Bereknar smitteutvikling av koronavirus i Kina – frå Tromsø

Professor i matematikk, Martin Rypdal, fortel at vi trulig ikkje har sett toppen av epidemien enno. Det viser ein prognose han har komme fram til basert på matematiske modellar.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 05.02.20 14:43 Oppdatert: 11.02.20 10:30

Professor Martin Rypdal. Foto: Jonatan Ottesen

– Det er dessverre for tidleg å konkludera med at «toppen er nådd». Vi håper sjølvsagt det, men det er ikkje noko i den førebelse utviklinga som tyder på det. Viss den eksplosive utviklinga held fram mot månadsskiftet, vil det totale talet på ramma blir mangedobla. Det er dette som er den beste spådommen vår, men samstundes ser vi at dette er veldig, veldig usikkert, og det er viktig å få fram, fortel Martin Rypdal, som er professor ved Institutt for matematikk og statistikk.

I det nyoppretta DYNAMO-senteret ved UiT Noregs arktiske universitet jobbar han og andre forskarar no med å utarbeida meir realistiske matematiske modellar der dei bruker dei ferskaste data som er tilgjengelege for å laga betre prognosar.

Målet er å berekna den framtidige utviklinga i koronautbrotet i Kina.

– Dette er ikkje noko vi ville gjort elles, men vi er nysgjerrige på kva vi kan finna ut ved hjelp av dei matematiske likningane vi allereie har, seier han.

Sjå òg: Dette bør du vite om koronavirus

Får testa ut matematiske modellar

Rypdal har, saman med George Sugihara ved University of California, tidlegare nytta dei same matematiske modellane til å predikera (føreseie) utviklinga av dengue-feber. Å rekna på utviklinga av koronaviruset er likevel heilt annleis sidan tempoet er eit heilt anna, fortel han:

– Det er uvant for oss å berekne noko om eit pågåande utbrot. Samstundes er det eit veldig interessant område, og ein måte å få ordentleg testa ut om vi har gode nok modellar. Ved å gjera dette kan vi få svar på kor brukbare desse modellane er i verkelegheita.

For å kunna bruka dei matematiske modellane (ikkje-lineære modellar), trengst ei mengde data. Mellom anna kor smittsamt viruset er, kor lang inkubasjonstida er og kva for nokre preventive tiltak som er sett i gang i Kina. Det siste er vanskelegare å talfesta. Rypdal og kollegaene har tatt utgangspunkt i ein framgangsmåte som ei gruppe kinesiske forskarar har utarbeidd for nokre veker sidan.

– Det vi ser er at utbrotet allereie er større enn dei kinesiske forskarane kom fram til.

Veit fasit om nokre månader

Koronavirus. Kjelde: Wikimedia. Foto: CDC/Alissa Eckert, Dan Higgins

Å kunne føreseia korleis eit sjukdomsutbrot vil arta seg, vil vera nyttig i framtida. Varsel og prognosar kan bli meir presise. Ein veit ikkje heilt kor godt metodane vi har i dag fungerer i praksis, men i Tromsø vonar ein at dei matematiske modellane deira skal bidra til utviklinga av forbetra verktøy. 

– Det vil bli interessant å sjå i ettertid om vi får rett i berekningane våre. Eg vil anta at vi er veldig nært toppen av utbrotet i Kina, for ting tyder på at talet på smitta ikkje veks like mykje som det gjorde i starten. Men vi veit ikkje endeleg fasit på dette før om lag eit par månader, påpeikar Martin Rypdal. 

Å seia noko om koronavirusutviklinga på verdsbasis kan han likevel ikkje.

­ – Det er frykteleg mykje vanskelegare å føreseia den utviklinga. Transport av virus er eit ekstremt komplisert fagfelt, men også veldig interessant, avsluttar han.

Les også: Disse skal bidra til å løse vår tids største utfordringer

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 05.02.20 14:43 Oppdatert: 11.02.20 10:30
Vi anbefaler