Får millionar til betre psykisk helse for studentar

Studentanes helse- og trivnadsundersøking vis ein auke av studentar som slit psykisk. No får Studentsamskipnaden og Studentparlamentet stønad til arbeidet for betre psykisk helse og førebygging av rusproblem mellom studentar.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 11.01.19 14:35 Oppdatert: 11.01.19 14:46
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana

 Helsedirektoratet har gitt 18 millionar kronar i stønad til forskjellige studentsamskipnader, universitet, høgskular og studentorganisasjonar. Noregs Arktiske Studentsamskipnad har fått 1 690 000 kronar for prosjektet «Tettare på», medan Studentparlamentet UiT har fått 1 100 000 til det rusførebyggjande prosjektet «AnsvarsFull».

Prosjektleiar i AnsvarsFull er glad for midlar til å utvida prosjektet Foto: Mathilde Torsøe
- Dette betyr at vi får moglegheit til å utvida prosjektet enno mei, seier Ingrid Rabbe Larsen, prosjektleiar i «AnsvarsFull».

Mindre press i fadderveka

Rabbe Larsen fortel at plana vidare er å kartleggje behova for alle dei forskjellige campusane på UiT, og etter kvart få på plass ei 20 prosent-stilling for desse. «AnsvarsFull» arbeider allereie med rusførebygging i læringsmiljøa, og då spesielt opp mot fadderveka og studentforeiningane.

- Vi veit at kan vere mykje drikkepress i starten av studietida, og samarbeider med deltakarane i faddervekene om korleis ein inkluderer, og skapar ei god fadderveke for alle, seier ho.

Samstundes haldrar dei kurs for studentforeiningane, og om korleis ta den naudsynte samtalen.

- Det er kurs i korleis ein snakkar med nokon som ein trur har eit rusmisbruk. Altså der rusen begynn å gå ut over andre ting, seier Rabbe Larsen.

Har du problematiske kjensler rundt rus, eller noko anna som plagar deg, kan du ta kontakt med studentrådgivinga. Dei har teieplikt, og tek imot alle studentar ved UiT.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 11.01.19 14:35 Oppdatert: 11.01.19 14:46
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana
Vi anbefaler