Feirar mangfaldet i kjemi

I ei spesialutgåve av eit av kjemiens leiande tidsskrift fortel 38 forskarar om korleis det er å vere LGBTQIAPN+ i deira forskingsmiljø. UiT-professor Abhik Ghosh er stolt over å ha vore redaktør for utgåva.

Ein mann i ei lab held fram eit tidsskrift
STOLT: Abhik Ghosh med spesialutgåva av Inorganic Chemistry Foto: Stina Guldbrandsen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 21.04.22 13:41 Oppdatert: 21.04.22 18:36
Helse og velferd Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati

For to år sidan satt UiT-professor Abhik Ghosh og skreiv eit minneord om Martin Gouterman, ein av dei første opne homofile kjemikarane. I samband med det arbeidet fekk han vite om ein rekke andre homofile kjemikarar som levde i skam og einsemd, og at fleire av dei døydde av AIDS. Han hadde inga aning om desse skjebnane, og det vart ein ordentleg vekkjar. Sjølv om AIDS-epidemien og homohat i førre hundreår kan verke fjernt for oss i vestlege land no, er me langt unna ei fordomsfri verd. Ideen om ein global synleggjeringskampanje vart fødd.

– Det handlar om å få fram mangfaldet og gje kvarandre rollemodellar, seier Ghosh.

Dette står LGBTQIAPN+ for:

L = lesbian (lesbisk)
G = gay (homofil)
B = bisexual (biseksuell)
T = transgender (transkjønna)
Q = queer/questioning (skeiv)
I = intersex
A = aromantic/asexual (aseksuell)
P = polyamorous/pansexual (panseksuell)
N = nonbinary (ikkjebinær)
+ = kjønns- og seksuelle minoritetar som ikkje er dekt av noko ovanfor

Han er professor i uorganisk- og materialkjemi ved Institutt for kjemi på NT-fakultetet, og har jobba for mangfald i årevis. Han leiar Center for Sustainable STEM Education, eit UiT-senter som jobbar for berekraft og mangfald i naturvitskapelege utdaningar. Prosjektet fekk fyrtårnprisen i 2021, men no har Ghosh utvida nedslagsfeltet sitt frå UiT sine utdanningar til heile verdas kjemimiljø.

Eit av kjemien sine flaggskip

I ei spesialutgåve av tidsskriftet Inorganic Chemistry står han og 37 andre kjemikarar fram som LGBTQIAPN+ – altså som ulike minoritetar innan kjønn og seksualitet. Tidsskriftet publiserast av ein av verdas største vitskaplege organisasjonar, American Chemical Society, som har 150 000 medlemmar frå 141 land. Ghosh har òg laga framsidebiletet, inspirert av regnbogeflagget og biomolekylet porfyrin.

I utgåva fortel kvar enkelt av dei 38 om korleis dei har opplevd å vere ein seksuell- eller kjønnsminoritet i sitt arbeidsliv og forsking. Spesialutgåva inneheld òg ei rekke vitskaplege artiklar som er særs relevant for kjemiundervisning på alle nivå.

– Artiklane presenterer både banebrytande vitskap og pedagogisk viktige omgrep. Eg er spent på å kunne bruke samlinga som ein viktig ressurs når eg underviser og kan presentere nokre av forfattarane av desse studiane som skeive førebilete, seier Ghosh.

Forskinga tener på mangfald

Melina Duarte er filosof og førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium. Ho trur spesialutgåver som denne kan inspirere og motverke sosiale normer som gjer at folk ikkje kan vere seg sjølve på arbeidsplassen.

Portett av ei kvinne med briller, utandørs
Førsteamanuensis Melina Duarte. Foto: Stina Guldbrandsen / UiT

– Det er undertrykkande og urimeleg å krevje at forskarar skal skjule ein så stor del av si eiga identitet på ein stad kor dei bruker så mykje av tida si, seier ho.

Både som arbeidsgjevar og utdannings- og forskingsinstitusjon er universiteta moralsk forplikta til å vere mangfaldig og inkluderande for alle, meiner Duarte. Det er eit sosialt ansvar å gje alle lik rett til utdanning og forsking. I tillegg er det ein stor fordel å vere ein mangfaldig institusjon. Ein får færre blindsoner og fleire synsvinklar på det ein undersøker:

– Det kan opne opp for heilt nye problemstillingar og heilt nye felt som akademia har oversett eller diskriminert, seier ho.

Ho peikar òg på at forsking viser at mangfaldige grupper presterer betre enn homogene grupper på mellom anna kreativitet, nyskaping, problemløysing og publiseringsmengde.

Viktig for rekrutteringa

I USA identifiserer 21 prosent av dei mellom 18 og 25 seg som LGBTQIAPN+. Andelen ser ut til å auke og ein ser ein liknande tendens i mange europeiske land. Då er me heilt avhengige av å skape eit LGBT+-vennleg miljø på universiteta og i samfunnet elles, meiner Ghosh.

– Me har allereie eit rekrutteringsproblem i realfaga, og me er heilt avhengig av å rekruttere dei beste talenta, både frå Noreg og utlandet. Då kan me ikkje ha eit miljø som ekskluderer kvar femte student, seier Ghosh.

Farleg å vere minoritet

Ghosh oppfordrar sine skeive kollegaer i Vesten om å vere allierte – å gje ein hjelpande hand når mogleg – til forskarar i land kor LGBTQIAPN+ er uglesett, sanksjonert eller ulovleg. Det er framleis 70 land kor seksuelle handlingar mellom to av same kjønn er straffbart, og Ghosh og samarbeidspartnarane klarte ikkje å få ein einaste forskar frå Afrika eller Asia til å bidrege til utgåva.

Me er heldige som bur i eit land kor ein kan uttrykke seg fritt og meir eller mindre vere den ein er. Fleirtalet av verdas befolkning er ikkje like heldige. Det er tankevekkande at leiarartikkelen min vil verte lesen i land kor ein fengslar og til og med avrettar homofile, seier han.

Det skjer òg i Noreg

Men sjølv LBGTQIAPN+ har sterkt vern i Noreg og Norden, opplever framleis mange subtil diskriminering, ekskludering og strukturell urettferd. LBGTQIAPN+ har i gjennomsnitt dårlegare psykisk helse enn heterofile CIS-personar. Interseksjonelle, som tilhøyrar fleire minoritetar, kan finne seg sjølv i spesielt utfordrande omstende.

– Til liks med forfattarane i spesialutgåva, ønsker eg å utvide mangfald og inkludering utover det kjønnsbinære. Me må sjå seksuell legning, etnisitet, kultur, kjønnsidentitet og redusert  fysisk og mental funksjonsevne som ein heilskap, seier Ghosh.

Sjølv om han sett stor pris på gode relasjonar til dei aller fleste av sine kollegaer og studentar, fortel Ghosh at han følt seg motarbeida av nokre få, og at han til tider har vurdert å forlate akademia. I forordet til spesialutgåva skriv han «Ein og anna fordomsfull person er nok til å kaste sand i eit elles progressivt og velfungerande maskineri».

– Over tid vil slike haldningar skape ei forgifta stemning som lagar eit dårleg miljø for alle, seier han.

Bra for oss alle

Duarte trur utgåva kan gje merksemd for kor viktig mangfald er i akademia, og kan vere ei støtte for LGBTQIAPN+-akademikarar som kjenner seg forbigått, motarbeida eller ikkje velkomne. Men han kan gje styrke til medlemmar av alle minoritetsgrupper.

– Når ein utfordrar stereotypiar og fremmer mangfald, opnar ein opp for eit meir komplekst sosialt samspel og gjer individa fridom til å realisere seg sjølv på eit autentisk sett. Det er eit universelt gode, men vil òg gjere samfunnet, forskinga og utdanningane betre, seier Duarte.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 21.04.22 13:41 Oppdatert: 21.04.22 18:36
Helse og velferd Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati
Vi anbefaler