Etterlengta opning av legesenteret på Kraft
Etter nokre månader som luftvegsklinikk under koronasituasjonen, er det frå 5. august endeleg klart for oppstart som planlagt av det nye legesenteret på Kraft ved UiT i Tromsø.
Men ting skjer. Som eit ledd i førebygginga av koronasmitte, valgde Tromsø kommune heller å bruke lokala til å etablera ein luftvegsklinikk. Dette mellom anna ved hjelp av studentar frå medisin, sjukepleie, paramedisin og biomedisin, som gjorde stor nytte samtidig som dei fekk verdifull arbeidserfaring.
Etter tre månader som luftvegsklinikk, flyttar kommunen no denne klinikken til ei brakke utanfor legevakta.
Dermed kan legesenteret på Kraft no endeleg opna med drift som planlagt frå 5. august.
Senteret vil være ope for studentar, tilsette og befolkninga elles og vil oppfylla mange ønske frå både UiT, Tromsø kommune og Noregs arktiske studentsamskipnad.
Det melder lege Katrine Wennevold, som seier ho er svært glad for endeleg å kunne opna som planlagt.
Studentane har lenge ønskt seg lege tettare på campus, og legestudentane treng meir praksis, seier Wennevold.
I tillegg til Wennevold, jobber to andre fastleger ved senteret. Listene for å velje lege blir opna på helsenorge.no no i juli.