og 10% av gutane vert utsette for seksuell trakassering. Det er sjølvsagt ikkje greitt, og så me er her for å snakke med fadrane om kor dei kan finne hjelp, og korleis dei kan løyse konfliktar eller melde frå om dei ser nokon som vert utsett for mobbing eller trakassering, seier han.

Stort ansvar

DebutUKA i Tromsø og faddervekene på dei andre campusane på UiT er ofte nye studentar sitt første møte med ein ny by, ny kvardag, eit ukjent universitetssystem, og for mange, òg sjølve vaksenlivet.

Portrett av ein mann.
Leiar for DebutUKA 22, Isak Wang Gustavsen Foto: Kjetil Rydland / UiT

– Ein fadder er ein tryggleiksperson. Dei sett standarden for korleis ein skal vere student og kva slags oppførsel ein skal ha mot andre, seier Isak Wang Gustavsen, leiar for DebutUKA.

Gustavsen seier det er eit aukande medvit i studentmassen på grensesetting, respekt og ansvar. Derfor synest han det er viktig at UiT møter fadrane og viser at det er ressursar tilgjengeleg.

– Fadrane har eit stort ansvar, og det er viktig at dei ser det og tek det inn over seg. Dei vert på mange måtar representantar for UiT, og då er det bra at me er einige om korleis ein skal vere student og kva slags oppførsel ein skal ha mot andre, seier han.

Fleire etiske regelverk

Det er sjølvsagt at ein skal oppføre seg bra mot alle på universitetet, men UiT har og konkretisert fleire etiske regelverk og retningslinjer for både tilsette og studentar. I vår innførte UiT etiske retningslinjer for all undervisning. I tillegg har UiT retningslinjer for å handsame varslar om mobbing og/eller trakassering mellom studentar, retningslinjer for mobbing/trakassering hjå tilsette, og eit etisk regelverk for rettleiarar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Arbeidet med eigne etiske retningslinjer for studentar ved UiT er i startgropa.

Treng du hjelp eller nokon å snakke med?

Alle som treng å snakke med nokon eller vil varsle kan bruke Si fra!-portalen.

Der kan ein varsle om mobbing, seksuell trakassering, ekstremisme, dårleg læringsmiljø og andre kritikkverdige forhold. Ein finn òg informasjon om UiT sine regelverk, kva rettar ein har og kven ein kan snakke med.

Ein kan òg kontakte studentombodet direkte. Studentombodet har utvida teieplikt.

Studentombod Torill Varberg seier at det er UiT som har hovudansvaret for å ta imot nye studentar, og at det derfor er naturleg og førebyggande at dei informerer fadrane.

– Når me tek imot nye studentar må me sørge for at alle har det så godt som mogleg, så trygt som mogleg og så morosamt som mogleg i disse første vekene. Samstundes må me lage ein arena kor det er greitt å seie frå om at her går grensa. Uansett kor moro ein har hatt det fram til då, skal ein kunne seie ifrå om noko går ut over eigne grenser, integritet eller verdiar, seier ho.

– Ta ein pause og tenk deg om

Svein Are Edøy er juridisk rettleiar for universitetsleiinga og har mellom anna ansvar for varslingar. Han håper dei kan gje fadrane ressursar til å vere gode ambassadørar for UiT.

– Eg håpar det kan gje dei ekstra tryggleik at me informerer dei om deira rolle, og at UiT har rutinar og ressursar for varsling, seier han.

Alle fire understrekar kor viktig fadrane er for UiT, og kor takksame dei er for at så mange ønskjer å ta på seg den rolla og det ansvaret.

DebutUKA-leiaren oppfordrar både nye og gamle studentar om å jamleg reflektere over kor eigne og andre sine grenser går.

– Det er nok av dei som angrar i ettertid for noko dei har gjort. Så ta deg ein pause av og til, og spør deg sjølv om kva du skal gjere no, seier han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 18.08.22 14:12 Oppdatert: 19.08.22 09:39
Om UiT Studentliv / Studier