Bevis på at små organismar i Arktis overlev mørketida under havisen

Viktige grupper av dyreplankton under havisen som planktiske foraminiferer og pteropoder med skal, vart undersøkt gjennom polarnatta i desember 2019. Vi ville sjå korleis dei takla havforsuring og oppvarming av Polhavet. Dei har det fortsatt bra!

Ein prøve av dyreplankton med der vi ser avskala pteropoder I midten av petriskåla.
Ein prøve av dyreplankton med der vi ser avskala pteropoder I midten av petriskåla Foto: Katarzyna Zamelczyk/Arctic Ocean Diversity
Publisert: 19.11.21 13:43 Oppdatert: 25.11.21 22:24
Arktis Bærekraft Hav Klima Naturvitenskap

– Planktiske foraminiferer og pteropoder med skal er viktige grupper av dyreplankton i alle hav. Desse marine organismane brukar kalsiumkarbonatmineralar som er tilgjengelege i havvatnet for å bygge skjela sine, og er derfor viktige indikatorar på havforsuring. Endringar i havkarbonatkjemien og pågåande havforsuring gjer at mange delar av havet vert ikkje metta med desse mineralane, noko som påverkar organismanes evne til å produsere og vedlikehalde skjela sine, seier Katarzyna Zamelczyk som er forsker ved CAGE.

Under mikroskopet arten Limacina retroversa samla inn i Nansenbassenget (stasjon P6).
Under mikroskopet arten Limacina retroversa samla inn i Nansenbassenget (stasjon P6). Foto: Katarzyna Zamelczyk/Arctic Ocean Diversity

Dessutan er planktiske foraminiferer og skaldyr viktige bestanddelar av næringsnett og bidreg betydeleg til den vertikale fluksen av kalsiumkarbonat i polare pelagiske økosystem.

– Å studere desse marine organismane kan bidra til å utforske korleis akvakultur, fiskeri og næringsnett kan endre seg dersom havmiljøet endrast, seier Zamelczyk. 

Men korleis greier organismar seg i raskt skiftande omgjevnadar?

I den nye publiserte forskinga frå Arven etter Nansen prosjektet, gav no for fyrste gang informasjon om overflod og mangfald av planktiske foraminiferer under isen og avskala pteropoder og vertikal utbreiing i Nansenbassenget og det nordlege Barentshavet under polarnatta i desember 2019. Dei to gruppene av forkalkninger vart undersøkt i ulike miljø for å sjå korleis dei taklar endringar av fysiske og kjemiske eigenskapar i polhavet under havisen. 

– Førekomsten av skjela petropoder under havisen minna meir om den overfloden vi finn i det opne hav, seier Zamelczyk.

Dessutan vart den polare pteropod-arten Limacina helicina, som i hovudsak presentert som unge individ funne i overflatevatnet (0–50 m djup) som viser ein preferanse mot kaldt polarvatn med temperaturar under -0,4C. Dette tydar på at organismane som vart studert takla dei tøffe forhalda, legg ho til.

Førekomsten av foraminiferer var generelt svært låg i studieområdet, berre ein litt høgare førekomst vart registrert i nærleiken av polarfronten.

Fortsatt ikkje nok data

Overflod av levande pteropoder var midlertidig markant lågare enn førekomsten av tomme skal av larveformer til pteropoder. Meir forsking og data er naudsynt for å forklare dynamikken til desse planktiske forkalkningene under arktisk vinter.

– Likevel gir denne studia eit unikt bidrag til vår forståing av mellomsesongmessige variasjonar til planktiske foraminiferer og skjela pteropoder sin overflod, distribusjon og populasjonsstorleik i Polhavet, konkluderer forskaren.

Zamelczyk presenterte sitt nye arbeid på årsmøte til Arven etter Nansen i oktober i år.
Zamelczyk presenterte sitt nye arbeid på årsmøtet til Arven etter Nansen i oktober i år. Foto: Charlotte Stark/UiT

REFERANSAR: 

Katarzyna Zamelczyk (UiT), Agneta Fransson (NPI) , Melissa Chierici(IMR), Elizabeth Jones (IMR), Julie Meilland (MARUM), Griselda Anglada-Ortiz (CAGE) and Helene Hodal Lødemel (IMR). Lenkje: https://doi.org/10.3389/fmars.2021.644094

Publisert: 19.11.21 13:43 Oppdatert: 25.11.21 22:24
Arktis Bærekraft Hav Klima Naturvitenskap
Vi anbefaler