Trenar på fødselshjelp

Finnmarkssjukehuset held kurs med fødselsfantom. – På akkurat dette feltet er det vanskeleg å trene på levande folk, seier undervisar Ingrid Petrikke Olsen.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 12.06.19 11:00 Oppdatert: 13.06.19 16:32
Tromsø Hammerfest

Finnmarkssjukehuset hadde nyleg kurs for ambulansearbeidarar med fødselsfantomet. Foto: Finnmarkssjukehuset

For å betre forstå ein fødsel er det nyttig å ha ein modell. Denne modellen kallast eit fødselsfantom, og ved Finnmarkssjukehuset brukast denne flittig i kurs og undervisning av både lege- og jordmorstudentar.

– Ein fødsel føregår i ein tredimensjonal verd, forklarar Ingrid Petrikke Olsen, fyrsteamanuensis ved Institutt for klinisk medisin og gynekolog ved Finnmarkssjukehuset.

– Det kan vere vanskeleg å forstå ved å berre lese. På fødselsfantomet kan vi demonstrere korleis hovudet til barnet beveg seg gjennom bekkenet og samtidig roterer slik at forma på fosterhovudet og bekkenet si inn- og utgang passat i hop.

Vanskeleg å trene på menneske

Det kan oppstå komplikasjonar under fødslar. Blir det for eksempel dårleg fosterlyd og fosteret fort må ut, kan det bli forløyst med sugekopp.

– Då øver vi på ferdigheitar, korleis ein praktisk gjer ting. Då kan vi øve på korleis vi plasserer sugeklokka og kva handgrep vi skal gjere. Fødselshjelp er eit handverk, fortel Olsen.

Ein er ikkje i ein fødesituasjon aleine, men saman med den fødande kvinna, partner og anna helsepersonell. Då er det bra å få øva på å gjere dette i team, kven gjer kva og ikkje minst korleis ein kommuniserer med kvarandre.

– Det er greitt å få øva på noko som liknar på det verkelege liv, på akkurat dette feltet er det vanskeleg å øve på levande folk. Derfor er eit slikt fødefantom viktig, seier Olsen.

Mogleg å søkje midlar

Fødselsfantomet blei finansiert av Felles utdanningsutval Finnmark i 2018. No er det mogleg å søkje nye midlar for utvikling av utdanningsaktivitetar for helsefaglege utdanningar og fagutvikling i Finnmarkssjukehuset.

Det kan søkjast om inntil 200 000 kronar.

For meir informasjon: Send e-post til sekretær for utvalet Anne Tørseth.

NB! Søknadsfrist er 15. september 2019.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 12.06.19 11:00 Oppdatert: 13.06.19 16:32
Tromsø Hammerfest
Vi anbefaler