UiT med ei høg mengde doktorgradar

I 2019 vart det avlagt 122 nye doktorgradar ved UiT.

Rolland, Tomas
Publisert: 01.04.20 16:20 Oppdatert: 15.04.20 10:12

Hanne Heszlein-Lossius på podiet.
Ei av dei som disputerte i 2019 var Hanne Heszlein-Lossius, ho hadde disputasen sin i ph.d.-grada i helsevitskaplege fag 23. august 2019. Foto: David Jensen

– Vi er særs glad for at vi held nivået på talet på avlagde doktorgradar frå dei siste åra. Dette er høgt utdanna personar med ein kompetanse og kunnskap som landsdelen og landet treng, seier Kenneth Ruud, prorektor for forsking og utvikling ved UiT Noregs arktiske universitet.

  I 2019 fordelte disputasane ved UiT seg slik:

  • 120 ph.d. (68 kvinner, 52 menn)
  • 1 dr. philos. (mann)
  • 1 i program for kunstnarisk utviklingsarbeid (kvinne)

Talet på doktorgradar har dei siste åra vore høgt, og både i 2017 og 2018 vart det avlagt 118 ph.d.-disputasar, medan det i 2019 då vart avlagt 120 ph.d.-disputasar.

Ny rekord nasjonalt

Det er Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) som førar den nasjonale statistikken for talet på nye doktorgradar, og i 2019 vart det avlagt 1583 doktorgradar ved norske læresteder, som er det høgaste talet hittil.

Den nasjonale auken frå 2018 til 2019 på vel 1 prosent er likevel noko svakare enn dei siste par åra då den årlege auken har vore omkring 5 prosent.

Kjønnsbalansen var jamn blant dei nye doktorane i 2019, men det er framleis store forskjellar på fagområdenivå. Utanlandske statsborgarar stod for 40 prosent av disputasane i 2019, som er ned to prosentpoeng frå året før.

Les meir om saka og sjå statistikken her.

Rolland, Tomas
Publisert: 01.04.20 16:20 Oppdatert: 15.04.20 10:12
Vi anbefaler