Sette ut forskingsmonster på Nordpolen

Ei massiv målebøye, kalla Monsteret, vart satt ut på laurdag 29. juli under Polhavstoktet 2022 til Nordpolen. Bøya skal gje oss meir kunnskap om økosystema under isen nord for Svalbard.

Forskingsbøye på isen på Nordpolen. Mykje utstyr og forskarar. I bakgrunnen RV Kronprins Haakon.
Monsteret gjerast klart på isen på Nordpolen. I bakgrunnen kan ein sjå RV Kronprins Haakon. Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 03.08.22 11:31 Oppdatert: 03.08.22 15:23
Arktis Hav Naturvitenskap

Monsteret er eit vitskapleg ekkolodd som skal fortelje oss meir om fiske- og planktonsamfunnet som lever under isen og korleis samansetninga endrar seg gjennom årstidene. Bøya skal drive med isflaket sørover i Polhavet, og etter kvart komme ned i Framstredet der ho vil verten henta opp med båt. Undervegs òg samle data om lys, temperatur og vêrforhold.

Forskingsbøye på isen, glade forskarar skriv helsingar på han.
Monsteret fekk lykkehelsingar før det vart festa i isen. Foto: Pedro de la Torre / NTNU

Bøya er komen til gjennom Arctic ABC, eit prosjekt leidd av UiT, Noregs arktiske universitet, i samarbeid med NTNU og Norsk Polarinstitutt.

Dekan ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi, professor Jørgen Berge leiar prosjektet:

– Med ei slik bøye får me ein kontinuerleg serie av målingar av fisk og plankton etter kvart som bøya driv sørover. Det vi gje ny kunnskap om fordelinga og variasjonen av førekomstar av fisk og plankton i Polhavet, seier han.

Forskar Pedro de la Torre frå NTNU har hatt ansvaret for å bygge og utplassere bøya.

– Eg er særs fornøgd med å ha utplassert bøya frå F/F «Kronprins Haakon» heilt på Nordpolen, å ha fått kalibrert målingane frå bøya mot ekkolodda på skipet, og ikkje minst er eg glad for å sjå at det blir sendt data frå bøya no når ho er forlaten på isflaket, seier han.

Gjennom samarbeidet om bord har ei gruppe, leidd av seniorforskar Haakon Hop ved Norsk polarinstitutt, gjennomført prøvetaking på Nordpolen og undervegs på toktet med planktonnett og pelagisk trål.

– Ekkolodda registrerer data, men ein må vite kva som blir registrert. Gjennom vår prøvetaking vil vi ha eit godt grunnlag for å tolke registreringane frå bøya, seier Hop.


Kortnytt fra Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler