Christian fekk foredra i Washington

Kva kan du gjera med ein simulator for det elektriske utstyret du har i bustadhus? Christian Andreas Bjerknes Nilsen fikk i haust presentera ein artikkel basert på masteroppgåva si i Elektroteknikk under den vitskapelege konferansen IECON 2018 i Washington DC.

Eidum, Espen Viklem
Publisert: 18.12.18 00:00 Oppdatert: 18.12.18 14:00
Narvik

Christian Nilsen under sin presentasjon ved IECON 2018 i Washington DC. Foto: Privat


Tidlegare masterstudent Christian Andreas Bjerknes Nilsen presenterte i haust ein artikkel basert på masteroppgåva si ved den vitskaplege konferansen IECON 2018 (The 44th Annual conference of the IEEE Industrial Electronics Society), som denne gong vart arrangert i Washington DC, USA.

Simulerar effektbruken

Christian fullførde mastergraden sin i Elektroteknikk sommaren 2018 ved IVT-fakultetet ved UiT i Narvik. Masteroppgåva hans omhandla ein simulator for elektrisk utstyr i bustadhus. Med ein slik simulator kan ein plukka ut alt det elektriske utstyret ein har i eit hus (10 LED downlight, 1 komfyr, 1 varmtvannsbereder, osv.) for så å simulera den effekten utstyret trekker. Det kan f.eks. brukast til å sjekka om det er mulig å installera ladestasjon for elbil utan at hovudsikringa går. Dersom det i framtida blir effektbaserte tariffar, blir straumrekninga større etter meir utstyr ein brukar samtidig. Då kan ein bruka ei slik simulering til å planlegga smart styring og oppnå redusert straumrekning.

Saman med rettleiar Bjarte Hoff, førsteamanuensis ved UiT i Narvik, deltok Christian på konferansen der presentasjonen hans vart godt motteken av forskingsmiljøet.

Christian Nilsen og rettleiar Bjarte Hoff, førsteamanuensis ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, nytta tida før og etter konferansen til å sjå meir av Washington. Foto: Privat

Utover eige arbeid, gav dei ulike presentasjonane eit godt innblikk i forskingsfronten innanfor kraftelektronikk og omformarteknologi. Bjarte presenterte òg ein artikkel basert på forsking innan modellprediktiv regulering.

Presentasjon gjev kontaktar

Ved å presentera dette på ein vitskapskonferanse som IECON, viser ein fram arbeidet til andre forskarar som kan ha nytte av det. Det kan også føre til at ein kjem i kontakt med personar som jobbar med tilsvarande problemstillingar som ein kan samarbeida med i framtida, samt at artikkelen blir tilgjengelig i ein database på internett. Reint personleg er det ein fordel å publisera om ein ynskjer å studere vidare til å bli forskar, sidan dette kan bli brukt i samband med jobbsøknad.
Konferansen i Washington DC gjekk over tre dagar og vart arrangert på det ærverdige «Omni Shoreham Hotel», som blant anna har husa innviingsball for mange amerikanske presidentar. Utover konferansen har byen mykje å by på i form av kjente stadar, monument, museum og andre attraksjonar, og tida før og etter konferansen vart nytta til å sjå så mykje av byen som mogeleg. 

Reisa vart gjennomført ved hjelp av prosjektet «Arctic Energy», som er finansiert gjennom EU-programmet Interreg Nord, og dessutan Nordland og Troms fylkeskommune.

Eidum, Espen Viklem
Publisert: 18.12.18 00:00 Oppdatert: 18.12.18 14:00
Narvik
Vi anbefaler