Prøveforelesing og doktordisputas i informatikk 30.10.2020 - Anders Tungeland Gjerdrum

Master i teknologi / Sivilingeniør Anders Tungeland Gjerdrum held prøveforelesing og vil offentleg forsvare si Ph.D.-avhandling fredag 30. oktober 2020.

Fuglesteg, Jan
Publisert: 23.10.20 08:25 Oppdatert: 23.10.20 08:55

 
Prøveforelesing
Master i teknologi / Sivilingeniør Anders Tungeland Gjerdrum held prøveforelesing om oppgjeve tema for Ph.D.-graden i realfag, fredag 30. oktober 2020 kl 10:15.

Tittel: " TEEs for Blockchain "

Disputas - Ph.D.-graden
Master i teknologi / Sivilingeniør Anders Tungeland Gjerdrum vil fredag 30. oktober 2020 kl 12:30 offentleg forsvare Ph.D.- avhandlinga:

" Diggi: A Distributed Serverless Runtime for Developing Trusted Cloud Services "

Avhandlinga er publisert i Munin og tilgjengeleg her: https://hdl.handle.net/10037/19607. Trykte eksemplar vert også lagt ut i Auditorium 1.022, Teknologibygget før disputas.

Publikum
Prøveforelesinga og disputas vert strømma via Mediasite: https://mediasite.uit.no/Mediasite/Catalog/Full/6cb328eda8874e179db699cefb6ec7bc21

Både prøveforelesing og disputas finn stad i Auditorium 1.022, Teknologibygget. UiT fylgjer nasjonale retningsliner for smittevern. Det vert difor tillete maksimalt 20 personar eksklusiv komite og kandidat tilstade i auditoriet under prøveforelesing og disputas gjeve at reglar for smittevern og avstand på 1 meter vert halde.

Som bedømingskomité for disputasen er følgjande oppnevnt:

  • Førstelektor Hamed Haddadi, Dyson School of Design Engineering, The Faculty of Engineering, Imperial College London, Storbritannia (1. opponent)
  • Førsteamanuensis Leander Nikolaus Jehl, Institutt for data- og elektroteknologi, Det teknisk- naturvitenskapelige fakultet, Universitetet i Stavanger (2. opponent)
  • Professor Randi Karlsen, Institutt for informatikk, UiT (internt medlem og komitéleiar)
  • Førsteamanuensis Dilip K. Prasad, Institutt for informatikk, UiT (settemedlem)

Opponentane vil delta digitalt frå distanse.

Disputasen vert leia av professor Arne O. Smalås, dekan ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiT Norges arktiske universitet.

Rettleiarar for Anders Tungeland Gjerdrum har vore:

  • Professor Dag Johansen, Institutt for informatikk, UiT (hovudrettleiar)
  • Professor Robbert van Renesse, Computer Science Department, Cornell University, USA
  • Førsteamanuensis Håvard D. Johansen, Institutt for informatikk, UiT
Fuglesteg, Jan
Publisert: 23.10.20 08:25 Oppdatert: 23.10.20 08:55
Vi anbefaler