Dag Rune Olsen engasjert i 15 prosent stilling

Dag Rune Olsen er engasjert i 15 prosent stilling som seniorrådgjevar ved UiT  frå 1. februar og fram til han byrjar i rektorstillinga 1. august i år.

Dag Rune Olsen, campus Tromsø, Labyrinten
Dag Rune Olsen Foto: Jørn Berger-Nyvoll
Publisert: 27.01.21 11:12 Oppdatert: 27.01.21 11:23
Om UiT

Styringsmodellen til UiT Noregs arktiske universitet vil frå og med 1. august 2021 bli endra frå todelt til einskapleg leiing. Fram til den nye ordninga trer i kraft er det ein del arbeid som må gjerast, mellom anna å greie ut funksjonar og samansetting av rektorat og ny universitetsleiing.

Som påtroppande rektor skal Dag Rune Olsen vere inkludert i dette arbeidet, og difor er han no engasjert i 15 prosent stilling som seniorrådgjevar. At den påtroppande rektoren vert konsultert i arbeidet er noko universitetsstyret ved UiT ytra ønske om i styresak S 33/20 Etablering av ordning for styring og leiing på institusjonsnivå. Saka vart handsama 27. august i fjor.

– Dag Rune Olsen startar i eit engasjement frå og med 1. februar fordi det er naudsynt å få førebudd saker som styret har bestemt at ny rektor skal involverast i. I mars skal universitetsstyret ved UiT handsame forslag til organisering av det nye rektoratet, og i perioden frå april og framover skal arbeid med å rekruttere nye leiarar starte. Påtroppande rektor må delta i dette arbeidet. Å starte nokre månader før rektorperioden tar til, vil òg gje Olsen tid til å gjera seg godt kjend med UiT, både fagleg og administrativt, seier universitetsdirektør Jørgen Fossland.

Som seniorrådgjevar vil Olsen få lønnstrinn 80, noko som utgjer 817 000 kroner i året for tilsvarande full stilling.

Universitetsstyret vedtok 16. desember i fjor å tilby Dag Rune Olsen stillinga som rektor ved UiT. Han er tilsett for ein periode på fire år.

Publisert: 27.01.21 11:12 Oppdatert: 27.01.21 11:23
Om UiT