Ny lærarspesialistutdanning på UiT

Den prestisjefulle vidareutdanninga til lærarspesialist i matematikk kan sjåast på som eit løft for landsdelen.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 22.01.19 09:30 Oppdatert: 23.01.19 15:04
Tromsø

I desember vann Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP) ein anbodskonkurranse hos Utdanningsdirektoratet for å tilby lærarspesialistutdanning i matematikk for 1-10. trinn. Dette er ei av dei to fyrste lærarspesialistvidareutdanningane i Nord-Noreg, den andre ligg i Bodø.

Rådgjevar for etter- og vidareutdanning ved ILP, Sigurd Langseth Foto:
– Vidareutdanningane i matematikk held svært høgt nivå ved UiT, det viser både interne og eksterne evalueringar. Fagmiljøet sitt fokus på matematikkdidaktikk (korleis lære ting vidare, journ. am.) er landsleiande. Der må vi kunne skryte av oss sjølv, seier Sigurd Langseth, rådgjevar for etter- og vidareutdanning ved ILP.

Vil heve kompetansen

Den toårige vidareutdanninga skal bidra til eit kompetanseløft blant lærarar. Langseth understrekar at ho ikkje er oppretta for å dekkje eksisterande krav til lærarar.

– Utdanninga kan gje lærarar ny motivasjon og ein ny karriereveg i skulen. Dette vil heve kompetansen til matematikklærarar i nord, seier han.

Vidareutdanninga har 35 plassar, du kan søkje opptak til lærarspesialistutdanninga frå 1. februar. Søknadsfristen er 1. mars. Søknad sendast via Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Her kan du sjå lista over etter- og vidareutdanningar for lærarar.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 22.01.19 09:30 Oppdatert: 23.01.19 15:04
Tromsø
Vi anbefaler