UiT lyser ut sju leiarstillingar

Dekanstillingar ved seks fakultet og direktørstillinga ved Noregs arktiske universitetsmuseum er no lyst ut.

Dronebilde av UiT i Breivika, tatt på vinteren
UiT er på leiarjakt, og vil gjerne ha søknad frå deg som vil bli dekan eller UMAK-direktør. Foto: Screen Media
Publisert: 17.06.21 15:25 Oppdatert: 17.06.21 15:57
Om UiT

Dekanen er dagleg leiar og talsperson for fakultetet si faglege og administrative verksemd. Dekanen har personalansvar for prodekan(ar), fakultetsdirektør og instituttleiarar, og rapporterer sjølv til rektor. Som ein del av UiT si leiargruppe skal dekanane bidra til god samhandling og heilskapleg leiing av universitetet si verksemd.

Dekanane er ein del av universitetet øvste leiing og eit viktig bindeledd til fakultetet og institutta, som utgjer UiT si drivkraft innan forsking og utdanning.

– Desse stillingane leier grunneiningane til universitetet og er samtidig ein del av den utvida universitetsleiinga. Både i og utanfor UiT finnast det mange dyktige leiarar, som eg håper vil sjå på dette som ein svært interessant utlysing, seier rektor Anne Husebekk.

Stillingane er ledige frå 1. januar 2022. Dei er alle på åremål for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ytterlegare to fireårsperiodar etter utlysing.

Åremålsstillinga som direktør ved Universitetsbiblioteket (UB) varer ut 2022, og inngår difor ikkje i denne utlysinga.

Her finn du utlysingane, som alle har frist 8. august:

Direktør ved Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag
Dekan ved Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Dekan ved Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Dekan ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Dekan ved Det helsevitenskapelige fakultet
Dekan ved Det juridiske fakultet


Kortnytt fra Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Det juridiske fakultet, Det helsevitenskapelige fakultet