Fekk EU-millionar for fjerde gong

UiT-professor Balpreet Singh Ahluwalia og teamet hans på Chip NanoImaging held fram med å lykkast med søknadane sine. No skal nanoskopi-chipen deira kommersialiserast.

Fire menn ser på ein skjerm i ei lab.
SUPERFORSTØRRING: Ahluwalia og kollegaene studerer eit nanoskopi-bilete. Foto: Jon-Kristian Hagene
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 03.03.22 16:15 Oppdatert: 03.03.22 16:14
Naturvitenskap Teknologi

– Dette visar at med den rette ideen og dei rette folka, kan ein gjere høgteknologiske gjennombrot over alt, òg langt mot nord, seier Balpreet Singh Ahluwalia.

Alvorleg mykje pengar

Portett av ein mann med brillar.
EU-VINNAR IGJEN: Balpreet Singh Ahluwalia. Foto: UiT

Chipen han starta å utvikle for snart eit tiår sidan har no vorte til bedrifta Chip NanoImaging. Bedrifta er ei såkalla spin-off frå UiT, og det er formelt sett den som har fått 25 millionar kroner frå EU, i den aller første tildelinga frå EIC Transition-programmet. Tidlegare har Ahluwalia fått ERC Starting Grant i 2013, og ERC Proof-of-Concept i 2017 og 2019. Dei ferske midlane skal brukast på å vidareutvikle og kommersialisere ideen: ein chip som gjer det mogleg å kjapt og billig sjå inn i celler og virus.

– Me er utroleg glade, dette er «serious money», seier Ahluwalia.

No kan dei jobbe vidare med å utvikle og teste ein meir robust prototype, finne fleire tilsette og starte marknadsundersøkingar for å finne dei beste bruksområdane for chipen.

Styrkar bedrift og samarbeid

Dagleg leiar (CEO) i Chip NanoImaging, Jon Kristian Hagene, seier prosjektet vil styrke bedrifta på både vidareutvikling av produkt og ikkje minst på marknadsarbeid der tilbakemeldingar frå brukarar er svært viktige element.

Med seg på laget har dei Karolinska Institutet, som skal teste korleis chippen kan nyttast innan patologi, og EMBL, eit av Europas leiande laboratorium, som skal gjere eit større testprogram for avanserte mikroskopbrukarar innan livsvitskap.

– God forsking kan verte god forretning.

UiT har lenge hatt eit sterkt elektro-optikkmiljø og i dette prosjektet vil i tillegg institutt for informatikk bidra med utvikling innan kunstig intelligens for å prosessere bildedata slik at systema blir endå meir brukarvennlege.

– Tildelinga er ein sterk indikasjon på at EIC deler vårt syn om at det er eit stort marknadspotensial for brikkebasert nanoskopi og at me har et særs godt prosjektteam, seier Hagene.

Ei kvinne og tre menn poserar for kamera. Juletre i bakgrunna.
TEAMET: Frå venstre Merete Storflor (applikasjonsforskar), Jon-Kristian Hagene (CEO), Øystein Ivar Helle (CTO) og Balpreet Singh Ahluwalia. Foto: Jon-Kristian Hagene.

Inspirasjon for andre på UiT

Prorektor for forsking og innovasjon, Camilla Brekke, er storfornøgd med at eit oppstartsfirma som nyleg har spunne ut frå UiT evner å hente inn heile 25 millionar til eit innovasjonsprosjekt. Ho trur ikkje det er tilfeldig at det er akkurat forskingsgruppa innan optikk og nanoskopi som har lykkast.

 –  Forskingsmiljøet der er samla sett svært dyktige på å hente inn eksternfinansiering, særleg frå EU. Her har fleire forskingsmiljø ved UiT òg ei moglegheit til å hente inspirasjon, når vi no skal styrke innsatsen vår og kompetanse på innovasjonsfeltet, seier ho.

Kan sjå inn i virus

Mikroskopiske bilete av ei levercelle.
FORSKJELLEN: vanleg mikroskopbilete til venstre, nanoskopi til høgre. Foto: Chip NanoImaging

Sjølve ideen til Ahluwalia bygger på såkalla nanoskopi, kor ein med spesielt utstyr kan sjå objekt som er mindre en det  som er fysisk mogleg med tradisjonelle optiske mikroskop. Den oppfinninga fekk Nobelprisen i 2014, og gjer det mogleg å sjå inn i celler og sjå individuelle molekyl. Til dømes er eit Covid-19-virus 150 nm stort, og ikkje mogleg å sjå med tradisjonelle mikroskop som berre kan sjå ned til 200-250 nm. Med nanoskopi kan ein sjå objekt heilt ned til 20 nm, ein enorm forbetring. Chipen til Ahluwalia gjer denne teknologien mindre, enklare å bruke og rimelegare.

 – Det har teke nesten eit tiår, og enda er det nokre år igjen før me har eit ferdig produkt. Dette er framleis dei første skritta, seier Ahluwalia.

 

Ikkje frykt kommersialisering

UiT-professoren er oppteken av at i nokre felt må forsking og kommersialisering gå hand i hand.

 – God forsking kan verte god forretning. Gjennom kommersialisering ser ein korleis produkta kan verte brukarvennleg og fungere i ein marknad. Ein skal ikkje vere redd for kommersialisere, seier Ahluwalia.

Ahluwalia vil òg framheve utmerka støtte frå Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Norinnova AS og Norsk Elektro Optikk AS under arbeidet med prosjektsøknaden. Han legg vidare til at panela som evaluerer prosjekt i EU anerkjenner både teknologi og team og dessutan marknadsmoglegheitene for on-chip nanoskopi.

Og fire tildelingar frå EU er ikkje nok. EIC-programmet er tredelt – Pathfinder, Transition og Accelerator – kor Transition handlar om overgangen frå forsking til kommersielt produkt og Accelerator om å vidareføre det kommersielle produktet.

– Me håper å få EIC Accelerator om nokre år, seier han sjølvsikkert.

Ikkje vert forbausa om han lykkast.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 03.03.22 16:15 Oppdatert: 03.03.22 16:14
Naturvitenskap Teknologi
Vi anbefaler