UiT inngår samarbeid med Hæren

UiT Noregs arktiske universitet og Hæren har signert ein intensjonsavtale om gjensidig kunnskaps- og kompetanseutvikling.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 03.03.20 11:30 Oppdatert: 03.03.20 13:06

Avtalen signeres av Eirik Kristoffersen, generalmajor i Hæren og Anne Husebekk, rektor ved UiT. Foto: Jonatan Ottesen/UiT

Avtalen skal mellom anna ta vare på Hærens behov for tilgang på sivil utdanning. Samarbeidet mellom Hæren og UiT er eit ledd i Regjeringas strategi for å revitalisera totalforsvaret i Noreg.

– Eit moderne forsvar har kontinuerleg behov for å fornya eigen kompetanse og å bidra til ein brei forankring av Forsvarets behov i samfunnet. Hæren treng tilgang på sivil utdanning for å fylla opp det totale kompetansebehovet sitt. Vi ser på kompetanseutveksling med UiT som eit viktig element i denne samanhengen, seier generalmajor Eirik Kristoffersen.

– Naturleg med ein avtale

Frå eit vinterpatruljekurs i Troms.
Frå eit vinterpatruljekurs i Troms. Foto: Ole-Sverre Haugli/Forsvaret

Hæren består av militært og sivilt tilsette og vernepliktige soldatar som avtener førstegongsteneste. I fredstid består Hæren av i underkant av 10 000 personar. Tyngdepunktet er i nord, med utgangspunkt i Hærens garnisonar i indre Troms og to større garnisonar i Finnmark. Det er derfor naturleg at Hæren inngår ein avtale med UiT, meiner UiT-rektor Anne Husebekk.

– Som breiddeuniversitet med aktivitet fordelt på ti studiestader i landsdelen, er UiT ein sentral bidragsytar til ei kunnskapsbasert utvikling i samfunnet. UiT skal levera utdanning og forsking av høg kvalitet, sikra god tilgang på utdanning i landsdelen og bidra til utvikling av velferd, verdiskaping og omstilling i samfunnet, seier Husebekk.

Avtalen opnar for samarbeid med alle fakultet og institutt ved UiT med relevant kompetanse og aktivitet for Hæren. Målet er å starta opp eit pilotprosjekt med nokre utvalde fagtilbud ved UiT allereie til hausten.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 03.03.20 11:30 Oppdatert: 03.03.20 13:06
Vi anbefaler