Vil gjera rekefiske meir miljøvennleg

Ved inngangen til 90-talet revolusjonerte ein skillerist i trålen rekefisket, ved at han reduserte bifangst av andre fiske- og skalldyrarter. No har forskarane frå UiT som utvikla Nordmørsrista fått 20 millionar til ytterlegare forbetring av reketrålen.

Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Publisert: 21.08.18 07:00 Oppdatert: 10.01.19 14:54

 

Yngel som kjem inn i reketrålen kan skapa problem for fiskebestandar. Foto: Roger B. Larsen

Rista som forskarane i si tid utvikla, har ført til at heile 95 prosent av all fisk no vert leidd uskadd ut under fangstoperasjonen. Skillerista brukes derfor i rekefiskerier over hele verden. 

 

 

Forskarar frå Noregs fiskerihøgskule jobbar i samarbeid med SiNTEF, Havforskingsinstituttet og Møreforsking for å gjera rekefisket endå meir selektivt og dermed meir ressursvennleg. Foto: Roger B. Larsen

– Det er eit problem at yngel enno kjem inn i reketrålen, fordi det kan ha stor effekt på enkelte fiskebestandar, fortel Roger B. Larsen, forskar ved Noregs fiskerihøgskule. 

 

Må stoppa rekefisket

Larsen forskar på fangstmetodikk og har i si tid sjølv jobba på havet som fiskar. Larsen har forska på reketrål og andre fangstreiskapar i årevis.

Han fortel at styresmaktene må stoppa rekefisket nord for 62. breiddegrad gong på gong, fordi det er for høg innblanding av yngel av fisk (òg reker) i reketrålen. Både uer, snabel-uer og torsk, hyse og blåkveite har strenge krav når det gjeld innblanding, fordi artene er vorte vurderte som sårbare eller truga fiskearter.

Fangstreiskapsforskar Roger B. Larsen frå Noregs fiskerihøgskule. Foto: David A. Jensen

Samarbeid med fiskarar

Saman med kollegaer er han i tett samarbeid med rekefiskarar som er ute på havet. Dei prøver ut nye metodar som kan fungera for å minska yngel i trålen. Så langt har dei mellom anna testa ut effektane av LED-lys, ulike vinklar på rista, ulike maskestorleikar i trålposen og å løfta trålen delvis opp frå botnen.

– Fiskarane ligg føre oss forskarar i tankegangen fordi dei jobbar på havet minimum 12 timar om dagen, 7 dagar i veka, seier Larsen.

Han fortel at dei testar ut forslag frå fiskarane og dermed legg forskingsdata bak dei ulike metodane.

– Tilrådd fangst for det nordlege rekefisket ligg på 70.000 tonn, men dei siste åra har det berre vorte teke opp om lag 25.000 tonn, mykje på grunn av problemet med *bifangst av yngel og økonomien i fisket, seier Roger Larsen.

Selektive teknikkar

Det er òg eit problem at altfor små reker, såkalla undermålsreker, vert fanga i trålposen. Difor prøver Larsen og kollegaer å gjera rekefisket endå meir selektivt. Dei har allereie dokumentert at undermålsreker som vert sortert ut har gode høve for å overleva. Satsing på gode selektive teknikkar i rekefisket er prioritert satsing som er skissert i handlingsplanar hjå både Fiskeri- og Forskingsfondet til Havbruksnæringa (FHF) og Fiskeridirektoratet.

Internasjonal etterspurnad

Larsen fortel om ein stor internasjonal etterspurnad etter reker. Det er difor stor interesse frå næringa si side om å optimalisera rekefisket. Forskarane har sett seg mål om å skapa større tilgjenge til rekefelt som elles ville vore stengte, minska sorteringsarbeidet om bord, gjera rekefisket meir ressurs- og miljøvennleg, og å skapa eit lågare energiforbruk per kilo fanga reke.

Du kan møte Roger B. Larsen på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim 21.-24. august 2018, der han fortel meir om forskinga si på Forskingstorget.  

Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Publisert: 21.08.18 07:00 Oppdatert: 10.01.19 14:54
Vi anbefaler