vår 2022:    NOR-6005 Fleirspråklegheit - 15 stp

Søknadsfrist

Søknadsfrist 01.03 på http://udir.no/vidareutdanning (Gir stipend-/vikarmiddel) Søknadsfrist/registreringsfrist ca. 15.05. på http://uit.no/evuweb (Restplassar) Sjå http://uit.no/ilp/evu for meir informasjon

Emnetype

Vidareutdanning av lærarar for 8.-13. trinn . Nettbasert.

Emnet er berre mogleg å ta for studentar som har fått opptak til norsk 2 for 8.-13. trinn via UDIR.


Opptakskrav

•    Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.

•    Fullført norsk 1 eller tilsvarende 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.

Deltakarane må vere i eit tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

NOR-2024 Flerspråklighet 10 stp
HIF-2012 Flerspråklighet 5 stp
NOR-3024 Flerspråklighet 10 stp

Innhald

Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv. Fleirspråklegheit i skolen vil bli særleg vektlagt, og emnet gjev også ei innføring i sentrale didaktiske problemstillingar for arbeid med fleirspråkligheit i skolen.

Kva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane har:

•    kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.

•    kunnskap om rettar og vilkår for fleirspråklegheit i skolen slik det blir uttrykt i opplæringslova, Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020 og i internasjonale avtalar.

Ferdigheiter

Studentane kan:

•    skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring

•    bruke ny teknologi for å fremje fleirspråklegheit i skolen

•    gjennomføre ei empirisk undersøking rundt eigen undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema

Generell kompetanse

Studentane kan:

•    bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk. Språk på arbeidskrav: nynorsk Språk på eksamen: nynorsk Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk. Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.

Undervisning

Undervisninga er nettbasert og gjeven i form av fem tematiske modular. Mellom kvar modul skal studentane delta i fem webinar på zoom der det blir føresett aktiv deltaking i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Studentane skal i tillegg møtast i faste studiegrupper.

Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen:

•    Studenten skrive ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord. Teksten blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.

•    Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt. Presentasjonen blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent

Eksamen består av følgande:

•    Sju dagar heimeeksamen. Eksamen skal vere på omlag 3000 ord og skal skrivast på nynorsk.

Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.  

Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


  • Om emnet
  • Studiested: Nettbasert |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: NOR-6005