Ein million til studentprosjekt ved UiT

Mange lokale ønsker å delta på opplevingar som kvalsafari, hundekøyring og RIB-tur, men synast det er for dyrt. No får Akti, som spring ut av Handelshøgskulen ved UiT, stønad frå forskingsrådet til å utvikla ein app som gjer det mogleg å selja siste-liten-billettar. 

Spekkhoggere
Å få se spekkhoggere på nært hold, er en stor opplevelse for både turister og lokalbefolkningen i Tromsø. Foto: Britt Kramvig/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 27.04.21 11:10 Oppdatert: 25.05.21 13:13
Bærekraft Om UiT Reiseliv Samfunn og demokrati Studentliv / Studier

Måndag vart det kjent at startupen Akti Opplevelser AS, som spring ut frå miljølet ved Handelshøgskulen ved UiT, er eit av 24 gründerprosjekter som får stønad frå Noregs forskingsråd. Bak prosjektet står Sigurd Birk Hansen og Preben Lund som begge er masterstudentar i innovasjon, leiing og marknad ved UIT, og IT-utviklar Martin Mastermo Jenssen i Bodø. Appen gjer det mogleg for reiselivsbedrifter å selja siste-liten-billettar til ein lågare pris til lokalbefolkninga dersom dei har ledig kapasitet. Inntekter selskapa elles ikkje ville ha fått.

Preben Lund (t.v.) og Sigurd Birk Hansen er begge studenter på master i ledelse, innovasjon og marked ved Handelshøgskolen, UiT. Foto: privat
Preben Lund (t.v.) og Sigurd Birk Hansen står bak appen Akti. Foto: privat Foto: privat

Alle prosjekta som har fått stønad frå forskingsrådet er leda av studentar ved norske universitet og høgskular, og dei får ein million kroner kvar gjennom STUD-ENT-ordningen. Ved UiT har Norinnova bistått studentane i søknadsprosessen.

Mange gode prosjekt

– Studentinnovasjon er viktig for å skapa morgondagen sitt næringsliv og nye grøne arbeidsplassar. Vi må hjelpa dei som har ein god idé til å tora å satsa, for då kan vi skapa mange fleire bedrifter og arbeidsplassar. Innovasjon og ny teknologi skal hjelpa oss med å omstilla Noreg i det grøne skiftet, og gründerspirar blant studentane treng vi fleire av. Eg er glad for å sjå at så mange gode prosjekt får stønad, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding frå forskingsrådet.

For Akti sin del skal pengane frå forskingsrådet brukast til å utvikla teknologien bak appen deira.

– Appen bidrar til at lokalbefolkninga i større grad enn før kan ta del i det turistnæringa tilbyr, fordi prisen vert lågare, samstundes som reiselivsnæringa får ei ekstra inntekt på sete som dei elles ikkje ville fått selt, seier Sigurd Birk Hansen, som er leiar for gruppa bak Akti.

Dei meiner appen på den måten gjer reiselivet meir berekraftig, at han bygger bruer mellom lokalbefolkninga og reiselivsnæringa og dermed forbetrar trivselen i lokalsamfunnet, at den gjer høgare lønnsemd for bedriftene og at dei lokale kundane blir gode ambassadørar fordi dei sjølve får gode opplevingar. 

I første omgang omfattar appen bare reiselivet i Tromsø, men på sikt er målet at han skal fungera over heile Noreg.

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 27.04.21 11:10 Oppdatert: 25.05.21 13:13
Bærekraft Om UiT Reiseliv Samfunn og demokrati Studentliv / Studier
Vi anbefaler