EU-prosjekt skal gjera ph.d.-utdanninga meir næringslivsretta

Det ferske EU-prosjektet DocEnhance skal bidra til at ph.d.-utdanninga i Europa blir meir tilpassa arbeidsmarknaden utanfor akademia. Prosjektet blir leia frå UiT.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.01.20 08:01 Oppdatert: 25.03.20 14:30

Første samling for deltakarane i DocEnhance var denne månaden ved UiT i Tromsø.. Foto: Jonatan Ottesen

Click here for the english press release.

DocEnhance er eit samarbeid med utdanningsinstitusjonar og sterke aktørar frå ikkje-akademisk sektor over heile Europa. Dei samarbeider for å forbetra ph.d.-utdanninga og gjera ho meir tilpassa arbeidsmarknaden utanfor akademia. Startskotet for samarbeidet gjekk no i januar og det skal vera i gang i 36 månader.

Prosjektet er ikkje eit forskingsprosjekt. Målet er å forme eit nettverk mellom aktørar som jobbar innanfor same felt, og å samla ressursar og gode føredøme på ei plattform som er gratis og lett tilgjengeleg. Då kan alle læra kva ein kan gjere for å utdanne ph.d.-kandidatar som stiller godt førebudde for arbeidsmarknaden.

– Vi har sett at det ikkje er så lett for ph.d.-kandidatar å få seg jobb i arbeids- og næringsliv utanfor akademia, og det vil vi freiste å gjere noko med.

Det seier Hanne Risan Johnsen, som er prosjektleiar og seniorrådgjevar ved Noregs fiskerihøgskule, UiT.

Berre 20–30 prosent får jobb i akademia

Ho fortel vidare at denne jobb-utfordringa oppstår fordi ph.d.-utdanning i Noreg - og i mange andre land - i dag er spesialiserte inn mot jobb i akademia:

– Samstundes er det berre mellom 20–30 prosent av alle som gjer ferdig ein ph.d.-grad som får jobb i akademia. Resten må ut og skaffe seg arbeid ein annan stad. Då oppstår eit gap mellom kva folk er utdanna til og kva for kompetanse arbeids- og næringslivet treng. Det gapet ønskjer vi å lukka, fortel ho vidare.

Risan Jonsen har sjølv opplevd dette då ho var ferdig med doktorgraden i 2014.

– Eg opplevde at arbeidsgjevarane der ute ikkje visste kva for kompetanse ein ph.d.-kandidat har, og vi kandidatane er kanskje ikkje nok førebudde til å forklare korleis forskarkompetansen kan nyttast i arbeid utanfor akademia. Denne bakgrunnen gir eit ekstra engasjement for prosjektet.

15 land er med

Hanne Risan Johnsen hadde likevel ikkje sett føre seg at det skulle bli eit stort EU-prosjekt ut av det.

– Nei, det hadde eg ikkje. Men veldig mange såg potensial i prosjektet og dei har vore veldig positive til å bidra.

DocEnhance har fått ein million euro i EU-midlar, og har 19 partnarar frå 15 land.

– I prosjektet er det 11 universitet, men vi har òg fått med andre sentrale aktørar, som Adecco, NHO og Eurodoc,  seier prosjektleiaren.

Fokus på dei viktige eigenskapane

Tidlegare denne månaden kom alle prosjektdeltakarane saman i Tromsø til ein første workshop. Saman skal dei finne ut kva for eigenskapar og kvalifikasjonar som vert viktige i jobbsøkinga til ph.d.-kandidatane, såkalla «transferable skills».

– Vi veit at nokre av desse eigenskapane er viktige i dei fleste jobbar. Det kan til dømes vere kommunikative evner eller leiarskap. Kan hende må ein få dette inn i opplæringsdelen til ph.d.-utdanninga. Eller ein må satse meir på karriereutvikling og entreprenørskap. Nokre av universiteta er ganske gode på dette allereie, og då må vi sjå korleis vi kan lære av deira gode føredøme, fortel Risan Johnsen.

Sidan dette er eit internasjonalt prosjekt gir det moglegheiter for å læra av både tverrfagleg og kulturelt føredøme, slik at det kjem studentane til gode.

– Vi skal lage ein online-del som gjer opplæringa i «transferable skills» tilgjengeleg kvar som helst. Gjennom modular for open undervising, tverrfaglegheit og mobilitet, får vi utnytta konseptet til prosjektet. Vi ser føre oss å få til ein auka intersektoriell mobilitet for ph.d.-kandidatane, avsluttar Hanne Risan Johnsen. 

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.01.20 08:01 Oppdatert: 25.03.20 14:30
Vi anbefaler