Tryggare og betre infrastruktur for forsking

Før jul fekk 22 infrastruktur-prosjekt tilskot frå Forskingsrådet. UiT er partnarar i sju av disse prosjekta, som alle skal gjere det lettare å ta vare på og dele forsking og forskingsdata.

Eit datasenter, med ein server
På denne serveren kan det ligge enorme mengder biodata. Foto: Espen Ali Johansen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 17.01.22 13:06 Oppdatert: 31.01.22 09:39
Om UiT

Forsking produserer ofte uhorvelege mengder data som mange andre òg kan ha nytte av. Men det er ikkje gjort i ein fei å dele data på ein god måte. Avhengig av korleis dei er organisert, om dei inneheld sensitiv informasjon eller kva format dei har, kan det vere ei stor utfordring å ta vare på og dele det ein har produsert med andre forskarar. Berre mengda data kan i seg sjølv vere eit problem.

Eit europeisk nettverk for datadeling

Portrett av ein mann med briller.
ELEXIR-sjef Nils P. Willassen Foto: UiT

Nils-Peder Willassen er professor ved Senter for bioinformatikk, og leiar UiT sitt arbeid med ELIXIR – eitt av programma som no har fått tilskot. Han framhevar kor viktig god infrastruktur er for forsking og kor mykje det betyr at Forskingsrådet satsar på det:

– Vi jobbar med å gjere såkalla «livsvitskapelege data» frå medisin og bioforsking tilgjengeleg for alle. Då må vi ha eit godt system som gjer det mogleg å systematisere, standardisere og trygge data, i tillegg til å ha gode og sikre måtar å dele dataa på, seier han.

ELIXIR bygger og held ved like databasar, tek inn nye datasett og harmoniserer dei, slik at dei kan nyttast av andre forskarar: store mengder biologiske informasjon som til dømes genom, proteinstrukturar og anna data frå medisinsk forsking på både menneske, dyr og plantar. Nyleg samarbeidde ELIXIR med Folkehelseinstituttet om å ta vare på og spreie data om det sekvenserte genomet til COVID-19-viruset. Utan slik infrastruktur kunne det vore mykje vanskelegare å utvikle nye vaksinar og anna behandling.

Vi er nøydde til å bygge system som gjer oss klar til å handle raskt og spreie kvalitetssikra data trygt og effektivt.

ELIXIR Noreg er eit samarbeidsprosjekt mellom alle dei største universiteta i Norge, og er ein del av det europeiske ELIXIR-nettverket som består av 180 institusjonar og 700 menneske frå heile Europa.

Breitt løft for UiT-forsking

– Det er svært gledeleg at Forskingsrådet no gjer midlar til forskingsinfrastruktur, og at UiT deltar i heile sju av søkerkonsortia, seier prorektor for forsking og utvikling, Camilla Brekke.

Portrett av ei kvinne med gul jakke.
FORNØGD: Prorektor Camilla Brekke. Foto: UiT / David Jenssen

– Det er òg gledeleg å sjå at det er ei god breidde av forskingsmiljøa våre som får eit løft gjennom denne ordninga, seier ho.

Det er verkeleg ei variert portefølje av prosjekt ho kan glede seg over. Blant prosjekta finn ein både biodatabasar, mikroskopi til e-helse, ei nasjonal sky for kunstig intelligens, og eit digitalt register for historiske data som til dømes kirkebøker. Brekke håper alle prosjekta kan løfte forsking både ved UiT og i resten av Noreg, og at så mange som mogleg kan ta i bruk god infrastruktur for si forsking.

– Til dømes Sigma2, ei generisk infrastruktur for datalagring og tungrekning eg håpar fleire vil ta i bruk, sier Brekke.

Slik kan ein og sjå korleis prosjekta jobbar saman; ELIXIR nyttar mellom anna Uninett Sigma2 for å lagre sine data.

Klar for neste pandemi

ELIXIR startar no på fase 3 i si utvikling. Det kjem stadig nye og betre metodar for å harmonisere og dele data, og dei må halde tritt med utviklinga. Dei har god erfaring med det, sidan ELIXIR Norge bygger på eit nasjonalt samarbeidsprosjekt som har fremma samarbeid og framifrå forsking i 20 år.

Arbeidet i slike prosjekt kan og gje opphav til nye prosjekt som kjem verda til gode. Willassen fortel at dei no er med i eit anna program som nettopp fekk 12 millionar euro for å sjå på korleis vi kan forberede oss på den neste pandemien.

– Vi er nøydde til å bygge system som gjer oss klar til å handle raskt og spreie kvalitetssikra data trygt og effektivt, seier han.

Her er alle UiT-prosjekta som fekk tilskot:

ELIXIR3 - Strengthening the Norwegian Node of ELIXIR - UiB (UiT, NTNU, NMBU, UiO)

Biobank Norway 4 - a National Biobank Research Infrastructure - NTNU (UiT, UiB, UiO, NTNU, Helse N, Helse V, Helse S-Ø, Helse M, Kreftregisteret, FHI, OUS)

Norwegian Nuclear Magnetic Resonance Platform 2 - NTNU (UiO, UiB, UiT, SINTEF)

Norwegian Advanced Light Microscopy Imaging Network Phase II - UiO (UiB, NTNU, UiT, OUS)

E-INFRA 2020 - A National e-infrastructure for Science UNINETT SIGMA2 - (UiO, UiB, NTNU, UiT)

Norwegian AI Cloud - UiO (NTNU, UiB, UiT, UNINETT Sigma2 (UiA, NORCE))

Historical Registers - NR (FHI, UiT, SSB, Arkivverket, NB)

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 17.01.22 13:06 Oppdatert: 31.01.22 09:39
Om UiT