Alt du treng å vite om mørketida

Kvart år skriv aviser spalte opp og ned om mørketida og mørketidsdepresjon. Professor, psykolog og leiar i Forskingsgruppe helsepsykologi, Oddgeir Friborg, tek oss gjennom nokon av mytane og spørsmåla omkring temaet.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 26.11.18 11:00 Oppdatert: 22.11.19 15:40
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana

Bygninger på UiT Norges arktiske universitet, campus Tromsø, i mørketida
Mørketid på campus Tromsø. Foto: David Jensen

– Blir ein meir trøtt i mørketida?

Ja.

Fleire studiar visar at trøyttleik, slappheit og utmatting stig i mørketida.

– Påverkar det humøret – finst mørketidsdepresjon?

Tja.

Det er forskjellige funn på området, og det er diskutabelt i kva grad ein har mørketidsdepresjon. Studiane gjev ikkje sterke nok bevis, og nokon studiar avkreftar dette. Tunglynne og depressive symptom kan auke, men ikkje nødvendigvis i den grad at du treng behandling. Det kan gi meir utslag for dei som er meir sårbare for å bli deprimerte og nedstemde.

– Er mørketida verre for dei som bur i nord enn dei som bur i sør?

Ja, til ein viss grad.

Sørpå har dei meir lys på morgonen og dagen, og dei har lys lenger enn oss i nord. Sidan lyset er det som betyr mest for søvnregulering, så er det nok ein viss forskjell, men den er avgrensa. Det er ikkje så stor breiddegradsforskjell.

– Er det forskjell på korleis A- og B-menneske lar seg påverke?

Ja, til ein viss grad.

Type B-menneske er generelt meir vakne om kveldane, har meir innsovingsproblem og rapporterer meir sesongmessige svingingar i humør og aktivitetsnivå enn A-menneske. Desse svingingane synest å vere litt meir til stades hos B-menneske i mørketida, enn hos type A. Dette kan skuldast at deira biologisk styrte døgnrytmeklokke er mindre sensitiv for justeringar eller nullstilling av dagslys enn det som er tilfellet er for A-menneske.

– Er vi mindre effektive?

Usikkert.

Vi er meir trøytte i mørketida. Eg gjorde ei undersøkning på kognitiv prestasjon om korleis vi løyser oppgåver. Då var det ingen forskjell på mørketid og sommartid, så det talar imot. Mi gjetting er at om det er forskjell på effektivitet så er han avgrensa. Mange arbeidsplassar har god innandørsbelysning, og det hjelper jo på når det er mangelen på lys som påverkar oss.

– Blir ein betre av å ta solarium?

Professor, psykolog og leiar
i Forskingsgruppe helsepsykologi,
Oddgeir Friborg. Foto: UiT

Nei.

I solarium får du rett nok lys, men skal det hjelpe mot trøyttleik kan du ikkje ha augo igjen. Lyset skal stimulere augo dine. Søvnhormonet melatonin vert brote ned i blodet når lys treff augo, i solarium er augo tildekte så det hjelper ikkje. Skal ein eksponerast for lys må augo vere opne.

– Verkar mørketidslampar?

Ja, om du brukar dei på rett tidspunkt.

Gjer du det på feil tidspunkt vil du gjere det verre. Optimalt tidspunkt er to–tre timar etter at kroppstemperaturen er på sitt lågaste, ved normal døgnrytme er det rundt fire–fem på natta. Då må du bruke lampa mellom sju og åtte om morgonen. Har du forskyvd døgnrytme og legg deg to timar seinare, må du ta det mellom ni og ti. Skal lampa verke må du bruke han på det tidspunktet du normalt står opp. Her spelar jo tilstrekkeleg styrke og intensitet i lyset inn.

– Er det nokon effekt av d-vitamintilskott?

Usikkert.

Om vinteren drikk vi for eksempel tran for å få ekstra d-vitamin, det gjer ikkje dei som bur ved ekvator. Det er ikkje forska så mykje på om d-vitamin hjelp mot tunglynne og depressive symptom i mørketida, så om det har nokon effekt kan eg ikkje seie.

– Til slutt, når kan vi forvente å føle oss betre?

Det er ein kontinuereg prosess. Sola er ikkje tilbake i full styrke på soldagen, det tek nok ei stund før lyset har gunstig påverknad på døgnrytme og søvn. Det er vanskelig å gjette, men at det tek tre–fire veker etter soldagen ser eg ikkje bort frå.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 26.11.18 11:00 Oppdatert: 22.11.19 15:40
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana
Vi anbefaler