Haust 2020: NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for internasjonale studenter - 10 stp
Emnetype
Emnet er eit tilbod til internasjonale studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Emnet gir ikkje kompetanse til å undervise i norsk skole.
Emnet kan takast som enkeltemne.
Emnet overlappar med NOR-2013 Nordiske språk. Dersom studenten seinare tar emnet NOR-2013, fell studiepoenga for NOR-2023 bort.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag). Du treng ikkje oppgje kva for emne du søker opptak til.
Tilrådde forkunnskapar: Forkunnskapar i norsk tilsvarande NOR-0100 Norsk språk, litteratur og kultur for internasjonale studentar, og kunnskapar tilsvarande språkemna på 1000-nivå i nordisk (NOR-1020, NOR-1021 og NOR-1022)
Innhald
Kurset gir eit generelt oversyn over Norden som språkområde i fortid og nåtid der dei nordiske språka blir sett i relasjon til kvarandre. Kurset gir dessutan ei nærare innføring i eitt eller fleire av dei nordiske språka dansk, svensk, islandsk og færøysk. I kurset kan ein ta opp både språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) og språksosiale tilhøve (språkkontakt, talemålsvariasjon og skriftspråknormering). Kva for nordisk(e) språk og kva for perspektiv som vert vektlagde, kan variere frå semester til semester.Kva lærer du
Etter greidd emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- oversyn over viktige språklege skilnader mellom dei nordiske språka
- innblikk i korleis dei språksosiale tilhøve er for dei ulike nordiske språka
- djupare kjennskap til eitt eller fleire nordiske språk utanom norsk
- betre forståing for norsk og den norske språksituasjonen sett på bakgrunn av tilhøva elles i Norden
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- gjere greie for hovudtrekka ved dei nordiske språka og ved dei språksosiale tilhøva i Norden
- gjere meir utdjupande greie for det eller dei tema som har vore særleg vektlagde i kurset
- skrive eit vitskapleg arbeid om emnet
Undervisning
Hausten 2020: Undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.studentframlegg.
Kvalitetssikring av emne:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) om ei avgrensa tema frå pensum innan ein fastsett frist. Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Eksamen består av:
Ei vekes heimeeksamen over oppgitt tema utan rettleiing. Oppgåvesvaret skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråket er valfritt: norsk, svensk eller dansk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd. Det vert ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det vert òg stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Vurderingsuttrykk:
Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.
- Om emnet
- Studiested: Tromsø |
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: NOR-2023
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur