Stormaktskonfliktane i nord – det historiske perspektivet

Uttrykket «nordområda» vart først brukt av utanriksminister Knut Frydenlund på 1970-talet, i ein samanheng der den kalde krigen hadde gått inn i ein avspenningsperiode og det handla om å byggja ut samarbeidsrelasjonar i nord. Norge stod på terskelen til å etablera 200 mils økonomisk sone og til å normalisera livet på Svalbard, med flyplass og opning for større aktivitet.

Portrett Hallvard Tjelmeland
Hallvard Tjelmeland er historiker ved UiT Norges arktiske universitet. Foto: Stig Brøndbo/UiT

Mot slutten av 1970-talet hardna den kalde krigen til att, men vi kan merka oss at det var i denne perioden med sterkt auka spenningsnivå at Norge og Sovjetunionen etablerte det samarbeidet om forvaltning av dei enorme fiskeressursane i Barentshavet som har pågått heilt opp til i dag og har vist seg så vellukka.

Eit epokegjerande nytt vendepunkt var prosessen som enda med at den kalde krigen gjekk i oppløysing ved inngangen til 1990-talet. Gorbatsjovs Murmansktale i 1987 var ein viktig del av dette i nord, både politisk og symbolsk. Her tok han til orde for det som har blitt kalla for «desikkerheitisering» i Arktis, at Arktis ikkje lenger skulle vera prega av militarisering og av at alle spørsmål vart sett inn i ein tryggingssamanheng. Nå var tida inne til å satsa på sivilt samarbeid og på å utnytta dei økonomiske ressursane i det høge nord.

Her vil eg likevel peike på eit viktig atterhald som prega dei norsk-sovjetiske relasjonane i nordområda under den kalde krigen: Rett nok var Norge medlem av Nato og dermed under atomvåpenparaplyen til hovudantagonisten til supermakta Sovjetunionen, supermakta USA. Men Norge hadde på bakgrunn av erfaringane frå sluttfasen av den andre verdskrigen, då Norge vart ståande aleine med sin allierte Sovjetunionen i nord mens vestmaktene konsentrerte seg om krigen på kontinentet, trekt den konklusjonen at ein allianse med dei vestlege stormaktene måtte kombinerast med lågspenning og best mogleg relasjonar til stormakta i aust. Dette var grunnlaget for det som har blitt kalla dei sjølvpålagde restriksjonane på natomedlemskapet etter 1949. Viktigast var basepolitikken, at det ikkje skulle vera utanlandske basar i Norge i fredstid, men det var også fleire andre restriksjonar på Nato-aktivitet, først og fremst i nord. Det norske natomedlemskapet hadde altså ein dobbel botn, for å nytta eit omgrepspar frå statsvitaren Johan Jørgen Holst, seinare forsvarsminister: «Avskrekking» (amerikanske atomvåpen) og «beroligelse» (lågspenningspolitikk i nord).

Etter den kalde krigen har det vore norsk nordområdepolitikk å institusjonalisera tillitsbygging i nord med tanke på samarbeid om utvikling gjennom to institusjonar: Barentsregionen (oppretta 1993) og Arktisk råd (oppretta 1996). Dette skaut fart frå 2005. Våren 2005 kom den aller første nordområdemeldinga, frå regjeringa Bondevik 2 («Muligheter og utfordringer i nord»). Nordområdepolitikken vart følgd opp, med langt større tyngde og entusiasme, av den nye raudgrøne regjeringa som kom om hausten same år, lansert av utanriksminister Jonas Gahr Støre i Tromsø i november 2005 under den talande overskrifta «Et hav av muligheter». Alt i 2006 kom den første meldinga frå denne regjeringa, den første i ei lang rekke, og i stigande grad overtok «Arktis» som signalord for «Nordområda».

Og det var på ingen måte tilfeldig. Frå dette tidspunktet kom ein arktisk bonanza, der utsiktene til økonomisk gevinst som følgje av global oppvarming var drivaren. Arktisk råd vart rusta opp og fekk fast sekretariat i Tromsø i 2013, ein by som nå stod fram som det norske sentrum for Arktis. Dei åtte faste medlemmene – dei nordiske landa, Canada, USA og Russland – utvikla alle arktiske strategiar, og dei fekk følgje av fleire og fleire observatørar – slike som Kina, Singapore og India. I 2008 slutta «dei indre fem» – dei arktiske kyststatane Norge, Russland, Danmark (på grunn av Grønland), Canada og USA som grensa til Polhavet – rekkene med den såkalla Ilulissaterklæringa, der dei erklærte å stå på havrettens og inngåtte avtalars grunn. Dette skjedde blant anna fordi det var press frå EU om å få ein traktat for Arktis som den som gjaldt for Antarktis, noko som ville undergrava dei arktiske kyststatane sine rettar. Toppen på denne arktiske konsolideringa kom då Norge og Russland omsider i 2010, etter 40 år, vart samde om grenselinja i Barentshavet.

Det såg lyst ut, men mørke skyer skulle samla seg i horisonten. Det eine gjaldt Russlands stigande ambisjonar som stormakt under Putin. Det var tendensar til militær styrkeoppbygging i nord, og etter den russiske anneksjonen av Krim i 2014 kom det sanksjonsregimet som Norge slutta seg til og som framleis gjeld. Den norske regjeringa har heile tida sagt at dette ikkje burde slå inn i dei arktiske relasjonane, men det har kome endringar også i norsk forsvars- og tryggingspolitikk som ytterlegare gir næring til spiralen av auka spenningar og forsterka fiendebilete. Det er gode grunnar til å sjå det slik at den viktigaste av alle restriksjonar på det norske Nato-medlemsskapet, basepolitikken, er oppgitt. Det er også gode grunnar til å sjå det slik at forsvarspolitikken i mindre grad enn tidlegare er basert på eit sterkt nasjonalt forsvar og «beroligelse» og meir på å tilpassa den norske forsvarsstrukturen til «avskrekking».

Mange vil nok håpa at regjeringa med den nye nordområdemeldinga legg til grunn at det må meislast ut ein arktisk politikk som bryt desse farlege utviklingstendensane. Ei slik nyorientering kan trekka vekslar på viktige erfaringar frå den kalde krigens dagar. Den norske lågspenningspolitikken var basert på at Sovjetunionen sin politikk i nord var tryggingsorientert, heller enn basert på ekspansjonisme. Slik er det nok også for etterfølgjaren Russland. I ein interessepolitisk samanheng er Russland ein svært viktig partnar i forvaltninga av Barentshavet. Russland utgjer dessutan halve det arktiske arealet, har to tredjedelar av den arktiske befolkninga og langt meir utvikla industriell aktivitet i Arktis enn dei andre arktiske statane. Interessefellesskapet mellom Russland og Norge i Arktis er slik større enn med andre statar, når vi ser bort frå våre nordiske naboar.

Opprinnelig publisert i Nordnorsk debatt.
Portrettbilde av Tjelmeland, Hallvard
Tjelmeland, Hallvard hallvard.tjelmeland@uit.no Professor emeritus i det 20. hundreårets historie
Publisert: 04.06.20 15:20 Oppdatert: 01.03.21 15:27
Opprinnelig publisert i Nordnorsk debatt.
Innlegget er en del av UiT sitt Forskerhjørne, hvor forskere ved UiT formidler sin egen forskning.
Forskerhjørnet Arktis Samfunn og demokrati
Vi anbefaler