Haust 2022:    NOR-6004 Norsk som andrespråk - 15 stp

Søknadsfrist

Søknadsfrist 01.03 på http://udir.no/vidareutdanning (Gir stipend-/vikarmiddel) Søknadsfrist/registreringsfrist ca. 15.05. på http://uit.no/evuweb (Restplassar) Sjå http://uit.no/ilp/evu for meir informasjon

Emnetype

Vidareutdanning av lærarar for 8.-13. trinn. Nettbasert.

Emnet er berre mogleg å ta for studentar som har fått opptak til norsk 2  for 8.-13. trinn via UDIR.


Opptakskrav

  • Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.
  • Fullført norsk 1 eller tilsvarande 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.

Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-2045 Norsk som andrespråk 10 stp
NOR-2055 Norsk som andrespråk. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp

Innhald

Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også kopla til andrespråksundervising og fagdidaktiske problemstillingar som gjeld undervisning på 8.-13. trinn. I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen  av underundervisnings- og forskningsfeltet norsk som andre språk i skule og samfunnsliv.

Kva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

•    andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit

•    ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning

•    kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar

•    sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking

•    sentrale prinsipp for undervisning for elevar med norsk som andrespråk, inkludert undervisning basert på digitale løysingar

•    språklege rettar for elevar som lærer norsk som andrespråk slik det går fram av opplæringslova og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020

Ferdigheiter:

Studenten kan:

•    bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte

•    grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk

•    diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk

•    presentere fagstoffet munnleg og skriftleg

•    gjennomføre ei empirisk undersøking rundt undervisning for elevar med norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studentane kan:

•    bruke kunnskap om andrespråkstileigning til å planlegge og reflektere over undervisning i ei elevgruppe som har ein eller fleire elevar lærer seg norsk som andrespråk


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk

Språk på arbeidskrav: nynorsk

Språk på eksamen: bokmål

Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk.

Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.


Undervisning

Undervisninga er nettbasert og gjeven i form av fem tematiske modular. Mellom kvar modul skal studentane delta i fem webinar på zoom der det blir føresett aktiv deltaking i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Studentane skal i tillegg møtast i faste studiegrupper.

Eksamen

Vurderingsform: Dato: Varighet: Karakterskala:
Hjemmeeksamen 30.11.2022 09:00 (Utlevering)
07.12.2022 13:00 (Innlevering)
7 Dager A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

En tekst Godkjent – ikke godkjent
En muntlig presentasjon Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

•    Studenten skrive ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord.

Teksten blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.

•    Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der andrespråkstileigning er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt.

Presentasjonen blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.


Kontinuasjonseksamen

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester.
  • Om emnet
  • Studiested: Nettbasert |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: NOR-6004