vår 2020:    LER-6003 Matematikk grunnemne, del 3 - Elevar sin læring i matematikk - 10 stp

Søknadsfrist

Høsten 2019

Emnetype

Emnet er eit grunnemne innanfor matematikkdidaktikk som blir undervist som ein integrert del av SUM-prosjektet.

Opptakskrav

Fullført lærerutdanning eller barnehagelærar/førskole-utdanning.

Innhold

Eit sentralt mål med emnet er at studentene skal få utvikle eit variert repertoar av undervisningsmåtar tilpasssa elevar si læring i ulike emne, slik at elevane sine haldningar og oppfatningar blir utvikla like mykje som deira matematiske kompetanse.

Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsresultat:

Kunnskap og forståing Studenten skal ha grunnleggjande kunnskap om

  • elevar sin læring i undersøkande arbeid i matematikk
  • elevar sin læring i og kunnskaper om ulike emne i matematikk
  • matematisk kompetanse, haldningar og oppfatningar
  • norske elevar sine prestasjonar i nasjonale og internasjonale undersøkingar

Ferdigheiter Studenten skal kunne

  • prøve ut ulike typar undervisning med fokus på elevar si læring i ulike emne som kan utvikle elevane sin kompetanse, deira haldningar og oppfatningar

Kompetanse Studenten skal

gjennomføre variert undervisning tilpassa elevar si læring i ulike emne, slik at både kompetanse, haldningar og oppfatningar blir utvikla.


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk.

Undervisning

Unvervisninga vil variere mellom utvikling av undervisning, evaluering av gjennomførte opplegg, og diskusjonar om forskningslitteratur.

Eksamen

Arbeidskrav Følgjande arbeidskrav må være godkjent før ein kan ta eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning

Presentere refleksjonar rundt gjennomført undervisningsopplegg på minst to samlingar, omfang 10-15 minutt på kvar.

Eksamen

Heime-eksamen der ein skriv eit fagleg essay basert på eigne elevar sine læringsprosessar. Oppgåve vert delt ut ei veke før innlevering.

Ved bedømming av eksamen nyttar ein karakterar etter ein skala fra A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.

Ved karakteren F/ikkje bestått kan ein ta kontinuasjonseksamen i byrjinga av neste semester. Arbeid kan leggast fram for ny sensur i omarbeidd eller supplert form.


Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: LER-6003