UiT-frukost: Samisk rettskamp forteld av kvinner

Fredagens UiT-frukost byr på førehandslytt på radiodokumentaren «I Elsa Laulas fotspor gjennom Sápmi – 100 år med samisk rettskamp».

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 21.11.18 15:00 Oppdatert: 22.11.18 10:32
Tromsø

Produsentene på besøk hos Inga Karlsen (83) på Drag i Tysfjord. Fra venstre: Eva Maria Fjellheim, Susanne Normann, Ingrid Fadnes, Astrid Fadnes. Bak: Inga Karlsen Foto: Privat

Elsa Laula Renberg er for mange i dag eit symbol på samisk kamp. For over 100 år sida var ho avgjerande pågangsdrivar for det fyrste samiske landsmøtet.

Dokumentaren tek for seg tema som kampen om naturressursar, kolonisering, fornorsking og rasebiologi til språk, kunst og kultur. Desse er saker som Elsa Laula kjempa for, og tema som framleis er aktuelle i dag.

- Det byrja med at vi ville jobbe ut frå et kvinnefokus. Ein muligheit til å la kvinner vere forteljarstemma i viktige samiske spørsmål, seier ein av produsentane bak, Eva Fjellheim.

Vil setja dagsorden

Dokumentaren kjem i fire episodar, og det er intervjua 23 kvinner i alle aldrar, frå forskjellige stader og med forskjellig

Radiokino:

 

Radiokino er når fleire er samla og lyttar til radio i same rom.

Dette kan for eksempel vere i ei stove, i eit klasserom eller i eit fjøs. Gjerne med dempa belysning.

Det einaste du treng for å nyta radiokino er gode høgtalarar.

yrkesbakgrunn. Produsentane kjem no til UiT-frukost med to av episodane for ei samlytting, eller radiokino som det og kallast.

- Dokumentaren er ikkje offentleg enno, så no presentere vi ferdige episodar i radiokino. Vi ønskjer å skape eit rom for lytting, noko vi tykkjast at trengs i samfunnet i dag. Samtidig ønskjer vi å setje i gang samtalen rundt den samiske historia. Vi treng ikkje venta på at Sannheits- og forsoningskommisjonen  skal starte sitt arbeide. Her kan vi lytte til andre sine historier og dele våre eigne, seier Fjellheim.

Fleire mogelegheiter

Bak dokumentaren finn vi Astrid Fadnes, Susanne Nordmann, Eva Fjellheim, Kjersti Kanestrøm Lie og Ingrid Fadnes. De vil alle vere til stede under frukosten. Etter lyttinga vil også Torjer Andreas Olsen, professor i urfolksstudiar ved Senter for samiske studiar, vere tilgjengeleg for spørsmål.

Påmeldinga til vekas UiT-frukost er allereie full, men det finns råd for dei som vil få med seg dokumentaren.

- På torsdag arrangerer dei ei gratis-lytting for to andre episodar på Verdensteatret. Vi forhandlar enno om dato for å offentliggjere dokumentaren, men han kjem ut før jul, forsikrar Fjellheim.

Fra venstre: Susanne Norman, Eva Maria Fjellheim, Astrid Fadnes, Kjersti Kanestrøm Lie og Ingrid Fadnes. Foto: Privat
Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 21.11.18 15:00 Oppdatert: 22.11.18 10:32
Tromsø
Vi anbefaler