– Det skal vera trygt og godt å studera juss ved UiT

Etter #MeToo har juss-miljøet i Noreg samla seg om nye etiske retningslinjer for å hindra trakassering og diskriminering av studentar. 

Moe, Trude Haugseth
Publisert: 19.02.19 11:30 Oppdatert: 28.11.19 15:35
Tromsø

NYE RETNINGSLINJER: Dekanar på dei tre juridiske fakulteta, Dag Michalsen, Lena Bendiksen og Karl Søvig, står saman med leiar i Juristforeningen, Fredrik Agdestein, generalsekretær i Advokatforeningen, Merethe Smith, og president i Juristforbundet, Håvard Holm. Foto: UiT.

Torsdag vart «Etiske retningslinjer ved Dei juridiske fakulteta» lansert av dekanane ved dei tre juridiske fakulteta i Noreg, Juristforbundet, Advokatforeningen og representantar for studentforeiningane.

Retningslinjene er komne i stand etter at fakultetet i Oslo hausten 2017 vart kjend med hendingar der studentar var utsette for «uønskt seksuell merksemd eller seksuell trakassering». Dei nye retningslinjene gjeld for arenaer der jusstudentar treff kvarandre, representantar for fakultetet eller eksterne aktørar.

– Det er ein tryggleik for studentane at både Juristforbundet og Advokatforeningen er med, sa Lena Bendiksen, dekan ved Det juridiske fakultet ved UiT, under signeringa av dei nye retningslinjene i Oslo torsdag. Foto: UiO

Dekanen ved Det juridiske fakultetet ved UiT, Lena Bendiksen, deltok på signeringa i Oslo og er veldig glad for at juss-miljøet i Noreg no er samde om etiske retningslinjer. 

Ønsket mitt er at det skal vera trygt og godt å studera rettsvitskap i Tromsø! Målet er at ingen studentar skal oppleva diskriminering eller trakassering av noko slag, seier jusdekan ved UiT, Lena Bendiksen

Ho utdjupar:

– Ein skal ikkje oppleva trakassering; verken frå medstudentar, undervisarar eller andre ein i studiesamanheng kjem i kontakt med. Målet er at dei etiske retningslinjene og merksemda rundt dei, skal bidra til å førebygga slike hendingar og ansvarleggjere oss alle. Dersom slike hendingar skulle oppstå, vonar vi at det blir lettere å seia i frå, både for den som vert utsett for noko, men òg for oss andre som bør seia i frå eller gripa inn som kollega, medstudent eller arbeidsgivar, seier Bendiksen.

Ho meiner det er viktig å få desse retningslinjene på plass av mange grunnar.

 På initiativ frå studenter ved UiO

– Det er veldig viktig, dels for at studentane tok initiativ til dei, så dei var altså ønskte frå studenthold, noko som dessverre kan vitna om eit behov, seier Bendiksen, og viser til hendingar ved UiO, som var utgangspunktet til dei nye retningslinjene.

– Det er ingen løyndom at #metoo trefte det juridiske fakultetet i Oslo på en tydeleg måte i 2017. Samstundes hadde det juridiske fakultet ein viktig prosess med ein rapport om kjønn og kvinner i akademia som òg omtalte studentar, og vi fekk presseoppslag med studentar som hadde opplevd #metoo-situasjoner og upassande åtferd. Dette var ein vekkar for oss alle, sa dekan på juridisk fakultet i Oslo, Dag Michalsen, under signeringa av dei nye retningslinjene, ifølgje nettsidene til UiO. 

Nye retningslinjer gjeld òg kontakt med advokatfirma

Studentar ved dei juridiske fakulteta har mykje kontakt med ulike advokatfirma gjennom studiane. For mange er den kontakten ein integrert del av studiekvardagen, og kanskje en veg inn i arbeidslivet. Tidligare har ikkje den meir uformelle kontakten med næringslivet hatt nokon retningslinjer, då desse høva verken er omfatta av reglane som omhandlar praksis, eller er i regi av universiteta.

På et felles initiativ frå studentforeiningane og fakultetet vart det derfor sett i gang eit arbeid med å utarbeida felles retningslinjer som i særlig grad var tenkt å skulle gjelda relasjonane på arenaer der jusstudentar møter kvarandre, representantar for fakultetet og eksterne aktørar.

Skal vera trygt å vera i praksis

I Tromsø har alle jusstudentane ein obligatorisk periode ute i praksis, noko Bendiksen meiner gjer felles retningslinjer ekstra viktig.

– Retningslinjene er viktig fordi dei tre lærestadene står saman om å skapa trygge rammer, og særleg fordi vi har fått med to store medlemsorganisasjonar frå praksisfeltet. Studentane treff folk frå praksisfeltet i mange samanhengar. Det må vera trygt, og dei som møter studentar må vera klar over kva for ansvar dette inneber. For oss i Tromsø som har obligatorisk praksis på masterstudiet er retningslinjene særleg viktig, sidan vi i studiesamanheng sender alle våre studentar ut i møte med praksisfeltet. For meg er det viktig at retningslinjene har som mål å førebygga og forhindra, seier dekan Bendiksen.

I innleiinga til dei nye retningslinjene står det:

«Føremålet med retningslinjene er å forebygga og forhindra alle former for diskriminering, trakassering; herunder seksuell trakassering, mobbing, uønskte eller ubehagelege hendingar blant studentar. Retningslinjene skal særleg forhindra maktmisbruk og utnytting av studentar og deira sårbarheit i ulike relasjonar.»

Døme på situasjonar det gjeld for er undervisning og rettleiing, fadderveke, seminar og turar eller internfester og sosiale samankomstar.

Makt-ubalanse og alkohol

Juss-dekanen ved UiT meiner det er bra at retningslinjene er tydelege på at makt-ubalanse og alkohol kan auke risikoen for uønskte hendingar. At det i punkt 2 vert framheva at både utsegner og handlingar som har som føremål eller verknad å vera krenkjande vert omfatta, mener hun er svært viktig.

«Det kan ikkje vera mogleg å skjula seg bak at noko ikkje var meint slik, eller at det var ein spøk, seier Bendiksen.

 – I tillegg må det framhevast at rettssikkerheit og kontradiksjon er viktig i slike saker og sjølvsagt skal ein ta hand om det, legg Bendiksen til. 

Eg vonar at det nære og tette forholdet som eksisterer mellom studentar og tilsette ved Det juridiske fakultet ved UiT, skal fortsetja på ein måte som er trygg og god for studentane, og kor tilsette ikkje vert utsett for grunnlause klagar eller ryktespreiing, seier jussdekanen ved UiT.

– Eg vonar vidare at alle studentane vert godt handsama i møte med folk frå praksisfeltet, om det er i samband med undervisningsoppdrag, i praksisperioden, eller på middagar for å diskutere moglege traineeopphald, avsluttar Lena Bendiksen. 

Studentane nøgd med at "alle" er med

Fredrik Agdestein er leiar for Juristforeininga ved Det juridiske fakultet i Oslo. Dei var blant initiativtakarane til arbeidet med å laga desse etiske retningslinjene.

— Vi er veldig nøgde med at samarbeidet rundt desse retningslinjene vart så omfattande. No er «alle» med, og vi er sikre på at dette vil bidra til ein tryggare kvardag for studentar som skal ut i ulike typar situasjonar i bransjen, seier Agdestein til Khrono.

 

Moe, Trude Haugseth
Publisert: 19.02.19 11:30 Oppdatert: 28.11.19 15:35
Tromsø
Vi anbefaler