Her er vinnarane av UiT sine sentrale prisar

Åtte tilsette og eit forskingsmiljø fekk i dag vel fortent heider og ære for sin mangeårige innsats på ulike felt.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 20.11.19 12:03 Oppdatert: 20.11.19 19:01

Alle prisvinnarane 2019: F.v. prorektor Wenche Jakobsen som delte ut prisane, Trond Østrem, Bjarte Hoff, Laina Dalsbø, Karin Strand Johannessen, Alexander Tøsdal Tveit, Marcus Buck, Marit Westergaard, Karin Andreassen (CAGE), Malcolm Jobling og universitetsdirektør Jørgen Fossland (delte ut prisane). Foto: Jonatan Ottesen

Heile sju prisar vart delte ut på Arbeidsmiljødagen i Tromsø 20. november: arbeidsmiljøprisen, formidlingsprisen, forsking- og utviklingsprisen, innovasjonsprisen, likestillingsprisen, pris til yngre forskar og utdanningsprisen.

Vanlegvis er det berre arbeidsmiljøprisen som vert delt ut på Arbeidsmiljødagen, men i år er første gong alle prisane vert delte ut samstundes.

Til saman var det 49 nominerte til prisane, og til slutt var det desse som gjekk sigrande ut:

Karin Strand og Laina Dalsbø fikk i år arbeidsmiljøprisen. Foto: Jonatan Ottesen

Arbeidsmiljøprisen                                                          

Det er Arbeidsmiljøutvalet som deler ut arbeidsmiljøprisen, og han går i år til Laina Dalsbø og Karin Strand Johannessen.

Dei arbeider som overingeniør ved Institutt for arktisk og marin biologi, og med arbeidsoppgåver som i hovudsak er knytte til det akvatiske fagmiljøet og forskingsgruppa i ferskvatn-økologi. Dei to har i ein kvinnealder gjort - og gjer framleis, ein framifrå innsats for eit inkluderande, trygt og produktivt arbeidsmiljø ved instituttet og faggruppa. 

Bak nominasjonen står både kollegaer og studentar ved instituttet og ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak), og dei skriv: ”Vi vil spesielt framheve Laina og Karins arbeid knytt til helse, miljø og sikkerhet. Dei har implementert nye HMS-tiltak med stor entusiasme og kreativitet, inkludert etablering av ein ny standard for sikkert arbeid under vanskelige feltforhold. På eige initiativ har dei utarbeidet presentasjonar om HMS for lokal opplæring og har "oppdratt" fleire generasjoner av studentar, stipendiatar, professorar og gjesteforskarar i viktige normer for sikkerhet og godt arbeidsmiljø”.

Marcus Buck fikk formidlingsprisen ved UiT for 2019. Foto: Jonatan Ottesen

Formidlingsprisen

Vinnaren av formidlingsprisen 2019 er førsteamanuensis Marcus Buck, Institutt for samfunnsvitskap.

Buck har i fleire tiår formidla kunnskap om demokrati og samfunnsutvikling til lokale, nasjonale og internasjonale media. Han formidlar òg vanskeleg stoff om statistikk og kvantitativ metode til studentar og ålmenta, mellom anna gjennom video, som studentane er særs nøgde med. Eit søk hos medieanalysebyrået Retriever gjev over 2000 treff på Marcus Buck dei 15 siste åra. Ordet ”nei” finn ein ikkje i Marcus sitt vokabular og han stiller opp uavhengig om det er ei studentforeining eller Urix som spør.

Dei siste åra har han markert seg som Noregs fremste ekspert på spansk politikk og situasjonen i Catalonia. Fordi han kan noko om dei aller fleste val og valordningar, kan han samstundes – og i likskap med sin gamle studiekamerat Frank Aarebrot, formidla relevant kunnskap til ålmenta om nesten kva det skal vera som handlar om demokrati og samfunnsutvikling.

– Først og fremst vil eg takka dei som har nominert meg. Eg visste ikkje noko om det. Eg trudde at for å få formidlingspris i dag så måtte ein i alle fall vere på sosiale media og der er jo ikkje eg i det heile tatt. Men eg synes det er fantastisk å få denne prisen og set stor pris på det, sa Marcus Buck.

 

Marit Westergaard fikk forsking- og utviklingsprisen. Foto: Jonatan Ottesen

Forsking- og utviklingsprisen

Forsking- og utviklingsprisen går i år til professor Marit Westergaard ved Institutt for språk og kultur.

Ho leiar eit av flaggskipgruppene ved UiT, og har tidlegare leda CASTL (eit Senter for framifrå forsking). For tida leiar Westergaard eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, og i 2019–2020 skal ho vere gruppeleiar ved Senter for grunnforsking.

Marit Westergaard har samla sett gjort en uvurderleg innsats for å byggje opp og styrke fagmiljø ved universitetet og for å forsterke UiT si stilling som ein verdsleiande aktør innan språkvitskap. I tillegg til dette har arbeidet og innsatsen hennar bidrege til at UiT no òg har eit verdsleiande forskingsmiljø innan forsking på språktileigning og språkleg variasjon. Dette gjer ho til ein særs verdig kandidat til å få forsking- og utviklingsprisen 2019 ved UiT.

– Eg er veldig, veldig glad for denne prisen! Det er fint å bli sett og satt pris på av sine næraste. Utan den støtta og tiltrua eg og forskingsmiljøet har fått frå dekanen og instituttleiaren min, hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Miljøet har jobba hardt for å vere verdsleiande, men òg for å vere inspirerande og inkluderande. Det gjer det artig å gå på jobb, sa Marit Westergaard i sin takketale.

Bjarte Hoff og Trond Østrem fikk innovasjonsprisen for 2019. Foto: Jonatan Ottesen

Innovasjonsprisen

Innovasjonsprisen 2019 går til førsteamanuensane Trond Østrem og Bjarte Hoff ved Institutt for elektroteknologi. 

Kandidatane vart nominerte for innsatsen deira i prosjektet GMV Zero, den første heilt elektriske røktarbåten i verda, utvikla i samarbeid med Grovfjord Mekaniske verksted (GMV). Erfaringa og kunnskapen deira har vore ein nøkkel til suksess for prosjektet, og dei har vist ei eineståande evne til å nytte forskingsbasert kunnskap til løysning av praktiske problem, i tett dialog og samarbeid med eit aktivt føretak. Dette har bidrege til å skape eit godt og innovativt miljø for samhandling mellom næringsliv og akademia, noko som er eit eksempel til etterfølging.

Prosjektet GMV Zero samsvarer godt med UiT sin strategi og tematiske satsingar på energi, klima, samfunn og miljø, samt teknologi. Prosjektet bidrar òg til at Noreg kan nå mål og forpliktingar ein har teke på seg gjennom Kyoto- og Parisavtalen, meiner dei som står bak nominasjonen. Kandidatane sin innsats er òg ein personifisering av UiT sine verdiar – truverd, nærleik, kreativitet og engasjement.

Trond Østrem og Bjarte Hoff har gjort ein formidabel jobb og har lykkast i utviklinga av den første elektriske brønnbåten i verda, noko som er eit solid bidrag til å redusere utslepp og forureining i ei næring som er sentral i vidare samfunnsutvikling i Noreg.

– Vi vil takke medarbeidarane våre for å gje oss arbeidsrom til å gjere det vi gjer. Grovfjord Mekaniske skal òg ha stor takk for at dei turte å tenkje store tankar, og for å ha hatt tiltru til oss.

Det sa Trond Østrem i takketalen.

Leiar Karin Andreassen tok på vegne av CAGE imot likestillingsprisen av direktør Jørgen Fossland. Foto: Jonatan Ottesen

Likestillingsprisen

Likestillingsprisen går i år til Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate (CAGE).

CAGE har utmerka seg ved å vere både i forskingsfronten og i likestillingsfronten.

Den første leiaren av senteret, Jürgen Mienert, var særs medviten når det kom til rekruttering, og han søkte difor aktivt etter kvalifiserte kvinner til alle stillingar. Senteret har sidan oppstartinga hatt god kjønnsbalanse på alle nivå.

Med mange unge tilsette har det vorte født 18 babyar. Dette har ikkje sinka CAGE i å vere heilt i forskingsfronten. I same periode er det publisert 301 artiklar; 27 av dei i Nature og fem i Science.

CAGE har fått likestillingsprisen for å vise at god kjønnsbalanse og mange babyar ikkje er til hinder for å vere i forskingsfronten.

CAGE-leiar Karin Andreassen tok imot prisen og ho var strålande fornøgd:

– Det er ei ære å ta imot denne prisen. I vårt fagfelt er det vanlegvis 25 prosent kvinner. Ved CAGE har vi alltid vore minst 50 prosent kvinner innan alle faggruppene. Det er 75 prosent kvinner i leiargruppa, og vi har heile vegen hatt høg publisering. Det viser at ein kan ha eit familieliv samstundes som ein held topp kvalitet på forskinga. Og eit godt arbeidsmiljø har ofte god kjønnsbalanse.

Alexander Tøsdal Tveit fikk pris til yngre forskar. Foto: Jonatan Ottesen

Pris til yngre forskar

Denne prisen går i år til forskar Alexander Tøsdal Tveit ved Institutt for arktisk og marin biologi.

Tveit har sidan han kom til Tromsø markert seg som eit framifrå forskartalent. Han har fokus på kvalitet i forskinga og meistrar òg andre viktige arbeidsområde. Tveit har hatt suksess både i Fripro og Tromsø forskningsstiftelse (TFS), og han har fått finansiering til å byggje si eiga forskingsgruppe.

Vidare fekk han og kollegaer stor merksemd i pressa for oppdaginga av bakteriar som et klimagassar. Forskinga hans gjev viktige bidrag til kunnskap om arktisk klima og miljø, og det treff kjernen av UiT sin strategi ”Drivkraft i nord”.

I tillegg til å ha ein brennande entusiasme for fagområdet, er Alexander Tøsdal Tveit ein inspirator og ein inkluderande person som tek vare på og fremmar godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.

Malcolm Jobling fikk utdanningsprisen 2019 ved UiT. Foto: Jonatan Ottesen

Utdanningsprisen

Utdanningsprisen for 2019 går til professor Malcolm Jobling ved Institutt for arktisk og marin biologi.

Jobling er ein ypparleg og dedikert lærar, og ein fantastisk ressurs for både Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak) og UiT Noregs arktiske universitet. Han er alltid ein av favorittane hjå bachelorstudentar og veit korleis han skal motivere dei til å strekkje seg etter kvalitet og vitskapeleg grannsemd ved å gjere sin kunnskap lett tilgjengeleg.

Takka vere sine makelause, pedagogiske evner, har han fungert som mentor for fleire doktorgradstudentar på ulike nivå, mellom anna med sine entusiastiske bidrag til dei siste utgåvene av ”Forskar Grand Prix”.

Jobling er ei utømmeleg inspirasjonskjelde for kollegaer når det kjem til å skape forskingsbasert undervising av høgste internasjonale standard.

– Eg synes forsking er gøy, men undervising er endå artigare – og meir krevjande. Det er fordi undervising ikkje berre dreiar seg om å formidle kunnskap, men å gje studentane ei utdanning. Og det er meir enn berre undervising. Hugs – at om 10–15 år er publikasjonane dine gløymde. Din ”legacy” er studentane du har utdanna, sa Jobling i sin takketale.

Sjå òg:

Om UiT sine prisar og statuttar

Tidlegare prisvinnare ved UiT

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 20.11.19 12:03 Oppdatert: 20.11.19 19:01
Vi anbefaler